Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 04. oktober 2019

Sist oppdatert 04. oktober 2019

Kategori

Rå-data

Florø folkeskole



13. desember 1918 vart ein dramatisk skuledag for elevane på Florø folkeskole. Midt i skuletida tok det fyr på lærarrommet i andre høgda og på kort tid var bygget overtent. Med nød og neppe berga skuleelevane seg ut av flammehavet. Etter ein heltemodig innsats frå brannvesenet, frivillige og ikkje minst mannskapet frå ein marinebåt som låg til kai, klarte dei å hindre ein storbrann blant trehusa.

Florø barneskule i dag. I 1956-1959 vart skulen bygd ut og i 1997 vart heile skulen totalrenovert.

Florø barneskule i dag. I 1956-1959 vart skulen bygd ut og i 1997 vart heile skulen totalrenovert.

Datering: 2017

Fotograf: Annette Langedal Holme

Ein byggekomité med ambisjonar

Arkitektjobben med nytt skulebygg i Florø var eit lukrativt prosjekt som fleire arkitektar ville skaffe seg. På lag før branntomta var kald kom det inn tilbod frå arkitektar som kunne tenkje seg å ta jobben. Etter brevveksling med andre kommunar som hadde bygd nytt skulehus, gav komiteen jobben til arkitekt Torgeir Alvsaker, som hadde kontor i Bergen. Han hadde erfaring frå liknande skulebygg og skulle dei neste tiåra teikne fleire skulebygg i Sogn og Fjordane. Men Florø folkeskole vart utan tvil det mest langvarige prosjektet for arkitekt Alvsaker i fylket, og det kan ikkje ha vore fritt for at han angra på heile jobben i løpet av dei 16 komande åra!

Mars 1919 kom dei første teikningane frå arkitekten. Teikningane syner et skulebygg med ambisjonar, bygd for framtida. Bygget var i murstein og skulle huse både folkeskulen og middelskulen. Florø hadde bystatus og det sette visse krav til kva funksjonar skulebygget skulle innehalde, blant anna måtte det vere gymnastikksal med i byggmassen. Komiteen hadde fått det dei hadde spurt om, men skjøna fort at det ikkje var nok pengar til eit slikt bygg. Byggekomiteen måtte sjå etter moglege innsparingar for å komme fram til eit billegare alternativ.

Arkitekttevling

Kort tid etter at arkitekt Alvsaker hadde lagt fram sine forslag til nytt skulehus, foreslo komitéleiaren, ordførar E.M. Hole, at ein burde få inn endå eit forslag frå ein annan arkitekt. Saka blei lagt fram for  formannskapet og dei sa seg einige i dette. Arkitekt Gustav Gudbrandsen hadde allereie vore i kontakt med ordføraren og no fekk han jobben med å komme opp med eit betre alternativ for Florø folke- og middelskole. Her kan vi lese bestillinga arkitektane fekk:

Det skal vere 2 eller 3 etages bygning av sten og inneholde følgende rum: For middelskolen: 3 klasserum, kontor, de nødvendige rum til skolemateriel og lærerværelse. For folkeskolen: 14 klasserum, kontor, lærerværelse og nødvendige rum til skolemateriel m.v. For begge skoler rum for gymnastikk, sløid, naturfag, teikning, haandarbeide og song. (..) Desuten bør bygningen indeholde bustad for pedellen, bad, folkeboksamling med læserum og plass til skolekjøkken.

Begge arkitektane heiv seg over teiknebordet og kom med sine forslag i løpet av sommaren 1919. Den 20. august 1919 kom saka opp i skulestyret, dei avgjorde at arkitekt Alvsaker hadde det beste alternativet.

Arkitekt Alvsaker hadde levert inn fire ulike alternativ til det nye skulehuset. Skulestyret kom fram til at alternativ 2 ville bli det beste skulehuset for kommunen og sende forslaget sitt vidare til formannskapet som skulle komme med endeleg avgjer i saka.

I mellomtida hadde ordførar Hole vore på reise og sett på korleis dei hadde bygd skulehus i Bergen. På bakgrunn av det ynskte han at ein arkitekt skulle teikne et forslag med fleire mindre bygningar i tre, eit hus for folkeskulen, eit for middelskulen og eit for gymnastikk- og sløydsal. Formannskapet sa seg einige i dette ynsket og bad byggekomiteen kontakte arkitekt Alvsaker.

Etter å ha gjennomført nye utrekningar kring alternativet med trehus, kunne arkitekten vise til at kostnadane ville vere omtrent det same som å bygge i mur. Ideen om trehus vart derfor lagt til sides og formannskapet såg nærare på dei ulike alternativa for murhus som arkitekt Alvsaker hadde levert. Skulestyret hadde same hausten anbefalt alternativ 2, men det vart til slutt fleirtal for alternativ 4 i formannskapet. Alternativ 4 var det billegaste alternativet og kosta nøyaktig 400 000 kroner. Romdelinga var slik:  

Kjellar: Pedelbolig, sløydsal, boksamling og bad.

1.etasje: 3 klasserom til folkeskulen, kontor, lærarrom, 3 klasserom til middelskulen, kontor, lærarrom og handarbeidssal.>

2.etasje: 6 klasserom til folkeskulen, naturfag og sangrom

3.etasje: 4 klasserom til folkeskulen, skulekjøkken og teiknesal.

Loftsetasje: 2 store rom med overlys.

Arbeidet var endeleg i gang

Med eit lån på 350 000 kroner var ikkje finansieringa heilt i boks, men arbeidet med tomta kom likevel i gang sommaren 1920. Det vart ei travel tid, med stor byggeaktivitet på tomta og arbeidet med å legge dei ulike jobbane ut på anbod var for alvor i gang. Hausten kom og det vart roleg på arbeidsplassen og det viste seg at det var usikkert når dei kunne ta opp att arbeidet. Byggekomiteen skreiv dette då dei såg på anbod på trearbeidet i møteboka 20 januar 1921:

(…) da det for tiden er usikkert hvor tid byggarbeidet kan bli fortsaet og avsluttet finder komiteen, at der ikke for tiden bør avsluttes kontrakt om arbeidet.

Korleis kunne arbeidet stoppe opp etter at grunnmurane var ferdige? Hadde dei verkeleg brukt opp 350 000 kroner allereie på første byggesteg?

Vanskelege tider

Arbeidet med å bygge nytt skulehus skjedde i ei tid der heile landet sleit økonomisk. Etter at første verdskrig var over i 1917, var det kaotiske forhold knytt til pengeverdien i heile Europa. I eit forsøk på å stogge den galopperande inflasjonen, vart den såkalla paripolitikken innført i Noreg i 1920. Denne politikken ramma kommunane ekstra hardt. Florø og nabokommunane fekk seg også eit hardt slag for baugen under den mislukka kraftutbygginga i Ålfoten. Etter kvart som året 1920 skreid fram vart det klart for kommunen at arbeidet med skulehuset ikkje kunne fortsette. 

Trass i økonomisk dyrtid gav ikkje byggekomiteen heilt opp arbeidet med skulehuset. Hausten 1921 vart det på ny brevveksling mellom komiteen og arkitekt Alvsaker. Materialprisane hadde gått ned og komiteen lurte på om det var lurt å ta opp att byggingsarbeidet. Alvsaker anbefalte at dei starta arbeidet med ein gong. Likevel var det stilt på skulehustomta. Saka kom ikkje opp att i skulestyret før i 1923. Då hadde dei motteke eit brev frå skuledirektøren i Sogn og Fjordane som oppmoda om at nytt skulehus burde stå klart innan hausten 1924. Skulestyret sende saka vidare til formannskapet med melding om at der ikkje fanst pengar til nytt bygg. Same året truga kyrkje- og utdanningsdeprtementet med å trekke tilbake statsbidraget om der ikkje kom nytt skulehus i Florø innan hausten 1924. Illustrerande nok valde formannskapet at avslutte tilbodet med fritt skulemateriell same året. Med press frå både fylke og stat tok dei opp att korrespondansen med arkitekt Alvsaker og spør etter nye kostnadsoverslag. I same brevet beklaga byggekomiteen den vaklande prosessen for arkitekten: «Men midlerne er smaa og kravene mange baade frå oven og frå neden».

 I 1925 kom det på nytt brev i frå skuledirektøren der han kravde at kommunestyret gjorde eit bindande vedtak på å bygge nytt skulehus 1926. Om det ikkje skjedde ville han for alvor råde departementet om å trekke tilbake statstilskotet.

Arbeidet gjekk sakte framover og i løpet av våren 1926 kom arkitekt Alvsaker med nye forslag til bygging av skulehuset i Florø. I det siste forslaget hadde arkitekten spart inn der det var mogleg. Det var eit enkelt og langt mindre skulebygg enn det han og Gudbrandsen konkurrerte om å få bygge i 1919. Byggekomiteen og skulestyret sa seg nøgde og sende saka vidare til formannskapet.

Det skulle gå over eit år før formannskapet kom med ei avgjersle i saka. Den 7. september 1927 kom det avgjerande svaret frå ordføraren. Det fanst ikkje pengar til nytt skulehus. Etter nesten 9 år var det altså slutt. Arkitekt Alvsaker hadde flittig tatt turen til Florø desse åra, byggekomiteen og skulestyret hadde gjennomført mange møte og diskutert ulike løysingar. Likevel vart det ikkje nytt skulehus for skuleelevane i Florø.

200 000 murstein frå Helle

I løpet av 1920 var grunnarbeidet godt i gang og dei hadde byrja arbeidet med å hente inn tilbod på murararbeid, røyrleggararbeid og innkjøp av materiale. I arkitekt Alvsaker sine planar var det behov for 570 000 murstein for å bygge skulen. I første omgang bestilte byggekomiteen 200 000 stein i frå Helle teglverk i Dalsfjorden. I følgje den opphavelege avtala med teglsteinsverket skulle all steinen sendast til Florø før hausten 1920. Hausten kom og berre delar av mursteinen var sendt til Florø. Ettersom byggearbeidet hadde stoppa opp, sat prosjektet att med tusenvis av murstein dei ikkje kunne bruke. Løysinga vart etter kvart å selje steinen vidare. I 1924 var 65 000 murstein brukt på skulehustomta, 35 000 henta av Ålfotselskapet, 27 600 henta av Haave og 27 600 vart brukt til bygging av rådhuset. I tillegg låg det 44 900 murstein att på Helle teglverk. Dette må vel vere ein av dei betre bomkjøpa Florø kommune hadde i 20-åra.

Skulehustomta blir sjukehustomt

Samstundes som saka om skulehusbygginga gjekk sin gang sleit også byen med kapasiteten på sjukehuset. I 1926 stod det nye raude kross-sjukehuset ferdig, men det var for lite allereie før det hadde opna. Fylkestinget gjekk då med på å byggje eit fylkessjukehus i Florø. Det nye sjukehuset skulle vere så stort at det dekka behovet frå Nordfjord til Ytre Sogn. Med kapital i frå fylkeskommunen låg bygginga av sjukehuset lenger framme enn skulehuset. Det vart derfor bestemt at fylkessjukehuset skulle få ta over skulehustomta.

10.april 1930 drøftar skulestyret saka og hadde ingenting å seie på at tomta vart overført til sjukehuset. Dei var einige om at bygging av skulehuset låg langt fram i tid og at dei innan den tid ville ynskje å bygge eit moderne tidsretta bygg utan dei gamle grunnmurane.

Tomta vart overført til fylket og i 1933 stod det nye sjukehuset ferdig, bygd på grunnmurane til skulen det aldri vart noko av.

Alt hausten 1930 sette skulestyret ned ein komité som skulle finne ei ny eigna tomt til skulehus. Den nye tomta låg berre eit steinkast bortafor, på eigendommen til J. Bruflaat. I 1932 var avtalen med grunneigar i hamn og ny skulehustomt var sikra.

Kvar blir det av skulehuset?

Etter at skulehuset brann ned i 1918 hadde skuleelevane i Florø hatt eit omflakkande tilvære. Kommunen leigde ymse husrom kring om i byen. Blant anna den gamle tingstova, losjehuset Breidablikk, bedehuset i Markegata og rådhuset. Til alt overmål brann det også i rådhuset i 1922. Dei mellombelse løysingane hadde vart mange år over det som var tiltenkt og mot slutten av 1931, kom det omsider eit nytt initiativ til å få til ei løysing. Det vart skipa ein ny komité som skulle sjå på dei økonomiske føresetningane for å byrje arbeidet.

Komiteen anbefalte at ein tørka støv av gamle planar med arkitekt Alvsaker og kom i gang med arbeidet. Denne gangen vart det klarsignal frå formannskapet og arbeidet kunne endeleg for alvor byrje. Denne gongen gjekk prosjektet utan skjær i sjøen. Det vart fortløpande henta inn tilbod på murararbeid, tømrararbeid, målararbeid, innkjøp av omnar og interiør til gymnastikksalen med meir. Endeleg vart det skulehus!

Eit nytt stasbygg i byen

Hausten 1934 kunne skuleelevane endeleg samlast på den nye skuleplassen framfor den staselege murbygningen på fire etasjar. Bygget hadde rikelig plass til elevtalet i 1934 med rom for auke i barnetalet. Det var gymnastikksal, skulekjøkken og sløydsal. Alt ein ordentleg byskule skulle innehalde. Prisen enda til slutt opp på 500 000 kroner. Vegen fram hadde vore lengre enn dei fleste andre skulehusa i fylket, men Florø fekk omsider det stasbygget byggekomiteen hadde drøymt om i 1919. Og vi lyt vel kanskje sende ein vennleg tanke til arkitekt Alvsaker og den arbeidsinnsatsen han la ned før han omsider fekk reist eit skulehus i Florø.

kjelder:

Stavang, Harald J. 1999. Flora, kulturhistorisk vegvisar. Selja forlag


Byrkjeland, Reidun. 2014. Florø folkeskole/Florø barneskole. Flora minne. s.34-48.


Arkivet etter Byggenemnd for Florø folkeskole 1918-1934


Møtebøker frå Florø skulestyre


Møtebøker og saksarkiv frå Florø bystyre og formannskap

PERMANENT IDENTIFIKATOR