Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Garden Ramsøy



Garden Ramsøy ligg ved sjøen, på austsida av Nærøyfjorden, lengst i sør. Det gamle gardstunet ligg ved ein berghammar, kring 200 meter opp frå sjøen. Før 1900 vart tre av bruka flytte lenger mot sørvest, til flatane ved fjorden og elva. Innmarka ligg ved husa og lenger mot sørvest, på austsida av elva, lenger framme i Nerøydalen. Stølane til garden ligg sørvest for Nærøydalen, i retning mot Vikafjellet.

Ramsøy, bruk nummer 2, til venstre, og nummer 3 midt i biletet

Ramsøy, bruk nummer 2, til venstre, og nummer 3 midt i biletet

Eigar: Aurland kommune

Datering: 2000

Fotograf: Åsmund Ohnstad

Ein gamal gard

Garden ligg sentralt plassert ved fjorden, men utmarkene kring husa er bratte og ulendte. I mellomalderen finn me namnet Ramseim (Ramsheim) om garden, og dette kan tyda på at garden vart rydda tre-fire hundreår etter Kristi fødsel. Eit par kilometer nordaust for garden gjekk det i eldre tid ein sti opp til fjellområda. Desse områda har i periodar vorte nytta til beite, men berre i liten grad.

Søraust for gardstunet stig fjellet bratt oppover, og høgt oppe, kring 1000 moh. er den karakteristiske Kjelfossen med eit fritt fall på kring 150 meter.

Bruksdeling og folkeauke

I høgmellomalderen har det truleg budd ein eller to familiar med 10-15 menneske på Ramsøy. Etter Svartedauden i 1349/50 låg garden mykje truleg aude like fram til kring 1550. Like fram til 1780-åra var det eitt bruk på garden, men då vart garden delt i tre partar.

I 1845 var det tre bønder, åtte husmenn og i alt 62 personar på garden. Husmennene hadde husa sine nede ved fjorden og elva. Dei leigde noko jord hjå bonden, hadde nokre få husdyr, og dei arbeidde hjå bonden i sommarhalvåret. I 1900 var det 36 menneske på garden.

Produksjonen

I 1723 var avlinga 13 tønner havre, og dei hadde 10 storfe og 12 småfe, sauer og geiter. Kombinasjonen av husdyrhald og åkerbruk var tenleg, for den verdfulle husdyrgjødsla vart nytta på åkrane.

I 1845 var avlingane på gardsbruka og husmannsplassane, 37,5 tønner blandkorn og 72 tønner poteter, og dei hadde 57 storfe og 94 sauer, men ingen geiter. Det viktigaste husdyr-produktet var mjølk, og ho vart nytta til produksjon av ost og smør, koking av graut og anna. Etter 1900 fall korndyrkinga bort, og geitehaldet tok seg opp att. Utover på 1900-talet vart produksjonen av geitost heilt dominerande.

Innmark, utmark og stølar

I 1860-åra vart kring ¼ av innmarka nytta til åker, for det meste til kornåkrar. I området utanfor innmarka, kalla utmarka, beita husdyra om våren og hausten, og bøndene slo grasgangar og sletter og henta ut lauv og ved.

På denne tid var husdyrtalet veldig høgt, og kring halvparten av fôret til dyra vart henta i utmarkene. Arbeidet i utmarkene var ikkje ufarleg. I 1916 fall ein av brukarane, Hermund Iversen, utføre ein berghamar og miste livet.

I midten av juni månad drog folk og dyr 10-12 km oppover Nærøydalen og vidare inn i Brekkedalen til stølen. Fire-fem veker seinare gjekk ferda vidare til Haugane, fjellområdet rett sørvest for Jordalen, til fjellstølen. På stølen vart dyra mjølka, og i eldre tider laga budeiene ost og smør.

På 1950-talet fekk bøndene veg til stølane sine, og dette letta arbeidet mykje. Stølane vart nytta fram til kring 1980.

Etter 1900

Etter 1900 kom det mange turistar til Nærøyfjorden og Nærøydalen, og bøndene fekk ekstrainntekter med å skyssa turistane med hest og vogn. I 1920-åra var det gode tider og gode prisar for jordbruksvarer, men i 1930-åra var det motsett. Då var det vanleg at bøndene i periodar var ute på anna arbeid.

Det er laks og aure i elva i Nærøydalen, og kring 1900 og seinare har bøndene på Ramsøy leigt ut elverettane til sportsfiskarar og fått inntekter av dette. I motsetning til mange andre elvar, så har fiskemengda i elva vore nokolund stabil i seinare år. Etter 1980 har gardsdrifta gått mykje tilbake, og i 2008 er det fastbuande på tre bruk og gardsdrift på to.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Åsmund: Undredal og Nærøy, Gard og Ætt (2006).

PERMANENT IDENTIFIKATOR