Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. mai 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Handel og gjestgiveri på Årdalstangen



Lengst inne i Sognefjorden ligg Årdal kommune. Den gamle kyrkjestaden Årdalstangen ligg på eidet mellom Årdalsfjorden og Årdalsvatnet. I andre enden av vatnet ligg Øvre Årdal, som er den største tettstaden i kommunen. Begge stadene er dominerte av Hydro Aluminium sine fabrikkbygningar.

Litt av strandlina på Årdalstangen kring 1910. Den store bygningen til venstre er nybygget til Klingenberg hotell frå 1900. Like til høgre for denne står den gamle hotellbygningen, der William C. Slingsby tok inn i 1872 og 1874.

Litt av strandlina på Årdalstangen kring 1910. Den store bygningen til venstre er nybygget til Klingenberg hotell frå 1900. Like til høgre for denne står den gamle hotellbygningen, der William C. Slingsby tok inn i 1872 og 1874.

Eigar: Årdal sogelag.

Datering: Ca. 1910.

Fotograf: Ukjend.

Handel på Årdalstangen

Frå gammalt av har Nedre Årdal, som Årdalstangen tidlegare vart kalla, vore sentrum i Årdal. Her vart kyrkja bygt og her slo dei fyrste handelsmennene og gjestgjevarane i Årdal seg ned.
Den fyrste som dreiv med handel på Årdalstangen var Dominikus Berntsen Nagel. Han dreiv både med handel og gjestgiveri, men sa etter kvart i frå seg gjestgiveriet. I tida før koparverket tok til var det truleg lite å tena på gjestgiveri og krohald. Men då dette kom i gang var det fleire som prøvde seg som krohaldarar.

Sårlækjar og gjestgjevar

I 1716 fekk Margrete Badskjær, enkja etter Hans Munch, løyve til å selja øl og brennevin. Ho fungerte også som sårlækjar, noko som kunne komma godt med i gjestgjevaryrket. Fru Munch døydde truleg i 1726.
Peder Jørgensen Backe tok til som gjestgjevar året etter Margrete Munch. Han skulle vera bondegut og truleg frå Austlandet. Backe tok snøgt til å klaga på at det var mange som gjekk han i næringa. I 1719 ville han slutta med å halda øl og brennevin. Mykje på grunn av jektesiglar Herman Nielssen og kona hans, Barbara Iversdotter, som selde øl til bønder og verksarbeidarar.
Backe døydde i 1727.

Handelen døydde bort

Samme året som Backe døydde vart Jens Rasmussen Berg tilsett som gjestgjevar på Årdalstangen. Han vart truleg gift med enkja etter Backe, Karen Pedersdotter. Berg fekk problem med alkoholen. Etter at koparverket vart lagt ned døydde handelen heilt bort og grunnlaget for drifta av gjestgiveriet vart sterkt redusert.
Bergensaren Jan Grundt er den neste som prøvde seg som gjestgjevar her. Han la ned verksemda i 1762.
Anders Olsson Ornes, frå Hafslo prestegjeld, fekk i 1767 løyve til å driva gjestgiveri. Men Ornes fekk snart konkurranse av Stevelin Lem, som vart gjestgjevar på om lag same tida. Då Ornes døydde i 1774 tok enkja over difta av gjestgiveriet.

Lem

Stevelin Lem dreiv ei tid både gjestgiveri og handel, men handelen måtte han seia ifrå seg. Det var Ivar Gerhard Rohde som i 1769 tok over handelen etter Lem.
Søren S. Lem heldt fram gjestgiveriet etter at faren døydde i 1806. Han var gift tre gonger. Siste kona var frå Lærdal. Sjølv om huslyden hans var stor, ser det ut til at han stod seg godt likevel. Av borna hans er Hans Lem den mest kjende. Han var løytnant og kjend frå Napoleonskrigane. Han mottok Danebrog-ordenen for innsatsen. Løytnantsbryggja i Lærdal er kalla opp etter han. Hans Lem fekk skøyte på eigedommen i 1814 og fekk gjestgjevarløyve i 1818. I 1831 selde han gjestgjevarretten sin til Mathias L. Hille.
I om lag 30 år, frå 1817 og framover, var det ingen handelsmenn på Tangen. Det som skulle seljast, t.d. kjøt, smør, ost, poteter, tømmer, bord, never, tjøre, gjekk beinveges til Bergen med jekter og "storebåtar".

Klingenberg

Jens Klingenberg, Store-Jens, var son til paktaren på Prestegarden i Årdal. Etternamnet hadde han frå farmora, Berta Jensdotter Klingenberg frå Sæl i Lærdal. Etter ein litt omflakkande periode, kom han attende til Årdal. Her kjøpte han eit stykke under garden Lægreid og byrja gjestgiveri og handel i eit hus han hadde fått flytta frå Hæreid. I 1861 var det registrert som gjestgiveri og skysstasjon, Årdalstangens skyss-stasjon. Klingenberg vart svært interessert i turistferdsla og var ein omtykt førar for fjellvandrarane. Hit kom engelskmannen William C. Sligsby for fyrste gong i 1872 for å klatra i fjella, Store-Jens var med som førar.
Jens Klingenberg døydde i 1895 og testamenterte eigedommen til sonen, Jens Klingenberg d.y. Han hadde vore nokre år i Amerika, men kom heim att etter at kona døydde. Før han kom til Årdal i 1897 hadde han gifta seg opp att. I 1900 sette han opp eit stort nytt bygg ved sida av den gamle skyss-stasjonen. Dette vart det fyrste hotellet i bygda. Sonen, Jens Kristian, tok over handelen. Jens Klingenberg d.y dreiv hotellet heilt fram til han døydde i 1922. Då var det kona, Jensine, som dreiv det vidare. Ho fekk god hjelp av barnebarnet, Karen.

Karen Klingenberg vart gift med Tomas Holmestad. Då ho var 15 år hadde ho flytta til hotellet for å hjelpa bestemora med drifta. På 1940-talet overtok ho styringa av hotellet og dreiv det fram til 1971. Sistpå fekk ho hjelp av to av borna, Johanne Sofie og Jens.
I 1971 tok Jens Holmestad, sonen til Karen, over hotellet. Så var det Jan Lea frå Haugesund som tok over hotellet i 1976. Martin Ødegård leigde Klingenberg Hotell i nokre år til Erling Eggum kjøpte hotellet i 1985. Eggum har drive det sidan.
I 1960 vart hotellbygningen frå 1900 riven. Det stod om lag der porten til Hydro Aluminium er i dag. Nytt hotell vart bygd lenger nord på kaien. Austfløyen vart bygd i 1974 med utviding 1988, og påbygg mot fjorden i 2000. Klingenberg Hotell eig og driv også Sitla Hotell i Øvre Årdal.

Tangehuset og Dahl

I 1850 vart det store "Tangehuset" branntrygda av handelsmann Mørch. Han hadde innreidd krambu der. Seks år seinare kjøpte Jan Tomassen Ve heile eigedommen. Han fekk handelsbu og sjøbu lagt i særskild skyld og selde dei til Nils Jakobson Kvam frå Sogndal. I 1865 er Kvam registrert som handelmann. Han vart også den fyrste ekspeditøren på kaien då Fylkesbaatane på 1860-talet starta faste ruter på Årdalstangen. I 1867 vart det oppretta postopneri på Årdalstangen, lensmann Spangelo vart den fyrste postopnaren.
Enkja etter Nils Kvam, Anna, selde i 1888 handelsbruket til sonen Jakob Kvam. Han gjekk frå i 1897, og bruket vart selt til Sjur Sjurson Årebru, som overlet det til sonen, Jakob Dahl i 1909.
Jakob Dahl byrja same året med hotelldrift i "Tangehuset". Ved sida av at han dreiv handel i kjellaren på bustadhuset og hadde ekspedisjonen av Fylkesbaatane sine rutebåtar.
I samband med den store reguleringa av Årdalstangen etter siste krig laut "Tangehuset" rivast. Handelen heldt fram i lokala til Bustadlaget Strandhjørna, medan det vart bygt nytt hotell om lag på same staden som "Tangehuset" hadde stått. Då Jakob Dahl døydde i 1954, tok dottera Kirstine Askeland og dottersonen Jakob Dahl Askeland over handelen. Dahls hotell vert i våre dagar drive under namnet Tangen pensjonat.

Samvirkelag og andre forretningar

I tillegg til dei handelsmenn og gjestgjevarar som er nemnde over har mange andre drive handelsverksemd på Årdalstangen. Særleg frå om lag 1900 og frametter vart det skipa fleire ulike typar handelsverksemder. Utover på 1900-talet vart det starta fleire spesialforretningar som til dømes berre selde kle og sko, medan andre berre førte målarvarer. Årdalstangen fekk etter kvart eit mangfald av butikkar og forretningar der ein kunne skaffa seg det meste.

Av forretningar som selde eit vidt spekter av vareslag var Nedre Årdal Samvirkelag kanskje den viktigaste nyskipinga. Skipingsmøtet vart halde 20. mars 1932 etter initiativ frå Øvre Årdal Samvirkelag. Samvirkelaget på Årdalstangen skulle vera eit sjølvstendig selskap, men bokføring, vareinnkjøp og varekalkulasjon skulle utførast av styraren for Øvre Årdal Samvirkelag. I mai 1932 tok forretningsdrifta til i leigde lokale. Hopehavet med Øvre Årdal vart etter kvart oppløyst. I november 1938 flytte laget inn i eigne nye lokale. Torstein Huus vart tilsett som styrar i 1937. Samvirkelaget fekk ein sentral plass i bygda og har vore den viktigaste forretninga for dei fleste på Årdalstangen etter siste krig. I dag heiter forretninga COOP-Mega ein del av COOP Indre Vestland, ei samanslåing av ei rad samvirkelag i Hordaland og Sogn.

Dei seinare åra, kring årtusenskiftet, har fleire butikkar lagt ned verksemda si på Årdalstangen. Handelslekkasje til andre og større handelssentra får mykje av skulda for dette.
Det vil også i framtida finnast handelsverksemder på Årdalstangen, men kven som vert att vil tida vise.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ve, Søren m.fl.: Bygdebok for Årdal, natur og næringsliv, band I. Årdal Sogelag. Bergen 1971.
Sætherskar, Johs: Det norske Næringsliv - Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det norske Næringslivs Forlag. Bergen 1953.

PERMANENT IDENTIFIKATOR