Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Firda Billag



Firda Billag er det største rutebilselskapet i Sogn og Fjordane, og er eigd av 13 kommunar, med hovudsete i Førde. Billaget transporterer dagleg meir enn 6100 passasjerar, både innanfor og utanfor fylket, og står for ein stor og variert varetransport.

Firda Billag har hovudkontoret sitt i Førde. Det er det største rutebilselskapet i Sogn og Fjordane, og er eigd av 13 kommunar.

Firda Billag har hovudkontoret sitt i Førde. Det er det største rutebilselskapet i Sogn og Fjordane, og er eigd av 13 kommunar.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Arild Reppen.

Bakgrunn og skiping

Firda Billag hadde sitt grunnlag i trafikken som voks fram på vegstrekninga mellom Vadheim og Sandane. Dette er det einaste naturlege nord-sør sambandet i fylket utan høgfjellsovergang. Denne vegen løyste samstundes ut dei store innladsbygdene Breim og Jølster, og kryssa Gaular sitt store dalføre. Det var såleis eit relativt godt trafikkgrunnlag for rutegåande transport då Firda Billag vart skipa i 1920.

Då hadde A/S Fjordenes Automobilselskap, skipa i 1912, drive persontransport mellom Vadheim og Sandane. Dessutan hadde Jølster Kommunale Automobilselskap og Gaular Billag vore i drift ei tid. Det var kommunane Breim, Jølster, Førde og Gaular som stod bak Firda Billag.
Seinare kom kommunane Gloppen, Kyrkjebø, Naustdal, Balestrand, Innvik, Kinn, Eikefjord, Bru og Florø bykommune med som eigarar. I 1946 overtok Firda Billag Dalsfjorden og Ytre Sogn Billag av Fylkesbaatane, som dermed kom inn som aksjonær i billaget, og var det fram til nyare tid. Deretter kom kommunane Fjaler, Hyllestad, Lavik og Askvoll, Davik og Vevring med. Etter kommunesamanslåinga i 1964 vart dette tretten kommunar.

Dei fyrste bilane

Bilane den første tida var personbilar, med sju sete. Til varetransport vart lastebilar nytta. På desse vart det ved høve montert klappsete på lasteplanet, slik at dei òg kunne transportere folk. Midt på 1920-talet kom bussar i bruk. Den første bussen fekk billaget i 1933, ein 16 seters International med registreringsmerket S-1364.

Utvikling i seinare tid

Nye ruter kom med meieri-sentraliseringa frå kring 1950 og utover. Det vart utvikla eit finmaska nett med mjølkeruter i bygdene fram til ytterlegare meieri-sentralisering og tankbilhenting eliminerte desse rutene på slutten av1960-talet. Først på 1970-talet vart skulerutene utvikla i takt med bygging av ungdomsskular, og har sidan vore eit viktig grunnlag i billaget sine lokale ruter.

Eit betre og meir samanhangande vegnett utvida rutestrukturen. T.d. kom eit gjennomgåande bussamband mellom Førde og Sogndal i 1969, der det etter kvart vart samkøyring mellom Firda Billag og Sogn Billag. Ruta vart seinare forlenga til Gol, og frå 1988 til Oslo. På slutten av 1980-åra kom det i stand faste ruter mot Bergen og Trondheim, i samarbeid med andre busselskap. Oppstartinga av nattbussen mellom Førde og Oslo i 1990 representerte eit nytt tilbod på langrutene. Firda Billag har vore med i Norway Bussekspress, skipa i 1987.

Firda Billag har heile tida vore engasjert i varetransport, lokalt og over fylkesgrenser. Tidleg i 1950-åra vart det etablert godsrute mellom Førde og Oslo, og seinare mellom Bergen og Ålesund. Billaget vart med i Linjegods sitt transportsystem. Firda Billag oppretta Fjordane Reisebyrå i 1966. Billaget har òg stått for drifta av ekspedisjonen på Førde Lufthamn sidan 1986.

Firda Billag år 2001

Firda Billag har ein desentralisert struktur, med 64 stasjoneringsstader for sjåførane. Ved sida av ei stor godsmengde vert det årleg transportert meir enn 2 231 000 reisande. I 2001 disponerte billaget 331 bilar i alt, og hadde 386 tilsette.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn B.: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR