Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sjøhusmiljøet i Kalvåg



Godt i ly for storhavet ligg Kalvåg på innsida av øya Frøya. Gjennom mange hundre år var dette ei god hamn for fiskarane, på jakt etter sild og torsk. Dei mange sjøbuene rundt vågen vitnar om at Kalvåg òg har hatt fiskehandel. Fiskeritilverking og handel går no føre seg i større bygningar. Kalvåg er såleis ingen bortgøymd væridyll, og gamle fiskebuer tener no som losji for turistar. Staden er eitt av dei få livskraftige sentra på kysten til Sogn og Fjordane.

Rundt vågen i Kalvåg er det mange sjøbuer. Noko som vitnar om her har vore fiskehandel. I dag vert mange av sjøbuene nytta som overnattingsstader for turistar.

Rundt vågen i Kalvåg er det mange sjøbuer. Noko som vitnar om her har vore fiskehandel. I dag vert mange av sjøbuene nytta som overnattingsstader for turistar.

Eigar: Fylkesarkivet i Vestland.

Datering: 2005.

Fotograf: Ukjend.

Vintersildefisket - grunnlag for vekst

Det var først i 1860-åra at Kalvåg vart bygd, først med buer og seinare med kaianlegg og vegtilkomst. Det var dei rike vintersildefiskeria midt på 1800-talet som sette fart i utviklinga. Dette fiske gjekk føre seg med opne båtar, som regel av sekskeipingstypen, og det var difor lagleg med hamn tett ved fiskeplassane. Medan Kalvåg låg i den nordlege delen av vintersildefiskeria, låg staden i den sørlege delen av torskefiskeria, som gjekk føre seg seinare på vinteren.

Bilete frå sildesaltarmiljø hos Simon Myrvang i Kalvåg.

Vintersildefisket toppa seg opp i 1860-åra, då det på det meste kunne vere mellom 7000 og 10 000 menneske samla på Frøya og i Kalvåg. I Kalvåg låg det seglfartøy, som kom med tønner og salt, og førte silda til marknaden. Nokre jekter tente òg som losjifartøy. Rundt vågen kom det etter kvart salteri og buer for fisketilverkinga. Dei gode hamnetilhøva var avgjerande for den veksten som kom. Kring 1870 hadde det blitt sett opp 52 salteri i Kalvåg, som samla hadde ein kapasitet på meir enn 35 000 tønner. 41 av salteria hadde lokale eigarar, resten høyrde til kjøpmenn i Bergen og Stavanger, som hadde dei største salteria. Men i 1873 forsvann silda for godt, for denne gong, etter å ha vore ein årvisss gjest ved kysten sidan 1811.

Losjitilhøva under fiskeria

Under fiskeria var det bruk for mykje arbeidshjelp til å gane og salte silda, og gjere tønnene klare til sal. Dei fleste av arbeidarane var utanbygds kvinner. I Kalvåg vart det òg sett opp ein del losjihus i samband med fiskeria, då det var vanskeleg med husrom under desse fiskeria. Dei som var så heldige å få plass i eit losjihus, låg tett. Her var lufta tung og tett, stinn av luktene frå sveitte og våte klede, matkoking og os av tranlampene. Eit losjihus på 11 x 7 meter, og takhøgd på 1,80, husa 120 mann med utstyr.

Tettstaden veks fram

I løpet av 1860-åra voks ein fast busetnad fram. Frå 1890 til 1920 gjekk Kalvåg inn i ein ny vekstperiode, ettersom talet på bustadhus og innbyggjarar nesten vart dobla. Dei fleste bustadhusa vart konsentrerte ovanfor dampskipsbryggja. Men det var først og fremst sjøhus som vart bygde i denne tida. Kring 1920 var det kring 80 sjøhusbygningar av ulike slag, rundt Kalvåg og på Kalvøya. Som følgje av veksten, vart det i 1921 utarbeidd ein reguleringsplan for Kalvåg.

Bilete av Kalvåg hamn frå kring 1900.

Fiskehandelen hadde gode tider fram til 1920, og det vart ikkje bygd særleg fleire sjøhus etter den tida. Meir enn 50 kjøpefartøy på hamna var ikkje uvanleg under fiskeria.

Også eit stadig betre dampskipssamband gjorde sitt til oppsvinget i Kalvåg. Staden fekk tidleg kai, hadde ekstra ruter under vintersildefisket, og hadde mykje varetransport over dampskipskaia. Kalvåg fekk postopneri i 1861, telegraf i 1864, som seinare vart avløyst av telefonstasjon. Då Bremanger vart eigen kommune i 1866, vart Kalvåg administrasjonsstaden, og eit kommunehus kom opp noko etter 1900. Det tente mellom anna som bustad for distriktslegen. Bremanger Sparebank fekk kontorstad i Kalvåg i 1898. Vegen mellom Kalvåg og Steinset vart ferdig i 1910. Hamna vart betre etter mudringsarbeid i 1911, og eit moloanlegg var komme opp. Alt dette styrka Kalvåg si stilling som fiskever og kommunesenter.

 

Bilete av Kalvåg kring 1930-åra.

Kalvåg etter 1950

I dei siste par tiåra fram til 1960 var det eit uvanleg rikt vintersildefiske på vestlandskysten. Dette gav ny oppblomstring for Kalvåg, som frå 1950 til 1960 fekk auka folketalet frå 260 til 391. Men etter 1960 forsvann silda. Dette medverka til at busetnaden i dei spreiddbygde grender langs kysten gjekk nedover, men tettstader som Kalvåg fekk ei anna utvikling. Staden voks vidare til kring 450 i 1970-åra, men deretter gjekk det nedover. I 1997 var innbyggjartalet i tettstaden 380, og har halde seg på kring 350 fram til kring 2000.

Bilete frå Kalvåg kring 1950-åra.

Endringar i fiskeria, med større båtar og større fangstar, fekk òg konsekvensar for Kalvåg som fiskehamn. Dei gamle buene i Kalvåg var høvelege til mottak av fangstar på nokre titals hektoliter frå dei små drivgarnsbåtane. Dei moderne fiskebåtane, med fangstar på mykje over 1000 hl, krev eit langt større modernisert og mekanisert mottaksapparat. I nyare tid har gamle sjøbuer blitt ombygde til å gi losji for turistar.

Bilete av fiskebyer som no tener som losji for turistar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Kystlæremiddelprosjektet, Sogn og Fjordane DH, Hefte 3: Kystbygdene skifter ham. Sogndal 1986.
Johansen, Karl E.: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1960.Universitetsforlaget 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR