Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamal grensestein mellom Sunnfjord og Nordfjord



Tett attmed vegen ned mot Førde i sørenden av Breimsvatnet står ein kring to meter høg stein. Han blei reist i 1835 og markerte grensa mellom to futedøme (fogderi) og to prestegjeld. I 1964 vart grensene endra slik at steinen no i røynda er ein minnestein - om gamle grenser.

Den gamle grensesteinen i Førde står tett attmed vegen. Nedover i dalen ligg det urer og svære steiner nedramla frå fjellsidene. Henrik Ibsen reiste ned til Førs i 1862. Han noterte etterpå: "Onsdag 9de Juli til Rebakken eller Reed over Jølstervandet, gjennem Førdeurden, en forærdelig Dal, eller snarere Klipperevne og over Breehejmsvandet."

Den gamle grensesteinen i Førde står tett attmed vegen. Nedover i dalen ligg det urer og svære steiner nedramla frå fjellsidene. Henrik Ibsen reiste ned til Førs i 1862. Han noterte etterpå: "Onsdag 9de Juli til Rebakken eller Reed over Jølstervandet, gjennem Førdeurden, en forærdelig Dal, eller snarere Klipperevne og over Breehejmsvandet."

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Innskrift på to sider

Den gamle grensesteinen i Førsdalen er ein naturleg forma stein. Han er kring to meter høg, litt breiare oppe enn nede og har innskrift på to sider. På sørsida (Jølstersida) står: SØNDFJORDS * FOGDERIE OG * JULSTERS * PRÆSTE - * GJELD. DEN * NE STEN- STØTTE * OP * REIST * AARET * 1835 AF * CAPITAN * DNB

På nordsida (Breimsida/Gloppensida) står: NORDFIOR * FOGDERI OG * GLOPPENS * PRÆSTEGJEL * UDHUGGET * AF A.S. * FØRDE

Det var lenge ei gåte kva bokstavane DNB står for. Per Sandal fann det ut då han arbeidde med bygdeboka for Breim. Det var var veginspektør i Nordfjord Dominikus Nagel Beck som reiste steinen.

Sandal fann også grensesteinen nemnt i eit dokument om ei større utskifting 5.-7. oktober 1835. Der står: "Ved samme Uhregrind i Postvejen er nu opreist en stor Steen, som er udhugget paa begge Sider og viser Mærkeskjel mellem Søn og Nordfjord."

Steinhoggaren - A.S. FØRDE - kan kan vera Aksel Samuelson Førde. Han levde i åra 1788-1862.

Grensestein - minnestein

I 1835 markerte steinen - som det står innhogge - både grensa mellom to fogderi og to prestegjeld. Dessutan stod steinen i grensa mellom to gardar, Førde i Gloppen og Paulen i Jølster. To år seinare, då formannskapsdistrikta eller kommunane vart oppretta, vart steinen også ein kommunegrensestein, mellom kommunane Gloppen og Jølster, frå 1886 mellom Breim kommune og Jølster kommune då Breim vart skilt ut frå Gloppen som eigen kommune. Frå 1. januar 1964 vart grenda Førde overført frå Breim til Jølster samstundes som Breim og Gloppen kommunar vart slegne saman. Kommunegrensa mellom Gloppen og Jølster kom etter dette til å gå eit stykke ute i Førdefjorden (namnet på den søre delen av Breimsvatnet).

Avbroten då grensa vart flytta

Vinteren 1963 gjekk steinen over ende. Ein lastebil kom borti han og braut han av i jordfestet. Uhellet skjedde samstundes med at Schei-komiteen hadde føreslege å overføra gardane i Førsgardane frå Breim til Jølster. Det kunne sjå ut som eit lagnadshende. Etter den nye kommunegrensa vart steinen ståande på feil stad. Steinen vart fleire år seinare sett opp att nokolunde på same staden, men på motsett side av vegen. Den gamle grensesteinen har no funksjon som markerings- og minnestein om den gamle grensa mellom kommunane Breim og Jølster, mellom prestegjelda Gloppen og Jølster og mellom Nordfjord og Sunnfjord.

Frå 1889 gjekk ferdsla mellom Sunnfjord og Nordfjord gjennom Våtedalen. Tidlegare hadde trafikken gått på Den Trondhjemske Postvei ned frå Grungen til Førde ved sørenden av Breimsvatnet og vidare over Breimsvatnet til Reed. I åra etter krigen 1940-1945 vart den fleire stader svært svingete og smale vegen utbetra slik at han vart køyrande med bil. Særleg krokete var vegen gjennom ura der grensesteinen stod. Han ville ha kome midt i ei ny vegline her, og hadde såleis måtta flyttast på i alle høve.

