Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 17. januar 2020

Sist oppdatert 17. januar 2020

Kommune

Rå-data

Statensnaustet i Selje – landbase for Gamla lyd- og lysbøye



Heilt nord i Sørpollen, ikkje langt frå Flatraket, står eit stort raudmåla og godt bardunert naust. Folk kallar det Statensnaustet. Det var Fyrvesenet (frå 1981 del av Kystverket) som bygde naustet då Fyrvesenet i 1916 la ut orgelbøye (lydbøye) i skipsleia ved Gamla, vest av Fureneset på Stadtlandet. I mange ti-år var naustet hus for reservebøye og vedlikehaldsarbeid.

Statensnaustet i Selje – landbase for Gamla lyd- og lysbøye. Naustet ligg nord i Sørpollen, på austsida, ikkje langt frå bygda Flatraket. Fyrvesenet bygde naustet i 1917 og brukte det i mange år som hus for reservebøye og vedlikehaldsarbeid. På folkemunne kallast bygningen Statensnaustet.

Statensnaustet i Selje – landbase for Gamla lyd- og lysbøye. Naustet ligg nord i Sørpollen, på austsida, ikkje langt frå bygda Flatraket. Fyrvesenet bygde naustet i 1917 og brukte det i mange år som hus for reservebøye og vedlikehaldsarbeid. På folkemunne kallast bygningen Statensnaustet.

Datering: 2019

Fotograf: Hermund Kleppa

Naust for reservebøye

Orgelbøya ved Gamla, eller som det står i ei kunngjering frå Fyrdirektøren 1921, Gamla lydbøie, blei utlagt hausten 1916. Det var ei etter måten stor bøye, og til alle slike bøyer måtte det haldast reservebøye og ordnast med plass for lagring og vedlikehald. Bøyene var for store til å lastast om bord i Fyrvesenet sine vedlikehaldsskip, Dei måtte slepast til og frå bøyestaden. Til base for Gamla fann Fyrvesenet ein høveleg stad på austsida nord i Sørpollen, like vest for bygda Flatraket.

Det blei ordna med leige av grunn i felles utmark på garden Gangeskar, gardsnummer 91, bruksnummer 1 og 2 i Selje, først ved tinglyst kontrakt datert 27. august 1917 og deretter ved ny kontrakt to år seinare, 2. juni 1919. Fyrvesenet skaffa seg nødvendig plass til naust med opptrekk, samt plass til, som det står i kontrakten, «stakelager». Grunnleiga var 140 kroner året.

Spennande å sjå på

Det går eit høgdedrag ut til Gangeskarneset mellom Sørpollen og Flatraket. Frå Sørollen går vegen no i tunnell gjennom Gangeskaret, medan folk tidlegare måtte gå over og gjennom skaret for å koma frå garden Gangeskar til Sørpollen.

Ole Gangeskar, frå bnr. 1, fødd 1959, fortel 2019 at staden Fyrvesenet bygde naust tilhøyrde Gangeskar-gardane si felleseige. Grunneigarane fekk årleg grunnleige, og den første tida følgde det og med litt betalt arbeid. Seinare tok Fyrvesenet hand om alt vedlikehaldsartbeidet sjølv. Ole Gangeskar minnest at eit fyrskip kom og låg gjerne i fleire dagar. Ungane tykte dette var spennande, og ville av stad og sjå på, men det fekk dei ikkje lov til. (– Dei var kanskje redde for at me skulle gå i vegen.) Dei gjekk då opp i skardet og følgde med derifrå.

Statensnaustet 2019

Ole Gangeskar og Bård Bakke (frå bnr. 2) fortel at Fyrvesenet brukte naustet i Sørpollen til kring 1972. Den leigde grunnen fall då attende til grunneigarane, som kostnadsfritt og fekk overta naustet mot at Fyrvesenet slapp å rydda området. År 2019 står Statensnaustet i god stand. Opptrekket er der og; to skjenegangar opp frå sjøen med lastevogn på den eine. Avrunda tverrstykke vitnar om transport av rundforma gjenstand, lyd- og lysbøyene ved Gamla.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ole Gangeskar, Flatraket, Selje: Munnlege opplysningar. 2019


Johan Kroken, Flatraket, Selje: Munnlege opplysningar. 2019


Bård Bakke, Selje: Munnlege opplysningar, 2019


Statsarkivet i Bergen. Sorenskrivaren i Nordfjord, Selje tinglag, pantebok 1913-1921, s. 181.


Kulturhistorisk leksikon: Gamla - lydbøye og lysbøye på Stadhavet

PERMANENT IDENTIFIKATOR