Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hjellestøylen



Hjellestøylen ligg i Våtedalen, på vestre sida av elva og 6-7 km inn frå tunet. Høgd ca. 175 m o.h. Stølen høyrer til brukarane på Hjelle, gard nr. 109. Teitastøylen ligg rett innanfor, men det er få restar etter den. I dag er det berre hustuftene att av stølen. Men stølen har vore stor, det vitnar dei kring 20 hustuftene om.

Hjellestølen, berre tuftene står att.

Hjellestølen, berre tuftene står att.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Frå tunet går 5 km innmarksveg og vidare 1,5 km rås inn til stølen. Ved å gå og/eller kløvje trengst ca 1 time. Det kom hovudveg gjennom dalen på andre sida av elva ved århundreskiftet. Då fekk dei seg taubane over elva med kasse med trinser slik at dei kunne transportere både gods og folk over elva. I 1909 slitna strengen då to stølsjenter skulle ta seg over. Ei av dei sette livet til.

Bruk av stølen

Frå Bygdeboka tek vi med:
" I nær sagt uminnelege tider har her vore til dels skarp strid om støl, beite og slåttemark i Våtedalen, med fleire gardar i området som partar. I dei eldste dokumenta går dalen under namnet "Løddedal" eller "Lødal", men også "Vaattedalen" er brukt. Vi ser fleire gonger i gamal tid at hovudpartane var Bergheim, Hjelle og Egge på eine, og Klakegg i Jølster på andre sida. I 1560 åra gjekk Klakeggmennene så drastisk til verks at dei brende opp stølane til Bergheim og Hjelle. Dei to jølstringane som stod bak fekk hard dom. Beiterettane var viktige for tilgrensande gardar og alt tyder på at eigedomstilstanden inne i dalen hadde vorte uklår etter lang øydetid etter Svartedauden."

I "Stølslia" rett over tunet i høgde ca 590 m o.h., er tre tufter ved sida av kvarandre som nokså sikkert har vore støl. To av desse er steintufter medan den tredje var større og med torv-vegger på 3 sider. Liknande er sett på gamle stølar i indre Sogn og i øvre Jæren (Ueland). Dette er truleg ein eldre støl enn inne i Våtedalen. Høgt oppe i fjellsida ved Stølslia var og restar etter høylader. Dette understrekar kor viktige beite- og innhaustingsområda har vore i alle tider for gardane. Stølstida var frå jonsok til barsok. Dei slutta å gå på Hjellestøylen i 1940-50 åra.

Nokre fakta

Hjelle, gard nr. 109, Breim sokn, hadde 6 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR