Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juni 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Frå grue til elektrisk varmeomn



Denne enkle, opne eldstaden finn du i hjørnet i ei stove frå Gnr. 016 Otnheim i Selje kommune. Stoverommet har ljore i taket for utslepp av røyk.

Denne enkle, opne eldstaden finn du i hjørnet i ei stove frå Gnr. 016 Otnheim i Selje kommune. Stoverommet har ljore i taket for utslepp av røyk.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Åpen eld

Det har vore fleire måtar å varme opp rom på når vi ser oss attende i tid, frå open eld i grua og røykomnen til ulike typar jarnomnar. På Nordfjord Folkemuseum er det ulike eldstader i ulike hus i friluftsmuseet. Stova frå Gnr. 016 Otnheim i Selje kommune i Nordfjord er truleg bygd før 1600. Den har grue for åpen eld i det eine hjørnet av hovudrommet. Røyken går ut gjennom ein ljore, altså ei slags luke i taket. I «Olastova» frå Gnr. 080 Sæten i Loen i Stryn kommune er det røykomn. Den eldste delen av denne stova er truleg frå 1600-talet. Røykomnen var ein oppmura omn utan pipe som stod i eit hjørne av stoverommet. Røyken låg tjukt oppunder taket før den slapp ut gjennom ljoren. Masstova frå Gnr/Bnr 122/01 Kandal Midtre er truleg bygd på 1700-talet og har open eldstad med pipe.

Jarnomnen

På Vestlandet var røykomnen seigliva og var i bruk fram til første del av 1800-talet då jarnomnen tok over. Den opne elden i åren, røykomnen og peisen vart etterkvart avløyst av den «innelukka» elden i jarnomnen. Første jarnomnen var bileggaromnen. I stove frå Gnr. 038 Dispen i Stryn som er bygd på byrjinga av 1700-talet, er det sett opp ein bileggaromn. Den lukka delen av omnen går gjennom veggen og inn i stoverommet medan delen med opning for fyring står i det andre rommet på den andre sida av veggen. I «Moritsstova» frå Gnr. 012 Rygg i Gloppen, bygd i 1861, står ein vedomn av jarn som ein kan koke på. Jarnomnen hadde lang levetid som viktigaste varmekjelda før elektrisiteten tok meir over. Sjølv om folk fekk elektrisk komfyr, var vedomnen i bruk ved sida av som varmekjelde for rommet.

Dei første elektriske varmeomnane

Den første elektriske oppvarminga kom frå frittståande og flyttbare omnar og var eitt tillegg til eller i reserve for anna oppvarming. Slike omnar vart produsert frå byrjinga av 1900-talet. Omnane stod gjerne midt i rommet og kunne flyttast etter ynskje. I Nordfjord var det fleire små bedrifter som produserte frittståande enkle omnar frå rundt 1920 og i ei tid framover. Døme på dette er «Per Flølo Elektro Mekanisk verkstad» og «M.Ryssdal Elektro Mek.Verksted» på Sandane og «Eids Elektro-Mek.Verkstad» på Nordfjordeid. På bileta viser nokre av desse omnane i Nordfjord Folkemuseum si samling.

Steikeplata som skulle varme opp rommet

Varmekjeldene hadde fleire funksjonar enn oppvarming. Grua og røykomnen gav lys og vart nytta til matlaging i tillegg til varme. Jarnomnen gav ikkje lys, men rette sorten var framifrå til matlaging. Noko av denne fleirbrukspraksisen vart, meir eller mindre vellukka, tatt med over i bruken av elektrisk oppvarming. Dei tidligaste frittståande elektriske varmeomnane hadde ofte plass til kjele øvst. Gjevar av omnen på biletet som er produsert av M.Ryssdal Elektro Mek.Verksted, kunne hugse at den var nytta rundt 1930-talet til oppvarming av hyblar på Gnr/br.nr 0069/0080 på Øyrane på Sandane. Hybelbuarane hadde ei panne med vatn ståande permanent til varming oppå omnen, noko det også er synleg merke etter.
Litt mindre heldig, og langt meir brannfarleg, var det når folk fant på å sette steikeplata på for fullt for å få varme i rommet!

Frå lite til mykje elektrisk oppvarming

Forsyninga av elektrisk straum til ålmenta i Sogn og Fjordane byrja i 1909 ved Evebøfossen på Sandane, men vart ikkje fullført før på 1950-talet. Om ein var av dei heldige som hadde innlagt straum frå byrjinga, var forsyninga avgrensa, ofte ustabil og i tillegg dyr. Oppvarming kunne ikkje baserast på elektrisitet under slike høve.

Etterkvart vart straum allemannseige og prisane låge. Dei veggfaste omnane kom på marknaden og utover i etterkrigstida vart elektrisk oppvarming ofte viktigaste varmekjelda, no gjerne med vedfyring som eit tilskot. På slutten av 1900-talet merka Norge seg ut med eit høgt forbruk av elektrisitet til oppvarming av bustaden samanlikna med nabolanda våre. Hjå oss vart til dømes 60 % av oppvarmingsbehovet stetta av elektrisk kraft i 1998.

kjelder:

Aschehoug og Gyldendals Store Norske leksikon, 1979: Kunnskapsforlaget, Oslo.
Grytli, Eir og Støa, Eli, 1998: Fra årestue til smarthus. Teknologien omformer boligen. Norsk arkitekturforlag, Oslo.
Johnsen, Arne, 1996: Elektrisitet til hjem og gård. Elektrifiseringa av norske husholdninger og gårdsbruk fra 1920-1970 med fokus på Stavangerområdet. Hovedfagsoppgave i historie. UiB.
Nordstrand, Leiv, 1993: Lys og kraft til bygdens behov. Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993. Utg. Sogn og Fjordane energiverk, Stavanger.
Tomasgard, Paul O., 2004: Vasskraft og kulturhistorie. I Årbok for Nordfjord 2004.
Eikum, Ole Schanke, 2004: Vasskraft til elektrisk energi i 100 år. Kraftutbygging og energiforbruk på 1900-talet i Sogn og Fjordane. I Årbok for Nordfjord, Sandane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR