Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Ferjestaden Lavik



Hovudferjesambandet over den ytre delen av Sognefjorden har sidan det kom i gang i 1955 hatt Lavik som ferjestad på nordsida av Sognefjorden. Lavik har vore ein sentral stad i ytre Sogn, men har etter kvart kome meir i skuggen av Høyanger. Når folk tenkjer på Lavik i dag, er det nettopp som ferjestad for eit av dei viktigaste sambanda i fylket.

Kyrkjestaden Lavik i framgrunnen, og Kvammen, med ferjekai, butikk og hotell, på andre sida av vika. Helseheimen ligg oppe til høgre på biletet.

Kyrkjestaden Lavik i framgrunnen, og Kvammen, med ferjekai, butikk og hotell, på andre sida av vika. Helseheimen ligg oppe til høgre på biletet.

Eigar: I Ættebok for Lavik.

Datering: Ca. 1980.

Fotograf: Ukjend.

Litt historie

Lavik er ein gammal kyrkjestad. Her har vore kyrkje sidan 1100-talet. Staden var også sentrum i ei skipreide, og i 1807 vart Lavik prestgjeld oppretta. I 1837 vart Lavik formannskapsdistrikt danna ved samanslåing av Klevald og Lavik skipreider. 16 år seinare vart dei på ny delt i to. Lavik herad strekte seg då frå Norevikane til Bekksneset, på nordsida av Sognefjorden, og frå og med Sørevikane til og med ytre Tredal, på sørsida.

Post og handel

I 1836 vart Ladevig postopneri oppretta, og frå 1838 til 1877 kom dette til å liggja på Verholmen. Men sidan har det lege fast i Lavik, eller på nabogarden Kvammen.
Lenge var Verholmen den einaste handelsstaden i Lavik herad, men kring 1880 tok Otto Midthun til med handel på garden Lavik. Her dreiv han handel åleine til Jens J. Kvam frå Sogndal kjøpte nabogarden Kvammen og starta med handel der. Kvam bygde seg etter kvart butikk nede ved sjøen og overtok i 1890 også som postopnar.

Butikken til Midthun vart overteken av Andreas Breidvik som seinare selde denne til Olav Kvam, son til Jens Kvam. Olav Kvam overtok også som postopnar etter far sin. Butikken dreiv han heilt fram til 1940 og døydde i 1941 som ein velhalden mann. Etter han var det ikkje lenger handel på garden Lavik, berre på nabogarden Kvammen. Der var det i ein periode også bakeri. På Kvammen er det framleis er butikk. I 1907/08 fekk Lavik eigen telefonstasjon og i 1929/30 vart det bygt line til Vadheim. Dermed var dei fleste bygder langs Sognefjorden knytte saman på telefonnettet.

Pensjonat som vart hotell

Johannes L. Hellebø starta i 1922 pensjonat på Kvammen. Han dreiv også landhandel i lag med Einar Raasholm fram til 1930, og ein snikkarverkstad som produserte møblar. Hellebø pensjonat vart seinare bygt ut og er i dag Lavik hotell. I 1922 starta Lavik herad kommunal husmorskule. Skulen fekk statstilskot, men det vart ikkje løyvt pengar frå fylket før i 1928. Kommunen og ordføraren personleg måtte leggja ut for drifta av skulen i desse åra. Siste skuleåret husmorskulen var i full drift var 1955/56. Men skulen vart ikkje offisielt nedlagd før kring 1960.

Bilete av Hellebø pensjonat.

Rutebåtstopp

I den fyrste tida med rutebåttrafikk på Sognefjorden var handelsstaden Verholmen stoppestad for Fylkesbaatane i dette distriktet. Men etter kvart som denne staden mista sin betydning, tok Lavik over både handelen, posten og rutebåtstoppa. Frå 1870-åra kom Lavik med i rutene til Fylkesbaatane og frå 1882 hadde staden overteke det meste av trafikken i distriktet.

Stoppestaden i Lavik ligg under garden Kvammen, så det var oppsitjarane der som vart dampskipsekspeditørar. Den fyrste ekspeditøren var Peder K. Kvammen (1820 - 1909) som i 1886 dreiv bryggja i lag med sonen Karl (1848 - 1912). Dei dreiv også butikk og hadde venterom for dei reisande der. Familien Kvammen har seinare halde fram med å driva ekspedisjonen på kaien.

Bilete av d/s "Sogn" ved kaien i Lavik.

Snøggrute

Lavik kom i 1948 med i Fylkesbaatane sine planar då eit nytt rutetilbod skulle opprettast. Ei ny snøggrute mellom Bergen og Sogn skulle ha sin fyrste tur sommaren 1949 og Lavik var ein av stoppestadene. Ein utbetra kai stod klar til å ta imot snøggruta då ho kom til Lavik for fyrste gong den 7. juni 1949. Det var Fylkesbaatane sin nye båt Sunnfjord som trafikkerte den nye ruta.

Då Rysjedalsvika vart teken i bruk som stoppestad i snøggrutesambandet fekk Lavik redusert talet på stopp. Kommunane Lavik og Høyanger protesterte høglytt på den nye stoppestaden og det nye sambandet.

Bilete av snøggruta "Sognefjord" ved kai i Lavik.

Ferjesamband

I 1955 vart ferjesambandet mellom Lavik og Instefjorden i Brekke oppretta. Lavik har heile tida vore fast ferjestad på nordsida av Sognefjorden for dette sambandet, medan det på sørsida har skifta frå Instefjord til Brekke og seinare til Oppedal. Dei fyrste åra sambandet var i drift gjekk ferja berre om sommaren og var eit trekantsamband der Vadheim også var med. Frå 1960 var både Instefjord og Brekke ferjestader på sørsida, men frå 1970 overtok Brekke åleine denne rolla. På slutten av 1980-talet vart ferjestaden flytta til Oppedal for å gjera overfarten kortare. Sambandet er eit av dei mest trafikkerte i fylket og ein del av stamvegsambandet mellom Bergen og Ålesund.

Då ferjesambandet vart opna 2. juli 1955 brukte ferja Vetlefjord ein time på overfarten mellom Lavik og Instefjord. Ferjelemmar fanst ikkje på den tida. Bilane måtte køyra om bord på sliskar. Turen frå Lavik til Bergen inneheldt då tre ferjestrekningar og tok sju og ein halv time.
I 1964 vart ferja Sandøy sett inn i sambandet. Ferja tok ni bilar, så kapasiteten var langt under det han er i dag. No er det to ferjer som trafikkerer sambandet, Gloppen og Svanøy, som begge tek om lag 140 bilar. Overfarten med desse ferjene tek 20 minuttar.

Bilete av Lavik i 1995.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn B.: Dampen og kaia - Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858 - 1998.
Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Band II Bygdesoge. Bygdeboknemnda i Kyrkjebø. Bergen 1978.
Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik. Bygdeboknemnda i Kyrkjebø. Bergen 1983.
Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv - Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det Norske Næringslivs Forlag. Bergen 1953.
Sogn og Fjordane Fylkesting året 1959. Sogn Folkeblads Trykkeri. Høyanger 1959.
Munnleg informasjon:
Kvammen, Per Sverre.

PERMANENT IDENTIFIKATOR