Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kongevegen over Filefjell



I 1790-åra vart den eldgamle ridevegen over Filefjell erstatta med ein ny køyreveg for hest og vogn. Slike køyrevegar vart kalla kongevegar. Kongevegen var i bruk fram til 1840-åra då vegen på ny vart lagt om. Framleis ligg vegen der og vert i sommarhalvåret nytta som turveg både av gåande og syklistar.

Postkøyrar over Filefjell. Frå "Voyage pittoresque aux alpes norvègiennes" av Wilhelm Maximilian Carpelan (1787 - 1830).

Postkøyrar over Filefjell. Frå "Voyage pittoresque aux alpes norvègiennes" av Wilhelm Maximilian Carpelan (1787 - 1830).

Eigar: Lærdal kommune.

Datering: 1822.

Fotograf: Målar: Wilhelm Maximilian Carpelan.

Geita den fyrste vegbyggjaren

A. O. Vinje peika ut geita som den fyrste vegbyggjaren i Norge. Geita åleine har vel neppe æra for alt, men dyretrakk er mest truleg opphavet til stigar og vegar over fjell og gjennom dalar. Ferdsla aust - vest, over fjellet, har alltid vore viktig. Dei mange "saltvegar" vitnar om eldgammal og nødvendig kontakt med sjøen for folk austfrå. Sidan auka trafikken, her på fjellovergangen mellom Valdres og Sogn, då handelen mellom aust og vest voks med marknadsplassen på Lærdalsøyri. I dag går stamvegen mellom Bergen og Oslo, Europaveg 16, over Filefjell. Den gamle kongevegen frå 1790-åra ligg der framleis og er ein populær turveg i sommarhalvåret.

Kongar og biskopar over Filefjell

Soga fortel om mange ferder over Filefjell. Halvdan Svarte og Harald Hårfagre fór her, Olav den Heilage drog til Valdres og kristna i 1023, Øystein Haraldson og kong Sverre med følgje rei over fjellet vel hundre år seinare, og biskop Pontoppidan vart dregen over på kjelke i 1749, for å nemna nokre.

Kongeveg

Sjølv om Gulatingslova gav påbod om rydding av skog og kratt i ei spydlengdes breidd, så stilte ikkje dei fyrste ferdene store krav til sjølve vegstandaren. Berre hesteføtene fekk plass var det god nok veg. Det var meir retten for ålmenta til veg som var viktig. Men då posttrafikken vart organisert i 1647, vart det sett større krav til vegstandarden. Likevel gjekk det enno 150 år til før den fyrste køyrevegen for hest og vogn vart bygt over Filefjell. Slike køyrevegar vart etter kvart kalla kongevegar eller "kongsvegen"som dei har sagt på begge sider av fjellet. Nemninga "kongeveg" vart avløyst av "hovudveg" i veglova av 1824.

Den eldste ridevegen

Leia biskop og prokanslar Erik Pontoppidan følgde i 1749 var neppe den samme som seinare vart kongevegtraséen i 1793. Den eldgamle ridevegen over Filefjell frå Maristova i Lærdal til Gamlestova og Nystova i Vang i Valdres gjekk mest truleg meir vest og lenger inn i fjellet. "Midtveis staar en liden og steil Klippe kaldet Soltinden", skriv Pontoppidan i 1749. Dette er landemerket her vest på Filefjell, Suletind, 1780 meter over havet. Dei få som reiste denne ruta vinterstid vart vanlegvis dregne på kjelkar av bønder og husmenn. Betalinga var lenge 4 riksdalar, men enkelte embetsmenn hadde friskyss og slapp såleis gratis. Reisefølgja måtte orientera seg etter ".. lange Stager, af hvilke en findes paa hvert 2 à 300 trin, rækkende 4 à 5 Alen over Sneen .." Strekninga på om lag 20 kilometer frå Maristova til Nystova tok "7 Timers Fart paa vaare Kielker", som Pontoppidan skreiv etter reisa i 1749. Denne traséen har lenge vore gøymt og gløymt og vart prøvd kartlagt hausten 2001.

Kongevegen

Bygginga av køyrevegen over Filefjell vart ei offentleg sak. Oppgraderinga skjedde frå aust mot vest. På austsida av fjellet var arbeidet alt i gang i 1789-90 med militære mannskap. På vestsida var arbeidet i gang 1792-93. Utbetringa var eit allment ledd i vegutbetringa av vegnettet i siste halvdel av 1700-talet, då køyrevegane fekk sitt gjennombrot. Større trafikk og meir post kan ha pressa fram krav om betre vegstandard. Også militære omsyn kan ha vore ein utløysande faktor.

Traséen

Generalvegindendant Peder Anker frå Akershus stift og generalvegmeister Christopher Johannes Hammer i Bergenshus stift møttest på Filefjell i september 1789. Den nye køyrevegen over Filefjell bestemte dei skulle gå frå Nystova og vestover mot Kyrkjestølen. Der skulle vegen ta over mot sørsida av hovuddalføret, over Suleelvi og opp mot Murklopphøgdi der grensa mellom dei to stifta var. I om lag 1200 meters høgde skulle vegen gå sørvestover innover fjellviddene til Håvarden og vidare bratt ned mot Maristova. Heile strekninga var på knapt to gamle norske mil, - 22 km.

Vegbyggjarane

Hammer, kanskje mest kjend for å ha slått ned Lofthusopprøret i Kristiansandsområdet, fekk løytnant Wilhelm Jürgensen, fødd i Schleswig, seinare sjef for det Lærdalske kompani, og 50 verva mannskap til å ta fatt på arbeidet i 1792. Også ein del bønder og husmenn frå Lærdal og Borgund var utkommandert til pliktarbeid. På austsida av stiftsgrensa var ein løytnant Krohn i gang med ein underoffiser og 24 soldatar saman med bønder frå Vang. Jürgensen og mannskapa hans fekk ansvaret for vegstykket på vestsida av stiftsgrensa og eit stykke ned i Borgund.
Arbeidet tok til begge åra i juni og varte til ut i september. Jürgensen hadde base på Maristova og sende rapport kvar veke til Hammer i Bergen. Dei to siste rapportane er datert 23. september frå Maristova og 19. oktober 1793 frå Halden, der Jürgensen då var på grensevakt.
I 1792 kom ei "kongeleg forordning om veiarbeidet i Bergens stift" og i 1794 er det og nemnt ei forordning. Desse føresegnene seier mellom anna at kongevegen skulle opparbeidast i ei breidd på sju sjellandske alen, eller om lag 3,5 meter, det halve av breidda på hovudvegane på Austlandet.

Opprør og pryl

Bøndene var ofte årsak til uro omkring veghaldet i dei tider. Nyanlegg var ofte årsak til at dei protesterte. Ved eit utvida vegnett vart det nye plikter og bører for dei lokale bøndene og husmennene. Alt frå middelalderen var bøndene pliktige til eit visst vedlikehald på vegane. Både vedlikehaldet og i stor grad vegbyggingsarbeidet heldt fram som pliktarbeid i mange hundre år framover. Bøndene i Lærdal hadde som motyting for skyss- og vegvedlikehaldsplikta fritak frå militærteneste og halv skatt ved eit såkalla "kongebrev" frå 1563.
Ekstra harde strekningar, som til dømes fjellet, fekk etter kvart stønad frå det offentlege. Filefjell fekk i 1792 100 riksdalar frå kanselliet i København til vedlikehald.
Arbeidet gjekk ikkje utan konfrontasjonar. Året 1793 ville ikkje lærdølene ".. føie sig til det regulerede Veyarbeide". Løytnanten hadde sett seg nøydd til å gje somme "nogle prygl". Bøndene var då "strax ferdige at angribe ham med deres knive". Jürgensen svara med å gje dei "opsetsige" endå meir stokkepryl. Deretter var alle rolige og lydige, heitte det. Men episoden fekk etterspel. Bøndene heldt seg vekke frå arbeidet etterpå, og Hammer påla dei store bøter. Heller ikkje året etter møtte dei opp på pliktarbeid. Men alt ser likevel ut til å ha roa seg etter kvart, og saka og bøtene vart seinare lagt bort. Løytnant Jürgensen vart sidan sjef for ein straffeekspedisjon til Lærdal i samband med at lærdølene nekta å gjera militærteneste. Korkje "opprøret" på Filefjell eller straffeekspedisjonen var til hinder for at Jürgensen, seinare kaptein, vart ein svært populær kompanisjef for lærdølene i krigen mot svenskane 1808-1814.

Monument over arbeidet

I 1794 var arbeidet i hovudsak ferdig og var så bra, tykte vegbyggjarane Hammer og Anker, at det alt året før var bestemt å setja opp ein stein på grensa mellom dei to stifta, Akershus og Bergenshus. Den skulle vera i kvit, dansk marmor, hoggen i København, og var nærast eit monument. Kongevegen over fjellet var i bruk i knapt 50 år til ut på 1840-talet. Då vart "Den Bergenske Hovedvei", som den no heitte, flytt ned i hovuddalføret Smeddalen der stamvegen i dag, E16, går.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Tyssen, Asbjørn: Kulturhistorisk vegbok Sogn og Fjordane. Lærdal - Sogndal, Sogn og Fjordane forlag, Naustdal, 1989.
Statens vegvesen Sogn og Fjordane - Lærdal kommune: Frå kongeveg til stamveg. Hermansverk - Lærdal 1993.
Hvattum, Harald: På gamle vegar i Valdres. Valdres Forlag og Valdres Folkemuseum, Fagernes 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR