Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. mars 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stølen på Hompedalen



På vestsida av Myklemyr skjer fleire trange gjel seg opp den stupbratte fjellsida. Eit gjel endar opp i den tronge og vanskeleg tilgjengelege Kvernadalen. Eit anna fører opp i eit vidare og opnare lende, meir som ein dal, kalla Hompedalen. Her hadde fleire gardsbruk på Myklemyr sommarstøl.

Hompedalen 2003. Det er tre sel og to tufter på <i>stølstråi.</i> I bakgrunnen Øvre Vigdal og Dalsdalen ned til Luster.

Hompedalen 2003. Det er tre sel og to tufter på stølstråi. I bakgrunnen Øvre Vigdal og Dalsdalen ned til Luster.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Hompedalen 2003

Stølen Hompedalen på ca. 750 m o.h., ligg på nordsida av Hompedøla, ved enden av ryggen mellom Kvernadalen og Hompedalen. Eit kort stykke nedom stølen er det godt utsyn mot heile Myklemyrgrenda.

Det står tre sel; to i rimeleg god stand, det tredje merka av forfall. Elles er det to hustufter, og eit do.

Stølsvegen

Stølsvegen tek av frå Myten heilt sør på Myklemyr, følgjer herifrå den gamle hovudveg-traséen nesten ned til det høgaste punktet på Haukåsen, tek så av og går vidare i sørvestleg retning skrått opp til Skardet på ca. 600 m o.h.. Her dreier vegen i nordvestleg retning, held fram skrått oppover og kjem fram på søre kanten av Hompedalen, går vidare i ein boge tvers over dalen fram mot stølen på nordsida. Dette var buforvegen og kløvjevegen. Men dei hadde også ein snarveg som gjekk meir beint opp frå Myten på nordsida av Hompedøla.

I 2003 er stølsvegen godt opptrakka og lett å følgja. To stader er han merka med retningsskiltet HOMPEDALEN.

Godt beite

I Hompedalen er det brattlendt med berg og sva, stein og urer, men framfor alt er her gode beite langt oppover mot den sør-nordgåande fjellryggen mellom Jostedalen og Tunsbergdalen. Dei kunne ha 25 - 30 kyr på beite her og 150 geiter. Dessutan hadde fleire budeier med seg gris, noko stadnamnet Grisahilleren like ved stølstråi er eit talande vitnemål om.

Dei støla på Hompedalen frå om lag 10. juli til fyrst i september, og heldt på med stølsdrift til inn på 1950-talet.
Femti år seinare er det sett opp ein saltstein attmed sela, for sauer på sommarbeite.

Vanskeleg med ved

Sidan heile Hompedalen ligg over tregrensa var det mykje arbeid med å skaffa fram stølsved. Dei skoga i i liene nedom stølen, men med tida vart vegen til veden stadig lenger og tyngre. Siste åra brukte dei drageline for å få veden fram til stader der det var råd å ta seg fram med vedbørene på ryggen.

Elles kan det sjå ut som dei også prøvde seg med torv som brenne. På stølsområdet er nokre små myrar der det er tydelege merke etter torvskjering.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR