Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mai 2010

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vettisvegen



Den snautt fem kilometer lange Vettisvegen går frå garden Hjelle opp dalføret Utladalen til dei to gardsbruka på Vetti. Vegen vart bygd i åra 1973-1977 som eit stort spleiselag mellom private og offentlege partar. Vegen kryssar elva fire stader. Å gå Vettisvegen er ei ”reise” i natur og kultur av dei sjeldne.

Endepunktet på Vettisvegen, Gardsbruka på Vetti.

Endepunktet på Vettisvegen, Gardsbruka på Vetti.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Informasjon langs vegen
Vettisvegen er godt utstyrt med informasjon. Ved bommen på Hjelle, nett før Skårabrui, står ei stor tavle med informasjon om byggjeprosjektet, og langs vegen er det fleire stader sett opp informasjon (også på engelsk og tysk tekst) om bruer, hendingar, o.a. Denne artikkelen er samansett av dei fleste informasjons-bitan. Alle bileta vart tekne 25. mai 2010.

Opplysningar på tavle på Hjelle
Informasjonen på den store tavla på Hjelle er ”underskriven” av arbeidsutvalet for vegprosjektet. Sjølva tavla vart levert som gåve frå Vik Verk. På tavla står å lesa:

Vettisvegen, ein naturveg dimensjonert for traktordrift, er bygd i tidsrommet 1973-1977 under namnet ”Folkevegen til Vetti”. Ideen til å gjennomføra Vettisvegen på dugnad vart i mars 1973 framsett av dåverande ordførar Jacob Flæte.

Tiltaket har vorte eit folketog mot kravmentalitet, og er i det heile utført ved framifrå dugnadsinnsats av bygdefolket, Heimevernet og Ingeniørvåpenet. Det er gjeve verdfull stønad i form av pengegåver, maskinelt anleggsutstyr og assistanse frå privatpersonar i og utanfor kommunen, lokale firma, ÅSV [Årdal og Sunndal Verk], Årdal kommune, Landbruksdepartementet, Miljødepartementet, Atlas Copco, Pay & Brink og Dyno fabrikker.
Tiltaket er omtalt som Norges største dugnadstiltak i nyare tid, [og vart] organisert og leia av eit frivillig arbeidsutval samansett av:
Tiltaket er omtalt som Norges største dugnadstiltak i nyare tid, [og vart] organisert og leia av eit frivillig arbeidsutval samansett av:

Sivilingeniør Jan B. Paulsen, formann
Banksjef Arne Eldegard, rekneskapsførar
Formann Lidvin Berge, sekretær
Kommuneingeniør Arnfinn Hjelle
Sekretær Agnar Kvam
Gardbrukar Jørgen Vetti
Sivilingeniør Othmar Hjelle

Nøkkeltal: 1) tiltaket starta 2. mai 1973, 2) tiltaket avslutta 1. juni 1977, 3) 50 000 dugnadstimar , 4) 1500 dugnadsdeltakarar , 5) 400 000 kroner i kapitalforbruk,, 6) veglengda 4860 m, 7) fire bruer..

Tiltaket er gjennomført utan alvorlege personskader. Den høgtidelege opning vart utført av fylkesmann Ingvald Ulveseth den 19. juni 1977.

Skåri
Utladalen Naturhus er namnet på bygningane like etter Skårabrui. Heile anlegget består av innmark og hus på det tidlegare småbruket Skåri som var i drift til byrjinga av 1970-talet. Utladalen Naturhus er ”ein døropnar til natur- og kulturhistoria i Vest-Jotunheimen, med informasjon, utstilling og servering”.

Reiseskildring 1822
Første informasjonsplata etter Utladalen Naturhus står mellom Skåri og den første brua. Overskrifta på alle platene er den same: VETTISGJELI – VEGEN FRÅ SKÅRI TIL VETTI. Vidare står det på denne:

”Nu er man da i Gjelen, Gud være med dig Vandringsmand!” Slik skreiv lærdalspresten Ulrik Frederik Bøyesen om møtet med Vettisgjelet i juni 1818. Den fargerike skildringa hans frå turen til Vetti stod å lesa i tidsskriftet Hermider frå 1822 og har vorte ein klassikar innan eldre reiselitteratur. Turen var ei følgje av at Bøyeen hadde sett seg føre å gjera seg grundig kjend i heile prestegjeldet sitt som på den tida også omfatta Årdal.

Johannesbrui
Bru nummer to heiter Johannesbrui. Ho går over eit trongt og djupt gjel. På informasjonsplata står:

”Johannesbrui er kalla opp etter ei kone i Vetti, Johanne Nilsdotter (1837-1878). Det var Johan Storm Bull, bror til fiolinisten Ole, som først kom på tanken å gje ei bru i Vettisgjeli namn etter henne. Opphavleg låg brua ved dei store steinane lengre nede ved elva.

Avdalsskåri
Eit kort stykke etter Johannesbrui står ei informasjonsplate attmed ei lita bu. Her står det:

”Høgt oppe i det loddrette berget på den andre sida av elva går ei smal hylle, Avdalsskori. I lang tid var dette einaste vegen til garden Avdalen og husmannsplassane Hagaberg og Kvile.”

Det er fleire skorar eller hyller i den det stupbratte berget på hi sida, og såleis uråd ”å sjå” den smale hylla der folk tok seg fram. Det er betre å studera heile fjellsida frå vegen litt lenger oppe, etter å ha passert Avdalsfossen.

Avdalsfossen
Avdalsfossen er eit mektig syn, særleg i vårløysinga. Då bruka fossegovet å stå over på austsida, der vegen går. På ei informasjonsplate står:

”Avdalsfossen har eit fall på 173 meter. I kalde vintrar hender det han får besøk av fosseklatrarar. Fjellgarden Avdalen ligg på hylla over fossen. Her budde det folk fram til 1962. Seinare har Stiftinga Avdalen Gard og Åral Turlag restaurert garden som no er open for overnatting.”

På austsida
Like før stien til Avdalen tek av, går det bru over eit djupt gjel, til vestsida. Eit lite stykke lenger framme står følgjande informasjon:

Stort ras
Her går vegen gjennom ei ur med uvanleg store steinar. Ein stad er vegen sprengt gjennom ein av dei. Urda har si historie. På ei informasjonsplate står:

”I 1870-åra datt det ut ein enorm fjellknaus i det bratte berget over vegen. Restane av han kan ein enno sjå i den om lag 800 meeter lange Storudri. Det vert sagt at ein mann frå Vetti var vitne til dette utrulege naturskodespelet.

Hellerlibrui
Attmed den den fjerde og siste brua kan folk lesa denne informasjonen:

”Hellerlibrui har fått namnet sitt etter ein stor heller under berget i nordaust. Folk frå Vetti brukte i eldre tid helleren som løe.”

Vegen vidare går med liten stigning fram til den bratte stigninga Høljabakken som ligg ved ved Høljafossen. Frå høgaste punktet går vegen litt unna før dei to gardsbruka på Vetti kjem til syne.

Artikkel i Årdal Før og No
Amund Teigum, fødd 1926, var med og bygde Vettisvegen. I 2009 skreiv han ein utførleg artikkel i sogebladet Årdal Før og No (nr. 32, juni 2009), om korleis Vettisvegen vart til. Artikkelen er rikt illustrert med foto utlånt frå Årdal kommune.

kjelder:

Teigum, Amund: Vettisvegen – korleis vegen vart til. I Årdal før og No (nr. 32, juni 2009)
Ese, Kristin: På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. s. 67-68. Selja forlag 2007.

Informasjon oppsett langs Vettisvegen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR