Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Helleristingane i Ausevika


I Ausevik ved Høydalsfjorden ligg eitt av dei største helleristningsfelta på Vestlandet med meir enn 350 figurar. Motiva er varierte, og fleire forskarar meiner feltet viser ei side av overgangen mellom veidesamfunn og jordbrukssamfunn. Feltet i Ausevik blir gjerne sett i samanheng med det større feltet i Vingen i Bremanger.

Ausevika inst i Høydalsfjorden. Her ligg eit helleristningsfelt som skil seg ut ved at det ikkje berre er dyrefigurar som t.d. hjort, men også spiralar, sirklar, labyrintar og andre merkelege figurar.

Ausevika inst i Høydalsfjorden. Her ligg eit helleristningsfelt som skil seg ut ved at det ikkje berre er dyrefigurar som t.d. hjort, men også spiralar, sirklar, labyrintar og andre merkelege figurar.

Eigar: I Flora - Kulturhistorisk vegvisar.

Datering: 1998.

Fotograf: Torkjel Djupedal.

Varierte motiv

Feltet med helleristningar i Ausevik ligg på eit austvendt svaberg og her er registert og granska meir enn 350 enkeltståande figurar. Hovudmotivet er hjort, som det finst om lag 100 figurar av. I tillegg kjem ei rekkje figurar av menneske, andre dyr og plantar - hundar, ulvar, fiskar, fuglar og tre. Dei resterande meir enn 120 figurane har abstrakte motiv - spiralar, groper, konsentriske ringfigurar, linjemønster og andre geometriske figurar.

Ausevik vert "oppdaga"

Den første forskaren som undersøkte feltet, var Johannes Bøe, tilsett ved Bergens Museum. Han publiserte ei avhandling om Vingen-feltet i 1932, og denne vart omtala i lokalpressa. I samband med dette skreiv Tor Grønevik frå Ausevik brev til Bøe om at "truleg er det noko slikt som stend innhogge i eit berg på bøen her". Bøe reiste til Ausevik i 1934 og utførte ei grundig gransking. På den tida var feltet nokså overgrodd. Bøe fann fleire figurar under torva, men ofte var fjellet så porøst at ein risikerte at helleristningane vart øydelagde om ein avdekte dei. I 1950-åra drog han tilbake, og fann då at fleire av bileta i mellomtida var skada.

Rom for ulike tolkingar

Seinare har Ausevik-feltet vorte granska av fleire arkeologar, og tolkingane varierer mellom forskarane. Anders Hagen, som undersøkte feltet grundig i 1963-1966, skreiv ei eiga bok om feltet. Han meiner at jakta er eit viktig tema i figurane, men òg at den omfattande symbolbruken er teikn på ein samansett mytologi. Egil Bakka understrekar det seksuelle motivet, mellom anna i figurar som kan likne på kvinnelege kjønnsorgan og bilete av mogleg seksuell omgang med dyr. I følgje Gro Mandt kan feltet ha vore ein sentral heilagdom og kultstad for distriktet.

Bergkunst i ein overgangsfase

Tolkinga av helleristningane i Ausevik er avgjerande for tidfestinga av feltet. Vanlegvis skil ein mellom veidekunst og jordbrukskunst. Mens fleire forskarar ser på feltet som rein veidekunst, meiner Anders Hagen og Eva M. Walderhaug at ein kan sjå spor av både jordbrukskultur og jaktkultur i bileta. Hagen daterer feltet til om lag 1800-1500 f.Kr., i overgangen mellom steinalder og bronsealder, mens Walderhaug, som ser feltet i samanheng med feltet i Vingen, tek høgde for at det kan vere noko eldre.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hagen, Anders: Helleristningar i Noreg. Oslo 1990.
Walderhaug, Eva M.: "Ansiktet er av stein." Ausevik i Flora - en analyse av bergkunst og kontekst. Hovudfagsoppgåve i arkeologi. Universitetet i Bergen 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR