Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. august 2015

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Othilie Tonning – pioner i Frelsesarmeen



«Othilie Tonning – den kjendte oberst i Frelsesarmeen er død, 65 aar gammel». Det var tittelen på ei kort notis i avisa Sogningen tysdag 10. februar 1931. Jamt over stod det svært lite i Sogn og Fjordane-avisene om at hovudpersonen i Frelsesarmeen sitt sosiale arbeid i landet var død, og ingen ting om at Othilie Tonning hadde røter i Sogn og Fjordane. Ho slekta frå garden Tonning i Stryn.

<p>Othilie Tonning p&aring; frimerke. 18. februar 1988 ga Postverket ut minnefrimerka &laquo;Frelsesarmeeen i Norge 100 &aring;r.&raquo; Frimerket med verdien 4,80 kr. har denne teksten: &laquo;Portrett av Othilie Tonning (1865-1931) og scene fra slums&oslash;strenes omsorgsarbeid.&raquo;</p>

Othilie Tonning på frimerke. 18. februar 1988 ga Postverket ut minnefrimerka «Frelsesarmeeen i Norge 100 år.» Frimerket med verdien 4,80 kr. har denne teksten: «Portrett av Othilie Tonning (1865-1931) og scene fra slumsøstrenes omsorgsarbeid.»

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

«Oberst Othilie Tonning død» - nekrolog

Fjordabladet, Nordfjordeid, hadde denne nekrologen:

«Sekretæren for det sosiale kvinnearbeidet i Frelsesarmeen, oberst Othilie Tonning døydde i heimen sin i Oslo fredag [06.02.1931]. Ho var fødd i Stavanger 1865 og arbeidde paa kontor der til 1891, same aaret vart ho offiser i Frelsesarmeen. I 1898 tok ho leidingi av Frelsesarmeens sosiale arbeid i Norig. Fraa 1904 til 1924 var ho sjef for kvinnone sitt sosiale arbeid, eit yrke som ho tok att i 1929. Oberst Othilie Tonning hev lagt ned eit stort arbeid i Frelsesarmeen daa særleg i det sosiale arbeidet.

Ho hev dessutan vore med i Oslo bystyre og formannskap og i ei mengd nemnder soleis utvandringsnemndi si forskingsnemnd fraa 1919. Ho fekk kongens fortenestmedalje i gull for sitt samfundsgagnlege arbeid [1910]."

Bok - «… gode gjerninger lagt til rette …»

I 1941 kom det bok om Othilie Tonning. På tittelbladet står: «Othilie Tonning (…) minnerune over en førerskikkelse i nybrottstider for norsk sosialarbeid. 2. opplag, Slavat Kristelig forlag. Oslo 1941.» Fleire kapitteloverskrifter gjev stikkord til det vidtfemnande arbeidet Othilie Tonning var med i: slumsøstre, «Faklen» (eige blad), julegryten, redningsarbeidet, mødrehjem. barnekrybber, barneherberger, midnattsmisjon, slumsentral, hjem for gamle, kolonier for småbarn, husvilleherberge, m.m.

Minneorda stiftskapellan Egil Johnsen heldt i gravferda og omtalen i Morgenposten, Kristiania, er talande vitnemål om livsverket hennar:

«Oberst Tonning var et av de lykkelige mennesker som fikk leve sitt liv for uegennyttig å tjene andre som hadde det vondt. Den store innsats hun hadde gjort på de sosiale område, var en nådegave hun hadde nyttet. Vi kan ikke alle gjøre det samme som hun, men vi kan alle lære av hennes eksempel, lære å elske og bli lysbærere i hver vårt krets.

Ved Othilie Tonnings død har Frelsesarmeen tapt en av sine største krefter og byen mistet en ildsjel av de sjeldne. I 30 år har hun stått i spissen for det sosiale arbeidet som hennes arbeidskraft, hjertevinnende vesen og enestående administrative evne er drevet fra til å bli en betydningsfull faktor i vårt samfunn (…). Den gjerning hun i livet har utrettet, vil vedvare og være det mest veltalende ettermæle som kan reises over et menneske.»

Kongens fortenestemedalje

I 1910 vart Othilie Tonning heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull. Major Danielsen nemnde tildelinga i minnetalen sin på gravferdsdagen. Orda vitnar om eit menneske som ønskte å dele heider og ære med andre, med medarbeidarane sine, først og fremst slumsøstrene:

«… da obersten [Othilie Tonning] i 1910 hadde fått kongens fortjenestemedalje hadde hun sagt: «jeg føler som om det ikke er meg som er berettiget denne utmerkelse. Jeg skulle helst ønske at jeg kunne dele den opp og gi mine kjære slumsøstre hver sin del av den.»

Tonning – gard og gardsnamn

Tonning er gardsnamn og matrikkelgard i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Garden ligg i Nedstryn, heilt ned mot øyra til fjorden, og omfattar pr. 2015 mykje av Stryn sentrum. Skulen i bygda har namnet Tonning skule. Tonning er ein svært gammal gard. I Jakob Aaland si bygdebok står det: «Tonning ligg særs lagleg til og har difor lenge vore ein samlingsstad for folk i bygda. Her har i meir enn tre hundre år vore handelsmenn og gjestgjevarar. Her har det jamleg budd lensmenn, her er gamal tingstad, her var det på take å skipe ladestad (…)»

Gardsnamnet Tonning er eit uvanleg gardsnamn. Same namn finst berre i Hyllestad, Sogn og Fjordane. Utanom finst namnet Tonningsdalen i eit anna fylke. Om namnet skriv Jakob Aaland:

Den gamalnorske forma (…) var Togningr, i dativ à Togninge. Det vert skrive i eller à Toghenge i Bj.K., [jordeboka Bjørgvin Kalvskinn, midten av 1300-talet], Thonningen (!) i 1563. Thoning i 1567, og sidan Tonning. Tydinga er uviss. Det kunne ha omsyn til [kan ha å gjera med] at jorda jorda ved nyrydjing vart lenger og lenger, men ikkje breiare. Naturtilhøvet gjev grunn til ei sovora tyding. Garden ligg under og langsmed ei noko bratt li, som for det meste er urydjeleg (…). Same namn i Hyllestad.»

Slektsline til garden Tonning, Stryn, Sogn og Fjordane

ANNA OTHILIE TONNING fødd 4. januar 1865 i Stavanger, død 6. februar 1931 i Oslo, høyrde til den norske slekta Tonning med opphav på garden Tonning i Stryn. I Norsk Biografisk Leksikon (b. XVI, 1969) er slekta ført tilbake til Rasmus Salomonsen Togning, nemnd som lensmann i 1621.

Foreldre – Henrik Fasting Tonning og Anna Olsdotter Saude

Henrik Fasting Tonning (1823-1896), fødd på Sand, Rogaland, og Anna Olsdotter Saude. H.F. Tonning budde fleire stader, såleis i Stangvik på Nordmøre (1874-1877), i Stavanger og Klepp. Han var gardbrukar, sjømann, trelasthandlar, frå 1860 nokre år kaptein på dampskipet «Ryfylke», seinare fyrvaktar på Feistein og Obrestad.

Farfar – Peder Kristian Tonning

Peder Kristian Tonning (1792-1866), , fødd i Fusa, gift med Joren Rasmussen «Lenne», Stavanger. I 1822/1823 busette han seg på Sand som landhandlar etter at han hadde reist til sjøs fleire år, den siste tida som styrmann. Allsidig verksemd på Sand: handel, gjestgjevar, laksefiske, jekteeigar. Flytte i 1862 til Hetland og budde hjå sonen Henrik Fasting.

Oldefar (farfars far) - Rasmus Tonning

Rasmus Pederson Tonning (1744-1835), fødd i Stryn, Innvik prestegjeld, gift med Alida Marie Fasting. Han var teolog, og gjorde teneste i Førde, Os, Vikøy og Hjelmeland (1807-1823). I 1823 flytte han til Hellesøy, Hetland prestegjeld. Rasmus Tonning døydde i 1835 og vart gravlagd på Høyland kyrkjegard.

Tippoldefar (farfars farfar) – Peder Tonning

Peder Pederson Tonning (1708-1798), fødd i Stryn, Innvik prestegjeld. Han budde på Tonning, var handelsmann, gjestgjevar og ei tid lensmann i Olden. Peder Tonning døydde i januar 1798, 90 år gammal.

kjelder:

Nicolaisen, Bertha: Othilie Tonning (…), 1941.
Norsk Biografisk Leksikon, band XVI, 1969.
Aaland, Jakob: Nordfjord frå gamle dagar til no. (…) Innvik – Stryn, (1932), nyutgåve 1973.
Skiftun, Tor: Hjelmeland. Skipreid, herad og kyrkjesokn, gard og ætt. 1938.
Drange, Ernst Berge: Sand. Gardar og folk, III. 2000.
 

Digitalarkivet: kyrkjebøker og folketeljingar.
Opplysningar i epost frå:
Randi Melvær, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Marianne Jernberg, Krigsropet.
Ernst Berge Drange, Ryfylkemuseet.
Ellen Marie Skjefstad, Frelsesarmeen.
John Bartveit, Frelsesarmeen.