Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. desember 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Klippfisktørking i Solund



På fleire plassar i Solund tørka dei torsk på berga. Fisken kom flakt og salta med jekter frå Lofoten i april/mai. Friske hender vaska, vende og stabla til det ferdige produktet endeleg kunne førast til Bergen for sal.

Dei solvende torskeberga i Pollen var gode å arbeide på og ein glimrande tørkeplass. Her var godt tilflot og god plass for fisk. Dessutan låg Simmerøyna så nær til at same føringsjekta og arbeidslaga kunne operere på begge plassar om det høvde slik.

Dei solvende torskeberga i Pollen var gode å arbeide på og ein glimrande tørkeplass. Her var godt tilflot og god plass for fisk. Dessutan låg Simmerøyna så nær til at same føringsjekta og arbeidslaga kunne operere på begge plassar om det høvde slik.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2001.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Same jektene frå år til år

Fisken vart tørka på flate, solvende berg ved sjøen. Årvisst kom jekter til plassar som Tungodden, Pollen, Litle-Færøyna og Nordre Kråkeneset. Kor langt attende tørkinga her sør har gått før seg, er uvisst. På Tungodden vart det iallfall turka fisk på slutten av 1800-talet. Ein gutunge som var med i arbeidet der på Oddeberga, skreiv seinare at det kom 2-3 tysnesjekter dit med fisk kvart år. På berga i Pollen, frå Pollevika til Strembeneset, vart tørka fisk fram til 1931. Til Nordre Kråkeneset kom same hardangerjekta 8-9 år, fortel ein som deltok som gutepøyk på Kråkenes-flæene nordvest for Nilsvika. Mosen på berga skrapa, salta og børsta dei vekk.

Lasta over i robåtar

Når jekta kom, losa dei henne først til trygg fortøyingsplass. Så stilte folk med færingar og seksringar ved skutesida. Kvinner, born frå 11-12 års alder og menn deltok, gjerne i arbeidslag. Først lempa mannfolka fisken or rommet og opp på dekk. Så derfrå og ned i båten. Her måtte det teljast for dei fekk ein viss sum for kvar 100. Når dei hadde manøvrert båten fram til vaskeplassen ved tørkeberga, kasta dei fisken opp i fjæra for å bløyte han. Ved Tungodden passa borna på at ikkje "sua" (sjødraget) drog fisken for langt ut! Først når fisken var blaut, kunne han vaskast gullande rein.

Med samantova ullvottar til knes i sjøen

Mannfolk i oljebukse og sjøstøvlar sette seg i fjæra, kvinner stod på knea med oljeforkle på. Vaskeprosessen tok fleire dagar. Fisken kasta dei over hovudet bak seg og opp i berget. Då var det ungane sin tur å bere han flofritt. Deretter skulle han hompast, dvs. dei la eit langt lag med skinnsida på berget, neste lag med skinnsida opp. Hompen kunne vere lang, og kring halvmeteren høg. Han vart ståande slik nokre dagar.
Så snart dogga var borte frå berget om morgonen, var det å leggje fisken utover til tørk. Var det godt vêr, vart han snudd utpå dagen.

Seige arbeidstørnar

Om kvelden skulle han hompast att. Når fisken vart turrare og stiv, sette dei han saman to og to. Etter ei tid vart han sett i stakk. Borna bar han til rettes. Det var eldre koner som best kunne kunsten å leggje fisken i runde stakkar. Når vaksne ikkje nådde opp lenger, vart det lagt dekke på av russenever, som var i store flak, og oppå der att rikeleg med stein. Dagane gjekk med å leggje utover, snu og om kveldane staple i stakk. Folk rodde lange vegar morgon og kveld, dei fleste måtte tampe seg fram over vêrharde osar.

Høgtidssam avlønning

Då fisken endeleg var tørr, skulle han om bord att. Mannfolka bar han på bårer ned berga og innpå ein større båt, oftast ein søring. Det var også menn som lempa fisken opp på jektedekket. Skipperen peika ut dei konene som nøyaktig skulle staple fisken i rommet. Likeins dei ungane som skulle jobbe på og under dekk. Under lasting serverte kokken smørbrød og kaffi!
Når skuta var lasta, gjekk ein og ein ned i kahytta til skipperen og fekk oppgjer. Kvinnene fekk 80 øre dagen. Mennene fekk litt meir. Seinare gjekk betalinga opp i 1,20 kr om dei var dyktige. Borna fekk 40 til 60 øre, og 80 frå konfirmasjonsalderen. Alt var på eigen kost.

kjelder:

Steinsøy, Alf: Solund. Gards- og ættesoge. Bind 1 og 2. Solund 1982.
Mjåtvedt, Cecilie og Svein: Sulingane seie so .. Folkeminne frå Solund. Norsk Folkeminnelag 1981.
Stensund, Olai: Eit sjølvbiografisk bokmanus ferdigskrive 1961. Forfattaren f. 1877, var son til gjestgjevar og handelsmann Ole Sjursen Halland paa Stensundholmen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR