Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tyskarane bygde veg langs Årdalsvatnet



Fleire tusen krigsfangar frå Europa var med på å byggja vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. I 1942 var eit provisorisk vegsamband ferdig. Det skulle sikra tyskarane gode kommunikasjonar i oppbyggjinga av ein aluminiumsindustri i Årdal.

Ein tysk ingeniør på synfaring 19. mars 1941. Steinbukkar eller stubbebrytar vart nytta til opplasting av stein og til muring. Vegen var farbar ved årsskiftet 1941-42. Øvre Årdal i bakgrunnen.

Ein tysk ingeniør på synfaring 19. mars 1941. Steinbukkar eller stubbebrytar vart nytta til opplasting av stein og til muring. Vegen var farbar ved årsskiftet 1941-42. Øvre Årdal i bakgrunnen.

Eigar: Hydro Aluminium Årdal

Datering: 1941

Fotograf: Ukjend

Med tysk drahjelp

Vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal var av stor interesse for heile Årdalssamfunnet, men det vart ikkje gitt løyvingar til vegsambandet før i 1936. Arbeidet gjekk seint. Då tyskarane okkuperte Noreg i april 1940, tok dei over vegarbeidet. Dei ville byggja eit aluminiumsverk i Årdal og trong betre kommunikasjonar.

Tyske planar for storindustri

I 1941 selde Norsk Hydro A/S Tyinfaldene til det norskoppretta selskapet A/S Nordag. Dei tyske planane i Årdal gjekk ut på å fullføra Tyin kraftverk, byggja oksidfabrikk på Årdalstangen og elektrolyseanlegg for produksjon av råaluminium i Øvre Årdal. Tyskarane ville framstilla aluminium til krigsindustrien, mellom anna for å få lettmetall til den viktige flyproduksjonen. Dei tyske planane for Årdal var ledd i ein større plan for industrireising i Noreg.

Vegen med i planane

Fullføringa av det påbyrja vegprosjektet var og med i tyskarane sine planar. Nordag engasjerte mange entreprenørfirma i industriutbygginga, mellom anna "Sambygg" som var ei samanslutning av fleire firma i Bergen. Firmaet "Ingeniør Alf Torp" var ansvarleg for sprengingsarbeidet for kraftstasjonen. Torp var samstundes ansvarleg for vegbygginga langs Årdalsvatnet i kraft av å vera vegsjef. Planen var at kraft- og aluminiumsanlegget - og veganlegget, skulle vera ferdige mot slutten av 1942.

Kamp om arbeidsfolk

Ein rapport frå 1943 fortel at arbeidsstokken var rundt 5000. Frivillige, tvangssende og krigsfangar skulle vera med på å byggja opp dette gedigne anlegget. Hit kom unge og gamle frå 15 land, mellom anna frå Sovjet, Frankrike, Danmark og mange kom frå ulike stader i Noreg. Ikkje alle var like arbeidsføre, og svært mange var lite vane med vegarbeid. Ein del søkte seg til Årdal av di betalinga var høgare. Bønder frå heile Indre Sogn kom til anlegget med hestar for å transportera bygningstein til murar og bru-kar. Også Vegvesenet måtte sende sine folk dit. Dei som jobba på anlegget Leikanger-Hella var ei stund i Årdal.

Fimbulvinter og dårlege brakker

Første krigsåra kom med kulderekordar. Den første vinteren vart folk innkvarterte mellom anna i ungdomshuset, der dei måtte spikra opp køysenger. Det var dårleg med sengeklede, og dei måtte fyra på spreng for å halda varmen. Seinare bygde dei brakker med trematerialar frå Kaupanger. Det var vanskeleg å skaffa brensel til brakkene så vel som drivstoff til kompressorane, karbid til lampene i tunnelane og elles materialar og reiskap.

Ingen nåde hjå vegsjefen

Det finst mange historier frå anlegget som viser kor tøffe forhold arbeidarane hadde. I ei av brakkene budde det 15 mann og ei kokke. Det var meinis på vatnet, som var einaste vegen for desse å komma seg til folk og til handelsmann. Oppsynsmannen bad vegsjefen om hjelp til å kjøpa inn eit lite matlager, men det var blankt avslag. Det førte til at oppsynsmannen sa opp jobben sin. Men heller ikkje det gjekk. Han fekk derimot permisjon og småjobbar på heimstaden.

Vanskeleg terreng

Det var bygd ferdig 6,5 km veg då tyskarane greip inn i bygginga. 4-5 km veg stod att. 500 mann vart sett inn i vegarbeidet. Av desse jobba 150 mann med den 800 m lange Steggjetunnelen. Vegen gjekk gjennom vanskeleg og rasfarleg terreng. Dei måtte sprengja seg gjennom fjellet i fleire tunnelar, og elles sprengja vegen inn i fjellet. Med bensinrasjonering og elles problem med å få fatt i brensel var det inga lett oppgåve. Dei hadde få bilar, dårleg med maskiner, og mykje av vegarbeidet vart difor gjort med handemakt.

Forseinka anlegg og store kostnads-overskridingar

Vegen vart gjort farande, på eit vis, tidleg på etterjulsvinteren i 1942, men berre for små køyretøy. Dei la difor eit provisorisk jernbanespor på yttersida av vegen, men det var uråd å få tak i så mange lokomotiv at ein kunne få særleg nytte av jernbana. Vegarbeidet heldt difor fram det meste av 1944. Årdal Billag ser ut til å ha hatt båtrute på vatnet medan vegarbeidet pågjekk, truleg fram til 1945. Det finst også ein kontrakt om leige av båten "Dagning", som skulle fraktast opp i vatnet og nyttast i denne ruta. I tillegg gjekk "Årdalsfjord", som hadde vore i drift sidan 1928 for Årdal Dampskipslag.

Eit svært dyrt veganlegg

Vegvesenet, som var ansvarleg for bygginga, presenterte ei rekning på over 5 mill. kroner til den tyske okkupasjonsmakta. Anlegget var i utgangspunktet kostnadsrekna til rundt 1,4 mill. kroner. Selskapet Nordag skulle forskottera veganlegget, men berre meirkostnaden for forseinkinga av vegen. Overskridingane vart grunngjeve med at kabelgrøfta kom i tillegg, at stikkrennene måtte leggast djupare enn kabelen - og at vegen fleire stader vart gjort breiare enn dei planlagde 5 m.

Rettsak mot vegsjefen

Etter krigen vart det reist tiltale mot vegsjefen for økonomisk landssvik. Det vart hevda at han hadde hatt stor forteneste på anleggsarbeidet, avdi Torp også var engasjert i utbygginga av fabrikken, men mange vitna til fordel for Torp. Han hadde ved fleire høve gått i mot både tyskarane og dei norske nazistane. Korkje fylkesmann Hans Seip, eller vegdirektør Andreas Baalsrud hadde hatt innvendingar mot at Torp påtok seg oppdraget i Årdal. Rettsaka enda med at Torp måtte tilbakeføra 270.000 kr, men fekk gå tilbake til jobben sin.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ve, Søren (red.): Bygdebok for Årdal. Natur og næringsliv, band I. Årdal Sogelag 1971.
Guddal, Alfred: Pensjonisthelsing, Vegstubben, s. 13 nr. 2-77.
Nordstrand, Ingemar: Vegfolk fortel. Vegminne frå Sogn og Fjordane. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 1994.
Årdal Før og No, Årdal Sogelag, s. 14-23. nr. 11-1998.
Årdal Før og No, Årdal Sogelag, s. 14-23. nr. 17-2001.
Samtale med Bjørn Lindland, Årdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR