Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

St. Olafs kyrkje - Engelskkyrkja



Den engelske kyrkja i Balestrand er bygd som ei etterlikning av ei stavkyrkje. Kyrkja, som har 95 sitjeplassar, vart vigsla 18. juli 1897. Det var Margaret Sophie Green, gift med Knut Kvikne, som hadde ideen til kyrkja. Arkitekt Jens Zetlitz Kielland laga teikningane. St. Olafs kyrkje er anglikansk og er eigd og driven av Church of England.

Engelskkyrkja står litt opp frå sjøen ved Balaviki, like sør for Holmen, sentrum i Balestrand. Ho står på oppsida av vegen som går gjennom tettstaden. Seinare er det kome til fleire bygningar rundt kyrkja enn dei som viser på dette biletet.

Engelskkyrkja står litt opp frå sjøen ved Balaviki, like sør for Holmen, sentrum i Balestrand. Ho står på oppsida av vegen som går gjennom tettstaden. Seinare er det kome til fleire bygningar rundt kyrkja enn dei som viser på dette biletet.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 1910.

Fotograf: Ukjend.

Miss Green, fjell, kyrkjer og kjærleik

For dei mange turistane som kjem til Balestrand, er møtet med den engelske kyrkja, Church of St. Olaf, ei uventa og gledeleg overrasking. Ho er norsk i stilen, men gudstenestene går føre seg på engelsk og etter anglikansk mønster. Dei vert forretta av engelske prestar som kvar sommar skifter på å gjere teneste her.

Bilete av engelsk prest utafor kyrkja.

Det er ei heilt spesiell historie som ligg til grunn for at kyrkja vart reist. Det er historia om den engelske prestedottera Margaret Sophia Green, som kom til Norge fyrste gongen i 1886. Kyrkjer og fjell skal ha vore hovudinteressene hennar. Albumet til Margaret er fylt av bilete frå spennande fjellturar i Norge, og kyrkjer og engelske katedralar.

Det var fjella som førte henne til Norge, og til Balestrand. Ho var ein kvinneleg pioner innan klatresporten, og alt under sitt fyrste opphald i landet klatra ho til topps på Romsdalshorn. Mrs. Slingsby hadde gjort denne bragda to år før henne. Samstundes som Margaret utforska fjellterrenget i Romsdalen, Geiranger og Nordfjord, var det andre turistar som oppsøkte landskapet langs Sognefjorden. I Balestrand levde ein ung, flott hotellvert med namnet Knut Kvikne. Han er omtala som ein gentleman med stilig knebelsbart, og ivrig etter å vise turistane fjella og fjordane.

Bilete av hotelleigar Knut Kvikne og den engelske prestedottera Margaret Sophia Green.

Denne mannen var det Margaret møtte då ho på nytt søkte mot norske fjell, og fann vegen til Balestrand i 1888. Gneisten mellom dei vart kveikt, og sommaren etter kom ho tilbake til Balestrand. I 1890 stod bryllaupet på Kvikne's, mellom hotellverten og den uvanlege prestedottera frå England. Det er omtala som eit staseleg bondebryllaup med høgtidleg vigsle i Tjugum kyrkje.

Eit minne om Margaret

Lukka skulle ikkje vare lenge, for etter kort tid fekk Margaret tuberkulose, og døydde i 1894 etter fleire månader til sengs. Truleg var det fyrst på dødsleiet ho fekk fortalt Knut om draumen ho bar på, om at der skulle byggjast ei engelsk kyrkje i bygda. Det gjekk ikkje lang tid før Knut sette i gang med arbeidet med å oppfylle dette heilt spesielle ønskjet. Frå broren Ole, som Knut dreiv hotellet saman med, fekk han ein parsell av eigedommen til føremålet. Og takka vere store økonomiske bidrag frå dei to amerikanske kvinnene Gertrude Abbot og Elisabeth Winslow Peters, kunne kyrkja vigslast berre tre år etter at Margaret døydde.

Kvifor det var så viktig for Margaret å få bygt ei kyrkje? Det er sagt at ho fann seg dårleg til rette i Tjugum-kyrkja. Ho meinte at soknekyrkja i bygda var kald og snau i høve til det ho var van med frå England. Då var ho mykje meir oppglødd over dei gamle stavkyrkjene. Alt i 1886, fyrste gongen ho var i Norge, besøkte ho Fantoft stavkyrkje i Bergen, opphavleg den gamle stavkyrkja i Fortun. Det er tydeleg at kyrkjestilen gjorde eit sterkt inntrykk på henne. Biletet av den staselege kyrkja fekk plass i albumet. Det var noko slikt ho drøymde om, ein stad der turistane og tilreisande som ho sjølv, kunne koma og søkje stille og fred. Og nettopp det har tusenvis av turistar i Balestrand kunna gjere seinare åra, takka vere Margaret.

Kyrkjebygningen

Utanfrå liknar ho ei slags stavkyrkje, men med liggjande tømmer, og det er tydeleg at ho ikkje høyrer til den eksklusive gruppa av veldig gamle kyrkjer. At ho er stilfull og vakker, kan ingen nekte for. Ho ligg i tradisjonell aust-vest-retning, med koret vendt mot soloppgangen. På takryttaren over det høgreiste midtskipet er det plassert drakehovud, og over der er tårnspiret, midt på kyrkjetaket. Tauverket som styrer ringinga er ført gjennom det senka flate taket midt i kyrkjeskipet, og endar nede i midtgangen. Kyrkja har eit spir til, plassert over koret. Sjølve kordelen er apsisforma, med ein nedre del som skrånar opp mot den noko smalare, øvre veggen. Noko av særpreget i kyrkja sett innanfrå, er dei ni glasmåleria oppe på korveggen, som alle viser helgenar. På den nedre veggen er der boga vindauge med heile, blanke glas, med same form og storleik som rekkjene av 12 glas langs veggene i sideskipa. Fem søyler er plasserte på kvar side i midtskipet. På dei heng det kvite parafinlamper moderniserte med elektrisk lys.

Bilete av skipet til kyrkja.

Bilete av kyrkja.

Om ein besøkjer Balestrand om våren, er det enno ingen engelske prestar i bygda, men kyrkja står opi. Folk kan gå inn og kveikje lys. Dei kan studere fana med biletet av helgenkongen og lesa på minneplatene etter dei som gjorde det mogleg å reise kyrkja. Til slutt endar ein opp ved det måla portrettet av Margaret. Det er eit sårt preg over andletet. Ho som var slik ei sterk og livsglad kvinne er i ferd med å tape livet. Dei mange som går inn og ut av kyrkja gjennom turistsesongen, kan ikkje la vere å møte blikket hennar. Og alle som får vite om bragdene hennar, vil måtte beundre Margaret, kanskje aller mest for den siste store utfordringa ho søkte, St. Olafs-kyrkja, som turistar frå heile verda gjennom mange, mange generasjonar vil få glede av.

Bilete av kyrkja.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1897 er måla av Emma Pastor Normann, og viser den oppståtte Kristus. Kunstnaren har fått fram at den sigrande Kristus kjem frå den andre sida. Han er den same som i jordelivsdagane, og samtidig utanfor tida og rommet (transcendent), og gjer seg nærverande og møter kyrkjelyden sin som samlar seg i hans namn.

Det meste av inventaret er frå 1897. På alteret står to lysestakar og ein kross, alle i messing. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv.

Dei ni glasmåleria i koret over alteret framstiller ni ulike helgenar. Det fyrste måleriet frå venstre syner Maria, Jesu mor. Det andre framstiller St. Colomba (521-597), som er rekna som ein av tolv apostlar frå Irland og kjend som grunnleggar av det berømte klosteret på øya Hy (Iona) sørvest for Skottland. Det tredje er St. Sunniva, vernehelgen for Vestlandet. Bilet nr. 4 framstiller St. Clemens (f. ca. år 50). Det femte viser St. Bride (452-525). Rundt år 470 grunnla ho det første kvinneklosteret i Irland, Kildare, sørvest for Dublin. St. Olav, helgenkongen som vart helgenkåra av biskop Grimkjell, er på det sjette glasmåleriet. Det sjuande framstiller St. Svithun (ca. 800-862) frå Wessex i England, som vart skytshelgen for Stavanger. St. Georg (280-303), som er på det åttande måleriet, er ein av dei mest berømte martyrane frå oldkyrkja. Han er nasjonalhelgen for England, og skytshelgen for kunstnarar, gutespeidarar og speidarrørsla. På det niande bilete er St. Hallvard (ca. 1020-1043), som vart skytshelgen for Oslo.

Bilete av personalet på Fylkesarkivet på ekskursjon til kyrkja i 1997.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR