Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Gardstun på Nedrestrond



På Nedrestrond i Viksdalen ligg eit eit tun som har vore uendra dei siste 150-åra. Det var her Eilert Sundt budde då han var på reise i distriktet hausten 1865.

Tunet på Nedrestrond  i 1956. Frå venstre ser vi storehuset, stova, stabburet, eldhuset og smieloft, fjøset/løa og kvernhuset. Oppe i skogkanten står gardfloren.

Tunet på Nedrestrond i 1956. Frå venstre ser vi storehuset, stova, stabburet, eldhuset og smieloft, fjøset/løa og kvernhuset. Oppe i skogkanten står gardfloren.

Eigar: Ukjend.

Datering: 1956.

Fotograf: Telemark Flyselskap a/s.

Det gamle tunet

Tunet har sannsynlegvis lege på same stad sidan garden vart teken opp att etter Svartedauden. På ei flate omkring 100 meter vest for det noverande tunet er det ein plass som vart kalla Tunet. Spørsmålet er om dette kan vere eit eldre tun som har vorte flytta til det noverande. Det finst fleire gamle hus på tunet. Husa er bygde frå 1850 og utover.
Stova som inneheld sperrestove, kleve og bakstove, vart bygde i 1864. I bakstova var det omgangsskule fram til krinsen fekk eige skulehus i 1889.
Storehuset eller nyehuset, er frå 1877, og det siste huset som vart bygd på garden. I dette hadde dei overnattingsplass til gjester og ulike lagerfunksjonar (klede, ull, korn etc.).

Bilete av sju personar og ein hund på ein vinterdag i 1928.

Uthusa

Floren frå 1867 var for si tid ein stor stavbygning som gardbrukaren Torstein Olsson sette opp. I den 25 meter lange bygningen vart alt samla under eitt tak, både av dyr og avling. Det var noko nytt, før hadde ein eigne hus til dei ulike dyra og til avlingen.
Stabburet er eldste huset. Det er i to høgder og bygd saman av to buer. Øvste høgda er frå 1592, her er årstalet innhogge over døra. Nedste delen er 1600-tals tømring i følgje fagfolk.
Elles står det eit eldhus med smie, snikkarloft og veslehus. Ei skykkje står òg i tunet. Vest for floren stod kvernhuset. Her var stavsag, kornturke og stampe. Slipesteinen vart òg dreven av vatn.
Oppgangssaga, seinare sirkelsag, stod ved sageelva heilt vest på innmarka. Elles står det eit naust og restar etter gardfloren (tãflor). Gardfloren var tømra kyraflor og oppå var det stavar og i denne høgda var det plass til sauer og geiter.

Illustrasjon av nedlagd sag i Gaular.

Vedlikehald av ein nedlagt gardstun

Då hovudbruket gjekk ut av drift i 1967, overtok brukaren på nabogarden nedre Årnes jorda. Sidan midt på 1980-talet har det ikkje budd folk i husa. Då Joar Oppedal Aarnes overtok både nedre Årnes og Nedrestrond i 1981, tok han også ansvaret for å halde dei ni husa på Nedrestrond ved like. Ei omfattande restaurering måtte til for å setje dette spesielle tunet i stand, eit arbeid som kostar tid og spesielt pengar. Stadig stiller brukaren seg spørsmålet: er den gamle garden ein hemsko, eller tvert imot ein sjanse til å skape noko i ei bygd som sårt treng ny energi? Til lokalavisa Firda svarar Joar Oppedal Aarnes at han enno ikkje har funne svaret.

Bilete av mann som driv med flugefiske i Hestadfjorden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band IV. 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR