Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. april 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kommune

Fylkesbaatane – prolog til dampskipsbryggja i Seimsdalen



Boka Dampen og kaia (1998) omtalar fire fire båtstoppestader i Årdalsfjorden: Årdalstangen lengst inne i fjorden, Naddvik (Vikadalen) på sørsida, Ofredalen og Seimsdalen på nordsida. Seimsdalen var sist ute med bryggje, i 1926. Det var ei storhending, og bygda heldt fest. Thomas Hæreid på Årdalstangen skreiv prolog.

Kaien i Seimsdalen kring 1957, bygd i bindingsverk ved oppmurt parti frå land. Båten til kai er ms "Kvelding" som tilhøyrde Jørgen Offerdal. Ei tid dreiv Jørgen Offerdal mjølketransport til meieriet på Årdalstangen. Pr 2016 er skura ved kaien borte, sameleis alt treverket.

Kaien i Seimsdalen kring 1957, bygd i bindingsverk ved oppmurt parti frå land. Båten til kai er ms "Kvelding" som tilhøyrde Jørgen Offerdal. Ei tid dreiv Jørgen Offerdal mjølketransport til meieriet på Årdalstangen. Pr 2016 er skura ved kaien borte, sameleis alt treverket.

Eigar: Sjur Årebru

Datering: Kring 1957

Fotograf: Flyfoto

Seimsdølene bygde bryggje i 1926

Bygdebok for Årdal (1971-1985), bind 1, har eit kapittel om samferdsla. Eit avsnitt handlar om ruteferdsla på sjøen. Det står:

«Eit stort framsteg vart det då amtsbåtane dampa inn Årdalsfjorden [frå 1870]. I Ofredalen, Vikadalen og Seimsdalen vanta dei bryggjer, så der måtte dei «borda» dampen. Ivar Offerdal bygde bryggje i 1898. I Vikadalen [Naddvik] bygde Olav Bjørkum DS-bryggje i 1918. Seimsdølene gjekk saman og bygde bryggje i 1926. Ho vart vigsla med ein stor bygdefest.»

Merknad: «amtsbåtane» - Sogn og Fjordane fylke skipa eige dampskipsselskap i 1857, og dei fyrste rutene mellom fylket og Bergen tok til ved årsskiftet 1858/59. Etter kvart kom det til nye stoppestader og fleire ruter. I 1919 endra Nordre Bergenhus Amts Dampskibe namn til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF). På folkemunne vart rutebåtane gjerne omtala som «amtsbåtane» og etter 1919 «fylkesbåtane».

Ny bryggje og første anløp

Folket i Seimsdalen hadde lenge Årdalstangen som bygda sin båtstoppestad. Dei måtte ro dit, ein «bryggjeveg» som var både lang, og til sine tider krevjande å fara. I 1906 søkte dei «Amtsbåtane» om båtstogg, men fekk avslag. Mykje truleg kom seimsdølene att med ny søknad seinare, men det kan sjå ut til at Seimsdalen ikkje fekk rutebåt før bygda kunne by på bryggje. Seimsdalen er korkje med som stoppestad i sommarrutene 1920 eller i vinterrutene 1923-1924. Vi veit ikkje noko om åra 1924-1926, derimot føreligg det «sikker» dokumentasjon på første FSF-anløp til kai i Seimsdalen: laurdag 30. mars 1926. Sogns Tidende hadde nokre dagar før følgjande notis:

«Fraa Aardal. Fylkesbaatene skal no laurdag, den 30. d.m. gaa inn til bryggja i Seimsdalen, som no paa det næraste er ferdig. I dette høve er seimsdølerne i høg stemning, som rimeleg er. Det [at rutebåten legg til] er den rette godkjenning av det kostesame bryggjearbeidet som bønderne i dalen hev utført.»

«Til Seimsdalen» - høvedikt

Same dato som notisen om første båtanløpet stod i Sogns Tidend, hadde avisa prologen eller høvediktet «Til Seimsdalen», signert «T.H.» (Thomas Hæreid). I episk-lyrisk form skildrar Hæreid bakgrunnen og det ferdige verket, den nye bryggja:

Rutebåtane – «Stordampen» - har fare i «fjorden» lenge, men Seimsdalen har måtta ta seg inn til «Tangen» for å få del i dette godet. Ofredalen og «Nattviki» (Vikadalen) er betre farne, der er rutebåten «turviss» (oppom til faste tider, etter ruta). I Seimsdalen har dei bygd seg veg med bru ned til sjøen. Men dei hadde ikkje bryggje. Det ordna seg ved at seimsdølene sjølv tok fatt på oppgåva, i lag, No er bryggja ferdig, eit «fagnadverk», no kan dei halda fest, heise flagga, saluttera og ropa hurra!

«avslutningsfest»

Thomas Hæreid skreiv om festen i Sogns Tidende. Det var ein «avslutningsfest», skreiv han, i høve bygdetiltaket «veg, bru og bryggje», og det var Seimsdalen ungdomslag som stod føre bryggjefesten, laurdag 17. april. Dette må ha vore før laget fekk seg ungdomshus, Hæreid skriv at «festhuset var baade i Øyane og hjå sersjant Asperheim». Vi får høyra at «11 bønder» var «sjølvskrivne gjester». Det må ha vore «medeigarane» i tiltaket. Dessutan var «det gamle heradstyre og ein del andre» innbedne.

Om programmet høyrer vi mellom anna at lærar J. Hæreid heldt tale, der han «som ordførar i velvalde ord tolka bygdi [her: truleg Årdal kommune] sitt syn på dette framifrå tiltak». Thomas Hæreid sin prolog «Til Seimsdalen» står ikkje nemnd, men det er rimeleg å tru at Thomas Hæreid sitt dikt var programpost. Her er diktet:

(Sogns Tidend, 26.03.1926)

Til Seimsdalen

«Storedampen» lenge i fjorden hev fare,
med røykstrimor, lik burtblesne tullar.
Landterner lyser, bliktar i myrkret,
fyren blinkar, viser leidi fram.
Signalet lyder: Tuut, no kjem eg!
Og fjelli straks svarar: Ja, me ser deg!

Bodet og bandet millom fjordspreidde bygdar
bygdehesten til Bjørgvinsby.
Langferdsvogn for farande mann,
ved bryggja i bygdi dampen gjev stan [stogg]
naar du hev holdeplass og kvila til han.

Seimsdalen hev mangla denne eimbaatsbru [eimbåt – dampbåt]
skulde det slik vara, so lenge verda snu?
I Ofredal, paa Tangen og Nattviki ho med, [også]
han turviss kjem innaat, (…???)

Fraa «dalen» inn paa Tangen, er lange bryggjeveg.
og fjorden han er spelleg [risikabel]
so ymse vind og vêr, paa dette sjøstykket her.
I baat, stundom ro og mak, men ofte seige aaretak,
djerve sjøkarar (…???)
naar fjorden ryk, og tyt med roll(?) og smoll(?)
Daa som ei liti avstengd verd:
Seimdsalen er.

Men skulde det slik vera, alltid dette (her??)
Ein god ting kjem sjeldan aaleine
Og her det høver segje
at alle godte ting er tre!
Fyrst veg og bru oss tryggja.
Og naar det fyrst til veg det bar
so lyt me faa oss bryggja

Slik vart det prata, sagt
fraadrege, samanlagt
um kostnad framgangsmaate,
visst eit arbeid utan maate.
Me kostar oss fraa gard og grunn
ja, maten i vaar munn
For ein ja, um han alt vil paa seg ta,
men kanskje lyfte i flokk?
Saman gaa um sams verk og sak:
Einskap greider tunge tak.

Mange bekkjer smaa, gjerer store aa,
liti tuva velter store lass,
liti bygd greider fagnadverk,
byggjing av veg, bru og bryggja.
Den siste seigast faa til pers,
i land ho feste,
saa fraa botnen reisa seg til vers,
ja, det er det verste,
køyra, mura, fylla, peila, timbra,
eit arbeid stort, so du kan nesten svimra.

Men no er bryggja bygd
trappetrinnet ut til storedampen ferdig
Lat landgangsbrui falla for fyrste gong,
sambandet knytast med verdi der ute,
flaggi høgt til topps blakra,
og velkomstskoti, dura, skaka,
hattane av, eit fleirfalda hurra,
For tiltakshug og folket der i dalen
ei fylking med framsyn til framstig lenge leve!
T.H.

kjelder:

Sogns Tidend, 25.03., 22.04.1926


Bygdebok for Årdal, bind 1, 1971-1985.


Førsund, Finn B: Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. 1998