Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegutbygging i Hyen



I 1900 var det til saman 21,5 km bygdevegar i austre og vestre Hyedalen. Vegane var smale kjerrevegar. Først frå 1930-åra vart det bygd bilvegar. Den viktigaste vegen var riksvegen mellom Hyen og Storebru i Flora kommune. Siste parsell mellom Løkkebø og Gloppen grense vart opna 20. juni 1963.

Det gamle klyngetunet for fem gardsbruk på Ommedal rundt 1912. Brua på bygdevegen i framgrunnen stod ferdig i 1894/95.

Det gamle klyngetunet for fem gardsbruk på Ommedal rundt 1912. Brua på bygdevegen i framgrunnen stod ferdig i 1894/95.

Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen. SFFf-1989004.0178

Datering: 1912.

Fotograf: Ukjend.

Krav om veg i vestre Hyedalen

I vestre Hyedal vart det bygd ein 10 km lang bygdeveg i 1860-åra. Vegen førte ikkje heilt til sjøen, men til Hopsvatnet. Vegen var dårleg, og det var problem med vedlikehald av både vegen og bruene. Kommunen fekk i 1897 søknad frå alle oppsitjarane i vestre Hyedalen med krav om å få vegen omlagt frå Heimset til Hope og ny veg vidare til sjøen i Hyefjorden. Dei tok på seg å gi fri grunn og trygd for jordskade osb. Kostnadene var 119.400 kroner, men kommunestyret kunne ikkje gå inn for å løyva 1/5 del av summen.

Lang byggetid

Først i 1912 vann søknaden gjennom i kommunestyret, og då var føresetnaden at dei interesserte i Hyen skulle opparbeida vegen langs Hopsvatnet forskotsvis. Vegen vart seinare ein del av hovudvegen mellom Florø og Hyen. I 1923 vart arbeidet på vegen frå Straume langs Hopsvatnet og oppover dalen til Heimset ved Storfjorden (Eimhjellevatnet) sett i gang. Strekninga er 14 km. Arbeidet tok 10 år og kosta nær 600.000 kroner. Det var eit tungt løft for gardbrukarane i dalen sidan dei laut ta 15 % av kostnadene. For folket i vestre Hyedalen var det ei storhending då vegen stod ferdig i 1940.

Veg i austre Hyedalen

Vegtilhøva i austre Hyedalen var mest like vanskelege som i den vestre dalen. Om sommaren gjekk transporten med kløv på hesteryggen. Lensmann Lund sende i 1869 ein rapport til Fylkesmannen om tilhøva. Her kjem det fram at oppsitjarane ville at kommunen skulle kosta vegen på strekninga langs Ommedalsvatnet, som var den dyraste delen av vegen, men det ville ikkje kommunestyret gå med på. Kommunestyret hevda at det berre var var oppsitjarane som fekk glede av vegen, og dei sat godt i det.

Veg til Gjengedal

I 1890 vart vegen i austre Hyedalen sett først på prioriteringslista over planlagde vegar. Vegen vart opparbeidd litt etter litt med små tilskot frå kommunen og fylket. I 1896 fekk dei og tilskot frå Stortinget. Same året var vegen ferdig til knapt 2 km ovanfor Ommedalstunet. To år seinare var han komen til Gjengedalstunet. 28. oktober 1898 tok kommunen over vegen. Det var ein stor merkedag då grendene no fekk vegsamband til sjøen. Men enno var det ikkje vegsamband over til Straumesida, der bygda hadde sine sentrale institusjonar som kyrkje, gravplass, skule, dampskipsekspedisjon og postopneri. Dei trong bru over Å-elva. Kostnadene med bru og veg vart kalkulert til 25.000 kroner, og i 1922 var det vegsamband mellom dei to hyedalane.

Lang veg å gå

Før bilvegen kom måtte folk i hyedalane greia seg som best dei kunne med hesten - og eigne føter. Torleiv Solheim fortel om turar heim til Solheim i vestre Hyedalen då han i 1930 åra gjekk på Nordfjord ungdomsskule (seinare folkehøgskule) på Vereide. Først var det båt frå Vereide til Sandane og så til Hyen. Deretter gjekk han til fots heile Hopsdalen og stranda ut til Oførhammaren eit stykke utanfor Nesholmen. Her hadde bygdefolk laga ein jernstige som var på 22 trinn, med ein halv meter mellom trinna. Om vinteren kunne dei gå på isen frå Heimset over Storefjorden til Solheim. Det var ein lang og strabasiøs tur på fleire mil frå dampskipskaia til Solheim i sørenden av Storfjorden (Eimhjellvatnet).

Krav om veg mellom Hyen og Florø

Utanom desse bygdevegane hadde Hyen korkje veg til Sunnfjord eller til kommunesenteret Sandane. I 1890 kravde Florø, med støtte av kommunane Førde, Gloppen og Kinn, ei gransking av eit eventuelt vegsamband mellom Florø og Hyen. I fylket sin trafikkplan av 1919, kravde Gloppen at det vart bygd hovudveg frå Sandane til Hyen og vidare derifrå til Florø. Nokre få kilometer vart bygd fram til 1938. Først kom Øren-Løkkebø i 1912-18, og Øren-Storebru i 1918-37.

Vegsamband indre Nordfjord - ytre Sunnfjord

I 1938 vart vegen omhandla i vegbudsjettproposisjonen, der det vart sagt at strekninga Løkkebø-Heimset-Straume var eit ledd i eit samanhengjande vegsamband frå indre Nordfjord til Florø. Strekninga Straume-Heimset vart utbetra i 1940. Strekninga Heimset-Oterhammaren vart påbyrja 21. november 1938. Først i 1962 sto heile vegsambandet ferdig. Då fekk Hyen dagleg bussamband sørover. Det skulle gå nesten ti år før grenda Holme vart knytta til vegen. I 1971 var det veg frå Aa til Holme.

Hyen Billag

Sjølv i små, isolerte samfunn utan vegsamband til omverda, var det trong for varetransport og persontransport, særleg når avstandane var så lange som i hyedalane. I 1935 vart Hyen Billag skipa av Anders Hjorteset frå Storfjorden. Billaget hadde ein lastebil. Dotter til eigaren, Alvhild Aa, var sjøfør frå ho var 20 år. Vegnettet var smalt, svingete og bratt, og slett ikkje eigna for biltransport.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Sandal, Per:Soga om Gloppen og Breim. Bd II, Sandane 1979.
Solheim, Torleiv: Før bilvegen kom. I Jul i Nordfjord, s. 28-29, 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR