Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Hard strid for riksveg i Solund



Vegløyvingane fram til 1930-åra gjekk i hovudsak til indre strok og til sambandsvegar. Fylket sitt vegbehov var enormt, og det var difor vanskeleg å fremja vegkrav. Men for samfunnet i Solund handla det om å betra levekåra for dei som budde der. Kampen for riksveg 606 vart difor ei særs viktig politisk sak for kommunepolitikarane i etterkrigsåra.

Riksveg 606 frå Krakhella til kommunesenteret Solund er valt ut som ein nasjonal verneverdig veg. Det  heiter i verneplanen at vegen er eit døme på vegutløysing i kyststrøk, som er eit viktig trekk ved norsk veghistorie på 1900-talet. Vegen er lite endra og gir difor eit godt bilete av standard og utforming på sambandsvegar på 1950- og 1960-talet. Vegen følgjer landskapet og gir den reisande godt høve til å oppleva kystmiljøet. Vegen vart lagd slik over øyane at den skulle gi vegutløysing til flest mogleg. Han vart bygd som eittfelts veg, slik han framleis er.

Riksveg 606 frå Krakhella til kommunesenteret Solund er valt ut som ein nasjonal verneverdig veg. Det heiter i verneplanen at vegen er eit døme på vegutløysing i kyststrøk, som er eit viktig trekk ved norsk veghistorie på 1900-talet. Vegen er lite endra og gir difor eit godt bilete av standard og utforming på sambandsvegar på 1950- og 1960-talet. Vegen følgjer landskapet og gir den reisande godt høve til å oppleva kystmiljøet. Vegen vart lagd slik over øyane at den skulle gi vegutløysing til flest mogleg. Han vart bygd som eittfelts veg, slik han framleis er.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Olav Handeland.

Eit dårleg båttilbod

I Trafikplankomitéen si innstilling av 1919 vert det sagt om Solund: "Herredet er med hensyn til kommunikasjoner henvist til sjøen. Veier haves ikke." Det vart føreslege veg mellom Nåra og Straumen og mellom Hardbakke og Strand, men elles var det ingen konkrete planar for vegutbygging i Solund før vegplanen i 1940 vart lagt fram. Grunna krigssituasjonen i landet gjekk fylkesmannen inn for å leggja arbeidet på is. Etter krigen vart vegsaka på nytt aktuell.

Nåra-Kolgrov får veg

Den første bilvegen som fekk løyving var strekninga Nåra-Kolgrov i 1939-1940, frå budsjettposten - vegar i sjøbygdene. Lengda var 4,5 km og løyvinga var på 22 000 kroner. Det heitte seg at vegprosjektet i ytre Solund var ein av dei vegane som først burde byggjast i kystdistriktet. I storm og uvêr måtte båtstoppa på utsida av Nåra sløyfast, og folk måtte ta seg over til innsida av øya . Vegen vart påbyrja i 1941 og var ferdig i 1967.

Vaulen-Hardbakke

Vegen Strand-Hardbakke, føreslegen i 1919, ser ikkje ut til å ha vore aktuell, derimot vart strekninga Vaulen-Hardbakke prioritert. Anlegget vart oppteke på vegbudsjettet i 1938 med naudsmidlar. Strekninga var 11 km. Det var små årlege løyvingar. 20 000 kroner kom årleg frå stat og fylke, medan kommunen og interessentar betalte 10 % kvar. Dette medførte svært lang byggjetid. Vegen vart først ferdig i 1960, og gjekk inn som ein del av rv 606, Hardbakke-Krakhella.

Dårlege kommunikasjonar

Rutebåtferdsla etter krigen gav eit heller dårleg tilbod til folk i Solund. Det var få avgangar og få stopp til Bergen. Onsdagsruta frå Bergen tok 19 timar til Krakhella. At kommunen ikkje hadde vegar gjorde og ruteferdsla til Solund lite lønsam, slik at Fylkesbaatane ikkje ville vurdere nye rutetilbod. Ein føresetnad for betre båtruter var paradoksalt nok eit utbygd vegnett. Mellom politikarane i kommunen var det stor semje om at dei trong både veg og betre båtsamband. Problemet var å få vegen inn i vegplanen og inn i budsjettet på kort tid.

Kamp for veg gjennom Solund

På Fylkestinget i 1949 var båttilbodet og veg i Solund oppe. Vegsjefen og fylkesmannen var positive til vegsamband. Kommunestyret gjorde i april 1949 eit samrøystes vedtak der dei bad om å få "nytt anlegg Krakhella-Eidevågen". Vegsjefen skreiv at anlegget "bør oppta's som hovedveg i sjøbygder, og en kan derfor ikke gi anlegget fylkesbidrag. På 10-årsplanen som er forelagt fylkestinget, har en dessverre ikke kunnet ta med anlegget. En er imidlertid oppmerksom på at bygging av dette anlegg helt vil omskape trafikkforholdet i Solund, så en vil arbeide med saken for mulig å finne en løsning". Fylkesmannen uttalte i si tilråding til Fylkestinget at det var tilrådeleg snarast å komma i gang med arbeidet til dømes gjennom forskotsfinansiering.

Bygdeveg eller hovudveg

Vegen var aldri nemnd som hovudveg, men som bygdeveg. For kommunen var det umogleg å bygga vegen som bygdeveg med berre 50 % statstilskot. Neste steg var difor å få vegen fremja som riksveg. Kommunestyret bad og om at vegen gjennom kommunen frå Kolgrov i sin heilskap vart ført fram til Krakhella. Var dette ikkje mogeleg innanfor 10-årsbolken, bad dei om at Eidevågen-Krakhella vart teken med. Å få vegen godkjend som hovudveg var vanskeleg. Vegdirektøren gav negativt svar.

Kraftlina sette vegbyggjinga i gang

Byggjinga av ei høgspentline i 1950, delvis langs den prosjekterte veglina, opna for snarleg byggjing. Kommunen ville forskottera 35 000 kroner, og setta i gang byggjinga. Dette godtok fylkesmannen som og kunne fortelja at anlegget hadde vorte godkjend som hovudveg. Men offentlege midlar mangla framleis.

Forskottering og lån

Det kom til å dryge enno mange år før vegen vart stukken og påbyrja. I perioden 1950-1955 var det eit utal møte, fleire synfaringar, og kommunen sende til og med utsendingar til vegdirektøren i Oslo. Også samferdsleministeren og Stortinget si vegnemnd var involverte. I 1955 sa Fylkesbaatane seg villige til å forskotterta opp til kr 150 000. Kommunen tok opp eit lån på 3 mill. kroner.

Vegarbeidet er i gang

2. november 1954 starta arbeidet opp, og første parsell vart offisielt opna 19. september 1960. Med i prosjektet var båtsamband mellom Krakhella og Rysjedal, men først 23. oktober 1973 vart det ferjesamband med fastlandet. M/F "Firda" var den første ferja i rute frå Solund til Rysjedalsvika. Ferja gjekk i sambandet fram til jul, då den nybygde havgåande M/F "Nesøy" vart sett inn.

Vegsamband til Ytre Solund

Vidareføringa av riksveg 606 frå Hardbakke til Ytre Steinsund var ferdig i 1967. Parsellane Hardbakke-Ytre Steinsund med Ytre Steinsund bru, og Kolgrov-Nåra (6,3 km) med Rørdalsfjord bru (74 m) var ferdige i 1964. Parsellen Nårastraumen-Nåra kai var ferdig i 1967, likeeins Bjørnefjord-Ytre Steinsund og Dalesund bru. I 1974 kom ferjesambandet mellom Daløy og Nåra.

Den første ferja heitte "Nårasund" og var driven av kommunen. Det var ei treferje som tok 10 bilar. Bilane måtte køyra ombord på sliskar då det berre var ordinære kaier. I 1979, i samband med vegutbygginga frå Gjønnøyvåg til Storøy, vart det bygd skikkelege ferjekaier på begge sider av Ytre-Steinsund. Ferjesambandet vart no fylkeskommunalt. Då kom "Nårasund" nummer to, ei stålferje som tok 10 bilar. Ytre-sulingane hadde nok helst sett at det kom bru over sundet. I 1990 vart ferja for lita, og den tredje "Nårasund" vart sett inn i sambandet. I 2006 opna eit nytt ferjesamband Sætrevågen-Haldorsnet-Daløy, som erstatta det gamle. Ferjesambandet korta inn ferjetida.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919, Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesenes historie med oversikt over statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. bd. III, Olso 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane fylke 1958.
Reinen, Johannes: Vegarbeid i Ytre Sula. I Vegstubben., s.6-13, nr. 2-1978.
Vegvalg, Nasjonal verneplan. Statens vegvesen Vegdirektoratet 2002.
Torvanger, Magnes Helge og Hamre, Magne: Riksveg 606: Heradet sin økonomiske eksistens står på spel. I Solund sogeskrift. 2004, s. 165-182.

PERMANENT IDENTIFIKATOR