Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. august 2010

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Hervabua på Sognefjellet



Hervabua ligg ved Hervassdammen på Sognefjellet. Det er ei lita steinbu som går nesten i eitt med terrenget. Ho er eldgamal og vart sett opp som naudbu for ferdafolk. Henrik Ibsen og fjellføraren hans, Sylfest Saue, skal ha lege verfaste her i tre døgn i 1862.

<p>Hervabua fotografert fr&aring; riksvegen mot Hervatnet. Dammen ligg like til h&oslash;gre for biletkanten.&nbsp;</p>

Hervabua fotografert frå riksvegen mot Hervatnet. Dammen ligg like til høgre for biletkanten. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Bua 2010

Hervatnet er regulert med dam i vestre enden. Den gamle steinbua ligg på sørsida av riksvegen like ved nordre enden av dammen. Bua ligg orientert aust-vest og er på det næraste bygd inn i bakken i nordre enden. Den andre endeveggen med inngangen vender mot vatnet. Bua står open (2010). Inne er det brisk tvers over endeveggen og eldstad ved veggen til høgre for døra når ein kjem inn.

Kjende folk

Hervabua ligg ved ferdslevegen over Sognefjellet frå gamal tid. Avisa Sogn og Fjordane hadde 20.07.1990 eit lite stykke om Hervabua. Eit avsnitt nemner kjende folk i eldre tid som for over Sognefjellet. Saman med ein fjellførar gjekk Henrik Ibsen over fjellet frå aust til vest i 1862. Det kom uver på dei. Då kom Hervabua til nytte. Avisa skriv:

”Her låg Henrik Ibsen verfast i tre døgn saman med fjellføraren Sølvfest Saue i 1862. Det var etter denne turen Ibsen skreiv ”Brand”, og der kan ein lesa kva inntrykk Sognefjellet gjorde på den verdskjende forfattaren vår. Ludvig Holberg vandra over fjellet etter eit opphald hjå ein onkel som var prost i Fron. Henrik Wergeland reiste her i 1832 og den kjende eventyrsamlaren P. Chr. Asbjørnsen for her i 1842.”

Kunne vorte neddemd

I 1950-åra tok Årdal og Sunndal Verk til med kraftutbygging i området her. Dei førde vatn frå vestsida av Sognefjellet til kraftstasjonen i Fortunsdalen. Dam ved Hervatnet var med på utbyggingsplanen. Industrikomiteen var på synfaring saman med representantar frå grunneigarane. Etter dei fyrst planane ville Hervabua blitt neddemnd, men utfallet vart at dammen kom ein litt annan stad. Og dermed vart den gamle bua berga.

Måtte stengjast

Hervabua vart brukt også etter at bilvegen opna i 1938. Særleg bygdefolk brukte bua når dei var til fjells på jakt og fiske. Men med masseturismen måtte steinbua stengjast. Turistane brukte bua som do. I 2010 er døra open, og det ser ut til at ferdafolk no ordnar nødvendige ærend andre stader, enn inne i den gamle steinbua.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 20.07.1990. 

Informasjon frå:
Kjartan Kvien, Luster.