Namna Nordfjord og Sunnfjord

Professor Gustav Indrebø (1889-1942), filolog, stadnamnekspert og sunnfjording, har ein stad gjort greie for namna Nordfjord og Sunnfjord. Juleheftet "Jul i Sunnfjord" hadde eit stykke om dette 1966:

"I den gamalnorske tida [1050-1350] heitte bygdene mellom Sogn og Sunnmøre med eit samnamn Firdir, det tyder Fjordane. Folket som budde der, kallast og for firdir, liksom folket i Sogn og sygnir. Og av folkenamnet firdir laga dei fylkesnamnet Firdafylke, fjordingane sitt fylke. Det som har gjeve opphavet til bygdelagsnamnet Sunnfjord, er at dette fylket [Firdafylket] var kløyvt i to halvfylke, - det var vanleg å kløyva fylka såleis.

Den andre helvta kalla dei Nordfirda halvfylke. Det har vi vitnemål om i eit brev frå 1339: Håkon biskop i Bjørgvin helsar alle menn i Nordfyrda fylke, står der. (Fylka er her ugrannsamt [upresist] for "halvfylka"). Den søre helvta har heitt Sunnfjord halvfylke. Vi har rett nok ikkje noko dokument om det, men det er greidt at når dei hadde det eine halvfylket, laut dei ha det andre óg. Tok dei bort ordet "halvfylke", så sa dei berre "Nordfirdir" og "Sunnfirdir".

Nordfjord og Sunnfjord som vi har i dag, er dei to gamle halvfylka. Frå fyrst av stod namna berre i fleirtal: "Nordfirdir" og "Sunnfirdir". Men denne sideforma vart ned tida avstytt, dei drog henne saman til "Nordfjord" og Sunnfjord". (Etter professor Gustav Indrebø)

Administrative område i nyare tid

Fjordane er samnamn for områda Sunnfjord og Nordfjord. Nordfjord har ein fjord, Nordfjorden, som strekkjer seg 110 km frå kysten og innover i landet. Sunnfjord har fleire fjordar, men ingen med namnet Sunnfjord.

Bergenhus amt vart i 1763 delt i to, Søndre og Nordre Bergenhus amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke). Nordre Bergenhus amt var på lag det same som Sogn og Fjordane fylke i dag. Amtet omfatta fire fogderi eller futedøme, - Indre og Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Nordfjord og Sunnfjord fogderi vart seinare slegne saman til eitt fogderi med namnet Sønd- og Nordfjord fogderi.

Futedøma (fogderia) omfatta skipreider og tinglag, skattekrinsar og politikrinsar. Futen var både skattefut (skatteoppkrevjar) og politimeister. Futedøma vart avskipa ved lov i 1894.

Skrivardøme er embetsområdet til sorenskrivaren. Fjordane er delt i to sorenskrivarområde, sorenskrivaren i Nordfjord og og sorenskrivaren i Sunnfjord.

Bjørgvin bispedøme er bygd opp av, prosti, prestegjeld og kyrkjesokn eller kapellsokn. Nordfjord og Sunnfjord er to av fem prosti i Sogn og Fjordane fylke.

Firdir, Fjordane, Sunnfjord og Nordfjord i namn

Fram til 1919 var Søndfjord skrivemåten for Sunnfjord. Alle dei tidlegere og noverande namneformene på området mellom Sunnmøre og Sogn har førekome - og finst- i ei mengd namn. Den gamalnorske forma firda har me t.d. i avisnamn (Firda Folkeblad, Firdanytt, Firda Tidend, Firda og Firdaposten), i samskipnader (Firda ungdomslag), i industriverksemder (Firda Canning, Firda Management) og i skipsnamn (D/S "Firda"). Likeeins har me den nyare forma fjordene/fjordane i Fjordenes Blad/Fjordabladet, og i Fjordenes postekspedisjon, seinare Fjordane (i mange år postekspedisjonar på ruteskip). På baksida av minnesteinen over Audun Hugleikson på Ålhus i Jølster, reist i 1960, står det at firdir reiste steinen, dvs. folk i Firdafylka, i Fjordane.

Delnamna Nordfjord og Sunnfjord har førekome - og finst - i endå fleire samanhengar, som t.d. i namn på folkehøgskular (Sunnfjord Folkehøgskule i Førde og Nordfjord Folkehøgskule i Gloppen), på skip (M/S "Sunnfjord" og M/S "Sognefjord"), i namn på næringsverksemder (Nordfjord Sparebank og Sunnfjord meieri) og på lokahistoriske skrift (Jul i Sunnfjord og Årbok for Nordfjord).

kjelder:

Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster. Ættesoge 1801-1974. 1985.
Jul i Sunnfjord. 1966.
Norsk Allkunnebok. Oslo 1948-1964.
Opplysningar frå:
Anders T. Førde, Jølster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR