Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Florø Sjukehus



Det første fylkeskommunale sjukehuset i Sogn og Fjordane stod ferdig i Florø i 1933. Det hadde sitt grunnlag i det gamle Raudekross-sjukehuset frå 1926, som igjen var grunnlagt på eit fiskarsjukehus frå 1865. Ein samla by har kjempa for å halde sjukehusdrifta oppe. Dermed har sjukehuset styrkt Florø sin identitet. I 1995 vart sjukehuset ei avdeling under Sentralsjukehuset i Førde.

Florø sjukehus ligg i sentrum av Florø, på hjørnet av Hans Blomgata og Torggata, med Storevatnet like bak. Her ser vi sjukehuset øvst midt på biletet.

Florø sjukehus ligg i sentrum av Florø, på hjørnet av Hans Blomgata og Torggata, med Storevatnet like bak. Her ser vi sjukehuset øvst midt på biletet.

Eigar: Firdaposten.

Datering: 2002.

Fotograf: Olav Hatlemark.

Fiskarsjukehuset 1865-1926

Midt på 1800-talet var det eit rikt vintersildfiske utanfor Florø, med deltaking av tusenvis av fiskarar frå heile Vestlandet. Eigne fiskarlegar var i sving under desse fiskeria. Dermed oppstod trong for eige sjukehus, og eit slikt stod klart i Florø i 1865. Det vart finansiert ved oppretting av Vårsildavgiftsfondet, basert på ei avgift på eksport av vintersild (på den tida kalla vårsild). I oktober 1867 vart Vårsildavgiftsfondet sitt eige, nybygde sjukehus opna, med plass til 40 pasientar. Det var distriktslegen i Kinn som hadde ansvaret for drifta. Etter vår tids målestokk kan dette karakteriserast som ei slags sjukestove, der dei sjuke fekk ein skapeleg stad å liggje, og pleie og tilsyn. Fram til 1926 var fiskarsjukehuset berre eit sesongsjukehus for fiskarrar. Interessa voks for eit permanent sjukehustilbod.

Raudekrossjukehuset 1926-1933

Tidleg på 1900-talet hadde Raudekrossen vore med å få i gang sjukehusdrift fleire stader i landet. I 1926 stod den nyskipa Sunnfjord krins av Raudekrossen føre ombygging av det gamle fiskarsjukehuset. Halvparten av kostnaden på 60 000 kr var gåver. Resten vart lånt med garantiar frå kommunar og Vårsildavgiftsfondet. Sjukehuset gav kirurgisk og medisinsk hjelp. Men den store entusiasmen folk hadde møtt det nye sjukehuset kjølna då det synte seg at sjukehuset vart altfor lite.

Fylkessjukehuset etter 1933

I 1927 kom Johan Yttri som ny distriktslege i Kinn, og vart den drivande krafta i realiseringa av eit nytt fylkessjukehus i Florø. I 1930 vedtok fylkestinget bygging av nytt sjukehus. Fylket skulle syte for 3/5 av byggjekostnadene, resten var gåver. Den 30. september 1933 vart det nye bygget, med 60 senger, teke i bruk. Men det var ikkje noko samrøystes fylkesting som stod bak denne satsinga. Følgjeleg kom det på 1930-talet sjukehus i privat regi på Nordfjordeid, i Lærdal og Høyanger. Desse tre vart fylkeskommunale kring 1950. Etter utvidinga i 1962 hadde sjukehuset i Florø fått ei medisinsk avdeling med 40 senger, ei fødeavdeling med 10 senger og ei kirurgisk avdeling med 60 senger.

Sjukehusstrid

På 1960-talet vart kring halvparten av sjukehuspasientane i Sogn og Fjordane handsama ved sjukehus utanom fylket. I 1967 tilrådde Helsedirektoratet bygging av eit større, meir differensiert sjukehus. Dette førte til at fylkesadministrasjonen la fram plan om eit sentralsjukehus i Førde. Det vart ein hard politisk strid, der fylkestinget fleire gonger vedtok å satse på dei fire eksisterande sjukehusa, mot faglege råd. Men den 23. juli 1971 vart striden avgjort då regjeringa Bratteli vedtok ein Kongeleg resolusjon om bygging av sentralsjukehus i Førde.
Forsvaret av sjukehuset i Florø engasjerte folk, og førte til svære demonstrasjonar i gatene. Det toppa seg opp i mai 1977 då fylkestinget handsama organiseringa av sjukehustenesta. Resultatet vart at dei fire lokalsjukehusa skulle haldast oppe, og at sjukehuset i Florø skulle ha 60 senger.
Men sjukehustenesta i fylket var langt frå fasttømra då Sentralsjukehuset stod ferdig i 1979. I nye helseplanar vart det først og fremst sett søkelys på sengetalet i Florø, som burde reduserast. I tida etterpå har det vore ein seig kamp for å forsvare tilbodet ved sjukehuset i Florø, som i 1995 fekk endra status til avdeling under Sentralsjukehuset.

Florø Sjukehus anno 2002

Det medisinske tilbodet på sjukehuset er administrert frå Førde Sentralsjukehus. I Florø fanst det i 2002 ein medisinsk seksjon med 23 senger, ein kirurgisk med 10 senger, Fødeavdelinga vart avvikla etter 1995. Elles har sjukehuset røntgen, laboratorium med blodbank og ein anestesiseksjon. I 2000 vart det frå avdelinga i Florø skrive ut 1264 pasientar med 7680 liggedagar. Frå Førde sentralsjukehus vart det totalt skrive ut 13187 pasientar med 66306 liggedagar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Kystlæremiddelprosjektet, Sogn og Fjordane DH: Hefte 3: Kystbygdene skifter ham. Sogndal 1986.
Stavang, Harald J: : Flora - Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag, Førde 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR