Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Intervju om Skavøypoll bedehus



Skavøypollen er namnet på området på austsida av Ulvesundet ved Måløy. Indremisjonsfolket i denne krinsen skipa indremisjonslag i 1955. Frå fyrste stund var det eit arbeidsmål å byggja bedehus. I 1965 hadde dei tomt og teikningar, men først i 1979 vart Skavøypoll bedehus teke i bruk og vigsla.

Skavøypoll bedehus 2013. Huset ligg på sørsida av riksveg 15, Måløy - Nordfjordeid, ein snau kilometer innom Måløybrua.

Skavøypoll bedehus 2013. Huset ligg på sørsida av riksveg 15, Måløy - Nordfjordeid, ein snau kilometer innom Måløybrua.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Intervju i 1965

I 1965 var Johannes Ervik formann i Skavøypoll Indremisjon. I eit intervju med Fjordenes Tidende fortalde han om bedehussaka. Intervjuet gjev eit godt bilete av status for det påtenkte bedehuset i Skavøypollen, og er i ettertid ei formativ bedehus-historisk kjelde. Intervjuet er her attgjeve slik det stod i avisa.
Fjordenes Tidende, 26. april 1965:

«Bedehuset på Fastlandet vert ein realitet. Storaksjon for å samle byggekapital i gang med det første.

I ei tid har det vore arbeidd målmedvite for å få reist eit bedehus i Skavøypoll. Det er sterk trong for eit slikt hus i området [Måløybrua vart teken i bruk 1973], og det er stor interesse mellom folket på fastlandet for å få planane realisert så snart som råd er. Vi spør formannen i Skavøypoll Indremisjon, Johannes Ervik korleis det går med bedehusplanane.

Jau. Tomten ligg klar og ventar på villege hender som kan ta fatt, og arbeidsteikningane med beskrivelse ligg ferdige her på bordet. Når vi ikkje har våga å setje arbeidet i gang, er det fordi vi står for lite sterkt økonomisk.

Kven står i brodden for dette tiltaket?

Det er Skavøypoll indremisjonslag. Huset vil bli styrt og utleigt i samhøve med normalføresegner for bedehus.

Er ikkje Skavøypoll indremisjonslag eit heller lite lag?

Vi skulle ønskje at laget var både større og sterkare. Men namnet Skavøypoll dekkjer ikkje det område som soknar til laget. Namnet er nytta som krinsnamn for skulen, og vert såleis og nytta for lag og samskipnader i bygda. Skavøypoll krins rekk no frå Evja til Hagevik, ei strekkje på 10-12 km. Indremisjonslaget har lagslemer frå dei fleste grender i dette området. Med det same kan eg nemne at bedehustomten har fått namnet GRY. Det ligg symbolikk i dette namnet – og von om vokster.

Kvar ligg tomta?

Tomta ligg på vestsida av riksvegen om lag 600 m innafor Kulen-vegen.

Storleik på tomta og plassering av huset?

Tomta er vel 1800 kvm og ligg særs lagleg til. Huset skal stå på eit bergplatå, og kjem ca 26 m frå vegen.

Romprogram?

Huset er planlagt som eit hovudbygg og eit sidebygg. Det vert ein stor sal på 140 kvm, ein liten sal på 70 kvm, eit lags- eller klubbrom på 30 kvm, kjøkken, garderobe og andre tilhøyrande rom. Alt vert på eitt golv. Heile golvflata vert på 315 kvm.

Byggemåte?

Huset skal oppførast i mur med «Sundolitt» eller «Isopor» isolasjon.

Arkitekt?

Huset er planlagt og teikna av arkitekt Erling Bakke-Eidså, Askim. Han har reist for Landsindremisjonen rundt i heile landet som forkynnar, og samstundes har han planlagt og teikna bedehus. Det er i desse dagar eit år sida han var her i Skavøypollen. Han er «far» for ca. 300 bedehus som er reiste kringom i landet og skulle såleis ha god røynsle i dette arbeidet.

Kostnad?

Huset er ikkje kostnadsrekna. Ein vonar at folket i bygda vil sjå stort på dette tiltaket, og at mange vil vere med på dugnadsarbeid så langt råd er. Eg ser at i mange andre bygder vert det gjort slik. Ein skulle på den måten kome relativt rimeleg frå arbeidsløna. Vi må no ta sikte på å kare saman så mykje pengar at vi har til innkjøp av materialer o.a.

Finansieringa?

Den einaste veg vi har å gå er å tigge – og atter tigge. Den 7. mai er det 10 år sidan indremisjonslaget vart skipa. Vi vågar oss difor til å setje i gang ein «jubileumsaksjon» og sender i desse dagar ut gåveposar til alle huslydar i krinsen under parolen: Løft i flokk! Det er vår von at folk vil ta vel imot denne oppmodinga og vere med å løfte etter beste evne og hjartelag. Og så reknar vi med Guds signing. «Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggjer.»

Status 2013

Johannes Ervik var ei av eldsjelene i arbeidet med å få bygt bedehus i Skavøypoll. Han er heidra med bilete i bedehuset. I dag (2013) er bedehuset i god stand og mykje brukt, både til indremisjonslaget sine aktivitetar og samkomer av anna slag. Indremisjonslaget som no heiter Skavøypoll Normisjon, har 12 medlemmer, «mest damer».

 

 

kjelder:

Fjordenes Tidende, 26.04.1965
Informasjon frå Ruth Isene

PERMANENT IDENTIFIKATOR