Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mars 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Busstur Nordfjord-Sogn-Nordfjord i 1939



Lodalen vart hardt ramma av ras i 1905 og 1936. Over hundre menneske miste livet og dei materielle skadene var enorme. Begge gongene miste Lodalen Dampbåtlag båtane sine. Etter ulukka i 1936 måtte dampbåtlaget leggja om til biltransport. Laget skyssa ikkje berre turistar opp i Lodalen. Dei dreiv turkøyring óg. Sommaren 1939 var gjorde ein av bussane ein rundtur Nordfjord-Sogn-Nordfjord.

Ein av solskinnsbussane til L.D.Auto, S-1555 på Bregn ved Lovatnet. Bussen er på veg innover mot Bødalen.

Ein av solskinnsbussane til L.D.Auto, S-1555 på Bregn ved Lovatnet. Bussen er på veg innover mot Bødalen.

Eigar: Omar Loen

Datering: 1937-1939.

Fotograf: Ukjend, postkort.

Frå båt til buss

Det andre katastrofale raset i Lodalen gjekk 13. september 1936. Denne gongen omkom 74 menneske. Lodalen Dampbåtlag miste mesteparten av hestekjerrene og båtane sine. Lovatnet vart nesten delt i to av rasmassane og styresmaktene la ned eit mellombels forbod mot båttransport. Dette medførte at Lodalen Dambåtlag måtte leggja om til biltransport.

Sju solskinnsbussar

Laget heldt på det gamle namnet Lodalen Dampbåtlag med Auto som tillegg, forkorta tilL.D.Auto. Laget kjøpte inn sju nye bussar og to drosjar til sommarsesongen 1937. Alle vart leverte frå firmaet PTH Scmidt i Bergen som var agentur for det amerikanske bilkonsernet Diamond. Bussane var bygde på chassis av type Diamond T, type 221, og leverte som solskinnsbussar, det vil seia at dei var utstyrte med segldukstak som kunne rullast bakover. Dei hadde ein lys gulfarge og firmalogoenL.D.Automåla på sidene. Bussane hadde plass til 29 passasjerar.

Tre år

Dambåtlaget fekk berre glede av bussane sine i tre år, 1937, 1938 og 1939. Så kom krigen og skipla på alt, ikkje minst turisttrafikken. Tyskarane rekvirerte snart nokre av bussane, andre blei selde til andre selskap. Etter krigen hadde Lodalen Dampbåtlag vanskar med å koma i gang med ny drift. Selskapet vart oppløyst i 1953, 64 år etter at laget vart skipa.

Rundtur

Det var ein av desse bussane eit reiseselskap la ut på tur med, sommaren 1939. Me har ikkje fullgodt kjennskap til turen, berre fire fotografi som er tekne fire stader og nokre opplysningar frå Omar Loen. Bileta tyder på at turen gjekk frå indre Nordfjord til Kyrkjebø (Høyanger), med båtskyss frå Nordeide til Grinde eller Kaupanger, og vidare over Sognefjellet og attende til Nordfjord. me veit ikkje kor lenge turen varde, men det ligg nær å tru at det var ein busstur med overnatting i Sogn.

Stogg på Mo jordbruksskule

Fyrste biletet i serien er teke utanfor driftsbygningen på Mo jordbruksskule, i dag Mo og Jølster vidaregåande skule. Mo jordbruksskule vart grunnlagd i 1858. Det er godvêr, bussen køyrer med ope tak. Me ser andletet på sjåføren og kan telja til minst elleve passasjerar.

Om bord på "Stavenes"

Det andre biletet er teke om bord på "Stavenes". Lokalkjende folk har kome til at det er teke ved Måren like innom Nordeide. Bussen står på bakken framfor masta med bakhjula heilt i kanten på styrbord side. Sjåføren står heilt bak i bussen.

Sommaren 1934 byrja Fylkesbaatane ei bilførande rute med D/S "Stavenes" på strekninga Vadheim-Lærdal. I mai 1937 vart det for fyrste gong råd å køyra bil frå Vadheim til Høyanger etter at vegen mellom Vadheim og Klævoll opna i månadsskiftet mai/juni. Same sommaren vart det bygd kai med ferjelem på Nordeide.

Ovanom Turtagrø

Grinde i Leikanger fekk truleg ferjelem i 1937, same året som vegen mellom Leikanger og Sogndal vart opna. Dei fyrste ferjelemmane var bygde på tvers i kaiane. Dei kunne løftast og senkast og fungerte som bru eller landgang for bilar. Det ligg nær å tru at nordfjordbussen i 1939 blei sett av på Grinde.

På det tredje biletet er turistane komne nesten opp på Sognefjellet. Biletet er teke ein stad i nærleiken av Turtagrø hotell med utsyn sørvestover mot området der bilvegen frå Turtagrø til Årdal går no. Grusen er lys og ser forholdsvis ny ut. Sognefjellsvegen vart opna for personbiltrafikk sommaren 1938. Bussar og lastebilar fekk ikkje lov å køyra før i 1939.

Ved Prestesteinsvatnet

Det siste biletet er teke ved Prestesteinsvatnet, etter alt å døma i vestre enden, snaue 2 km frå det høgaste punktet på fjellovergangen, Fantesteinen, på 1434 moh. Det ligg plankar i vegakanten, noko som kan tyda på at det pågår etterarbeid på vegen. Me ser her 14 passasjerar utanom sjåføren og medrekna fotografen, har me då minst 15 reisande på denne bussturen over Sognefjellet sommaren 1939.

Identifiserte personar

Omar Loen har granska bileta i samarbeid med andre i Loen. På biletet teke på Mo kjenner dei att sjåføren, Konrad Tjugen. Framme i bussen står Steffen Loen, han og var sjåfør i billaget. I setet bake Konrad Tjugen sit Ola Orheim og kona Johanne. Dei budde på Helset ved Lovatnet.

kjelder:

Russenes, Bjørn Falch: Lodalen Dampbåtlag LL. I Rutebil. Nr. 77, desember 2003.
Opplysningar frå:
Omar Loen, Loen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR