Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lambhaug bedehus



Den 29. mai 2005 kunne bedehuset i Lambhaug på dagen feire sine 50 første år etter innviinga i 1955. Dette forsamlingshuset som ligg oppe i bakken ovanfor det gamle samvirkelaget, eller forretningsbygget til Josvanger Elektro som det er i dag, har gjennom alle desse åra trekt til seg utruleg mykje folk. Og huset er minst like mykje i bruk no som det var dei første åra etter bygginga.

Lambhaug bedehus på Indre Hafslo, innvigd i 1953. Den lysande krossen vart sett opp 1992.

Lambhaug bedehus på Indre Hafslo, innvigd i 1953. Den lysande krossen vart sett opp 1992.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Rikt på tradisjonar
Dette er eit hus med tradisjonar. Både når det gjeld formål, styresamansetjing og formenn. Her har mykje gått i arv. Då huset vart vigsla i 1955, var det Sverre Urnes som var formann i bedehusstyret. I jubileumsåret var sonen Torodd, formann. Dette vervet tok han over etter faren for vel 25 år sidan. Denne tradisjonsbindinga har nok hatt mykje å seie for at huset har "levd" så godt alle desse åra, og har vorte fornya og vedlikehalde på ein måte som gjer at det i dag er eit svært tenleg brukshus på alle måtar.

Jubileumsfest
Både vetle- og storesalen måtte takast i bruk for å romme dei rundt 130 som var med på jubileumsfesten 29. mai 2005. Det vart ein stilfull fest som Trygve Falkgjerdet leia på ein fin måte, og med det rette glimtet i auga. Gudmund Furnes frå Indremisjonen var festtalar. Det var innslag av fleire av dei gruppene som brukar huset jamleg, slik som songkoret LaJoMa og ei gruppe frå barnelaget. Margit Slåtto Rygg tok eit tilbakeblikk på aktivitetar som hadde vore i huset opp gjennom åra, og intervjua nokre av dei som hadde vore med. Det var helsingstalar med gåveoverrekkingar, og servering av festmaten; rømmegraut, plommesuppe, spekemat, kaffi og krullekake. Kyrkjelydsringen hadde laga maten, og ein del av ungdomane i ungdomsklubben stod for serveringa.

Bedehustomt i 1944
Arbeidet med nytt bedehus i Lambhaug tok til mange år før huset stod ferdig. I 1944 gav Sofia og Hermund Øygarden gratis tomt ved gåvebrev tomta på Øytun datert 12. januar 1944. På same tid vart det sett i gang innsamling til finansiering. Byggjearbeidet tok til i 1953 med fylgjande i styret som ansvarlege for planlegging og bygging: Sverre Urnes, formann, Einar Falkgjerdet, Kristen Opheimshaug, Kristian Veum og John Moen.

John Moen teikna huset og var byggjeleiar. Dører og vindauge, benker og bord laga han på snikkarverkstaden i Lambhaug. Våren 1953 starta dei arbeidet med tomta. Alt måtte gjerast med handmakt, kjerre og trillebåre, men dugnadsånda var stor. All betong måtte blandast med handkraft. Betongarbeidet hadde Anders Moen ansvar for.

Mangel på trematerialar
Etter krigen var det mangel på trematerialar. Byggjeløyvet fekk dei difor på det vilkåret at dei måtte skaffa det meste av trematerialane sjølve. Murstein var det lettare å skaffa. Derfor valde styret å støypa kjellarhøgda og mura salane. Trematerialen kom på plass. Fleire som hadde furuskog gav gratis tømmer, og det vart hogge og køyrt med hest på dugnad. Tømmeret vart skore på Morki Sag i Lambhaug. Det vart hogge ei alfura i Alvsteigen. Av den vart det golvplank til heile golvet i storesalen. Golvplanken vart gjort ferdig på Kaupanger Sag og Høvleri. Ei alfura er ei gammal furu som har ekstra hard og haldbar ved. Det står enno att ei slik furu i Alvsteigen.

Teke i bruk i 1953
Vetlesalen vart teken i bruk til eit møte alt før jul 1953. Storesalen var ferdig våren 1955. I kjellaren var det kjøkken og matsal. Innviingsfesten var 1. pinsedag 1955, den 29. mai. Bygdefolket møtte opp og huset var smekkfullt. Emissær Kristoffer J. Sandve heldt vigsletalen og Smedegårdstrioen song (Johan Smedegård, Alv Lødemel og Bjarne Bergheim).

Oppussing og utviding
Utbetringstiltak av fleire slag høyrer med til soga om huset. I 1980 stod tilbygget ferdig med kjøkken, garderobe og toalettanlegg. Bedehusringen kosta kjøkken-innreiinga. Heile kjellarhøgda var ferdig i 1986. Året etter vart det ordna med større uteareal til parkeringsplass. I 1990 vart det lagt nytt tak. Av tiltak inne må nemnast 100 nye stolar til storesalen i 1972 og nytt golvbelegg i 1997.
Den lysande krossen vart sett opp i 1992. Ein ynskte det skulle syna ute kva hus det er.

Målet
Lovene for Lambhaug bedehus var vedtekne 10. august 1944. I paragraf 1 står at huset berre skal nyttast «til slik verksemd som står på Bibelens grunn og den evangeliske lutherske truvedkjenning.» Paragraf 5 handlar om endring i lovene. Det kan berre gjerast «når det gjeld praktiske ting». Endringar må ikkje koma i strid «med den ånd og tanke som ligg i lovene frå fyrst av.»

I jubileumsskriftet 2005 står det at bedehuset alltid har vore ein samlingsplass der Guds ord har vore sådd til frelse og liv; evig liv. Thomas Urnes som fyrst kom fram med tanken om eit bedehus, spurde på slutten av livet sitt: «Er det mange som har teke imot frelsa ved forkynninga av Guds ord i bedehuset?» Det var det som var målet med bedehuset.

Møte og mykje anna
Lambhaug bedehus har opp gjennom åra vore brukt til møte både med og utan tilreisande talarar. Her har vore halde bibelkurs, basarar og søndagsskule. I mange år skipa bedehuset til 17. mai-fest. Frelsesarmeen har vore ein flittig brukar, med juletrefest, påskemøte og andre møte. I jubileumsåret var bedehuset samlingsstad for mange organiserte aktivitetar både for born og vaksne; Vårvon barnelag, Indre Hafslo Yngres, Indre Hafslo barnelag, Barnekoret Levande lys, Indre Hafslo Ungdomsklubb, Indre Hafslo kristelege ungdomsklubb, Kyrkjelydsringen, Songkoret LaMaJo og Varmestova (treffstad for eldre).

Anna bruk - utleige
Lovene gav rom for anna bruk enn aktivitet med reint reint kristeleg innhald. På 1960-talet vart noko av bedehuset leigd ut til forsvaret. Dei trong lagrinsgplass til utstyr som skulle brukast i tilfelle krig. Først vart det plassert på loftet, men så vart det oppdaga at det var i tyngste laget. Då vart rommet under vetlesalen grave ut, og utstyret flytta dit. Forsvaret hadde ei leigeavtale på fem år. Då tida var ute, henta dei sakene sine.

I 1984 fekk Helseslaget leiga rom til barnepark, og i åra 1990-1999 vart huset brukt til kommunal barnehage. Somrane 1988 og 1989, vart bedehuset brukt som onnebarnehage, ei landbruksordning som gjekk ut på å ha ein stad å senda småborn i dei travlaste onnene.
Elles har bedehuset i mange år vore leigd ut til konfirmasjonslag, barnedåp, feiring av runde år, årsmøte, o.a.

 

kjelder:

Prenta kjelder: Lambhaug bedehus 50 år. 2005.
Lustranytt. 2005.
Sognevarden. 20.06.1955.

PERMANENT IDENTIFIKATOR