Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Misjonshuset i Utvik



Dokumentet inneheld xml-feil! An error occurred while parsing EntityName. Line 1, position 3360.

Misjonshuset i Utvik 2007. Huset er noko spesielt ved den asymmetriske møneprofilen. Det er gjort for å oppnå større takhøgd i dei to salane som begge er innreidde på tvers i huset.

Misjonshuset i Utvik 2007. Huset er noko spesielt ved den asymmetriske møneprofilen. Det er gjort for å oppnå større takhøgd i dei to salane som begge er innreidde på tvers i huset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Rom og innreiing
Utvik Misjonshus har har to høgder. Første høgda (kjellarhøgda) er oppførd i betong og hovudetasjen i tre. Hovudinngangen er i første høgda som har garderobe med toalett, kjøken, aktivitetsrom for born og ungdom, og eit par mindre rom som har vore nytta til kontor og garderobe for barnehage, opphavleg ein liten matsal. Aktivitetsrommet var opphavleg bygd og brukt som stor matsal.

Andre høgda har to møtesalar, storsal og småsal med ei brei foldedør mellom salane. Begge er innreidde på tvers i lengderetningen av huset. Talarstolen i storsalen står på podium med to trappetrinn. Opphavleg hadde salane røyrstolar. Matsalen hadde langbord og trebenker. I 1987 vart det kjøpt inn sofagruppe, salongbord og stoppa stolar til småsalen. Langborda vart utskifte med samanleggbare småbord som vert nytta etter behov. Huset har eit gamalt trøorgel og eit nytt piano.

Utsmykking
Huset har enkel utsmykking. I storsalen er festa ein kross på veggen framme. I småsalen heng eit innramma bilete med Jesus-motiv over eit mindre innramma brodert bibelord. På veggen i oppgangen er opphengt eit formingsarbeid laga av born i høve overgangen til år 2000. Det inneheld element frå bygda, - kyrkja, bustadhus, båt og fuglar. I småsalen heng eit innramma fotografi av folk over 70 år, teke i 1954.

Bygginga tok lang tid
Opptaket til å få eit bedehus i bygda vart gjort 26. mars 1939, men så kom krigen og skipla alt. I 1943 var det påskemøte i Utvik. Etter møtet vart O.A. Hestenes oppmoda av fleire om å ta opp att spørsmålet om nytt forsamlingshus. Per Verlo ville gje tomt som gåve, men kravde at ho vart teken i bruk innan 1955. Eit slikt krav var for å skunda på arbeidet. I 1944 byrja ein å samla inn pengar og noterte lovnad om gratis material og dugnadsinnsats. I 1946 vart første byggjenemnda vald. Ei teikning vart laga, men søknad om byggjeløyve vart avslegen tre gonger. Tomta vart utskoten, men då byggjearbeidet ikkje kom i gong, grodde tomta til med bringebærris.

I 1949 slutta A.O. Hestens som formann i Indremisjonslaget på grunn av høg alder. Byggjesaka vart liggjande i ro, men pengeinnsamlinga heldt fram. Frå 1954 har det vore årleg basar til inntekt for huset.

I 1957 fekk dei Indremisjonsselskapet sin bygningskunnige sekretær Erling Bakke-Eidså til å laga teikningar. Teikningane vart reviderte eit par gonger. 18. februar 1960 var det ekstraordinært årsmøte for å drøfta byggjeplanane, og det vart vald ei ny førebuingsnemnd. 3. mars 1960 vart det halde allamannamøte med emissær Knut Myrstad tilstades. Om lag 60 personar møtte fram. Det vart vedteke at huset skulle byggjast i 1961. Tomteløyvet stod ved lag, men tomta var for lita då huset laut stå minst 7,5 m frå riksvegen. Eigaren av området ovanfor, Andreas P. Verlo, sa seg villeg til å gje det tilleggsarealet som trongst. Etter utlysing av anbod fekk Ola Valaker & Nyvang byggjeoppdraget. Samla kostnader kom på om lag 85 000 kroner. Misjonshuset vart teke i bruk 18. februar 1962 og vigsla om hausten, 2. september, same året.

Aktivitet
Før bygda hadde eige bedehus, vart møta haldne i ungdomshuset Urdabrunn eller omkring i private heimar. Urdabrunn var eit bygdehus for allsidig bruk. Barnearbeid - så som søndagsskule og losjearbeid - hadde hadde møta sine i skulehuset. Møte, basarar, 17.maifest og barnearbeid er stikkord for verksemda i Misjonshuset. I 2007 har borna sitt eige rom i første høgda. Det står Amigos på eit skilt på døra. Amigos tyder venner. Dei har fleire slag spel og anna aktivitetsmateriell i rommet sitt. Frammøtet har vore godt, men talet går ned i takt med at folketalet i bygda minkar.

Årlege tilskipingar er husbasar første søndag i mars, NMS-basar (Det norske misjonsselskap) i oktober og juletrefest 5. juledag. Normisjonslaget (Normisjon - samanslutning av Det norske indremisjonsselskap og Den norske Santalmisjon) har faste møte gjennom året. Det vert også halde møte med talarar frå andre misjonsorganisasjonar. Elles har huset vore utleigd til dåps- og konfirmasjonsselskap.

Barnehage
I 1987 byrja Utvik Indremisjon med barnehage som dei kalla Leikestova. Dei brukte først kjellaretasjen. Etter kvart vart det behov for fleire rom, så salane oppe vart óg nytta. Då barnehagen kom i gong, vart det bygt eigen inngang mot aust. Det vart laga kontor og garderobe til barnehagen. Kjøkkenet vart oppussa - med ny kjøkenbenk og overskåp, kjøl- og frysekåp og oppvaskmaskin. Indremisjonen dreiv barnehagen til 1. august 2002. Då overtok Stryn kommune drifta. Første oktober 2002 vart barnehagen flytta til Utvik skule.

 

kjelder:

Opplysningar frå:
Olav Hestenes, Utvik, Stryn.
Arkivet til Utvik Misjonshus

PERMANENT IDENTIFIKATOR