Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Privat gravstad på Sørevikane



Ein av dei få private gravstadene i Sogn og Fjordane finn me på sørsida av Sognefjorden. Han ligg på garden Sørevik eller Søre Vikum i Høyanger kommune. Anders Hansen Sørevik fekk kongeleg løyve til å oppretta gravstad for seg og familien sin i 1914. Gravstaden er framleis i bruk.

Den private gravstaden på Sørevikane 2012, 13 år etter artikkelen blei skriven.

Den private gravstaden på Sørevikane 2012, 13 år etter artikkelen blei skriven.

Eigar: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet.

Datering: 2012.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gravstaden år 2012

Gravstaden på Sørevikane ligg på ein fredeleg stad i utmarka eit lite stykke austafor gardshusa like ved fylkesveg 8 mellom Hest og Oppedal. Han er 15 m lang og 12 m brei, og er omgjeven av gjerde og nyplanta barlindhekk. Ein kvit port fører inn på gravstaden. Her er 6 graver, den eldste frå 1914, den yngste frå 1995. Familien syter for vedlikehaldet. Tidlegare ordna familien også med graving, men no er gravearbeidet overteke av kommunen.

Søknad til Kyrkjedepartementet

Gravstaden blei anlagt i 1914. Den 21.mars skreiv Anders Hansen Sørevik (1863-1952) i dåverande Lavik kommune under på ein søknad til Kyrkjedepartementet om løyve til å anleggja gravstad på garden sin. Stortingsmann Lasse Trædal (Venstre) frå nabobygda Tredal, eit kort stykke lenger ute i fjorden, hjelpte til med å forma søknaden. Trædal sytte og for at søknaden kom fram til departementet saman med ei solid tilråding. Saka fekk rask handsaming med positivt resultat. Alt 30. mai same året sette Haakon VII namnet sitt på kongeleg kunngjering om løyve til oppretting av privat familiegravstad. Før det skjedde, hadde saka vore innom fleire organ: det kommunale helserådet, det lokale kyrkjetilsynet, prostiet og stiftsdireksjonen. Ingen hadde noko å innvenda.

Bilete av familiegravstaden.

Dokumentasjon i Riksarkivet

På Sørevik har dei oppbevart eit vakkert utforma kongebrev på løyve til å oppretta privat gravstad. I Riksarkivet er bevart eit ti-tals saksdokument: søknaden, tilrådinga, fleire departementsskriv, påteikningar og melding om bifald ved Kongelig Resolution af 30. mai 1914.. Her går det mellom anna fram at anlegg og drift av gravstaden må svara til lover og føresegner som gjeld for kyrkjegardar og gravstader elles.

Bilete av kongebrevet.

Kvifor privat gravstad?

Etter Lov om kyrkjer og kyrkjegardar av 1898 skulle lik gravleggjast på dei offentlege gravstadene. Det var likevel høve til å søkja om å få oppretta privat gravstad. Anders Hansen Sørevik grunnga sin søknad med a) at dei hadde ein son som leid av uhelbredeleg tuberkulose som det var eit sterkt ynskje å få gravleggja nær heimen når den tida kom, og b) at sjøvegen til kyrkjegarden på nordsida kunne vera hard og uframkomeleg. Det er ikkje mange private gravstader i fylket. Ein grunn kan vera at få søkte, ein annan at styresmaktene var svært tilbakehaldne med å gje løyve.

Bielte av ei gravferd på slektsgravstaden Kveldro i november 1952.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda. 11.10.1999.
Riksarkivet:
Kirke- og undervisningsdepartementet, A Kirkegårder, eske 179.

PERMANENT IDENTIFIKATOR