Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Rystestøylen



Rystestøylen er gammal støl for bruka på Raudeberg. På det meste kunne det vera 40 kyr her om sommaren. Jenter frå bruka hadde ansvaret for mjølkinga, og dei gjekk opp her kveld og morgon seks dagar i veka. Søndagane hadde dei fri, og då tok foreldra seg av mjølkinga. Kring 1950 tok stølsdrifta slutt. I 1946 vart det sett opp eit nytt gardfjøs på Rystestøylen. Det forfall snøgt då drifta tok slutt. I 1999 vart dette bygt opp att etter initiativ frå stiftinga Rystestøylen. Det ville ha det som eit monument over arbeidet på stølen og i fjellet.

Frå opninga av det nye gardfjøset på Rystestøylen i 1999. Om lag 80 menneske tok turen til stølen denne dagen.

Frå opninga av det nye gardfjøset på Rystestøylen i 1999. Om lag 80 menneske tok turen til stølen denne dagen.

Eigar: Fjordenes Tidende.

Datering: 1999.

Fotograf: Fjordenes Tidende.

Støl for bruka på Raudeberg

Rystestøylen var felles utmark for bruka på Raudeberg. På det meste kunne her vera 40 kyr som skulle mjølkast. Då drifta var på det høgste, kunne det vera opp til 10 jenter frå dei ulike bruka på Raudeberg som gjekk til fjells. Frå 8-10 års alderen byrja dei å vera med i fjellet for å hjelpa til. Dette var ei av pliktene jentene hadde. Jenter frå Sørgardane, Sivertane, Holmane, Vetrhusane og dei andre starta frå kvar sin gard og samla seg i Kvila for å gå vidare i lag. Når dei kom til rasteplassen Melten vart gjerne dei minste att der for å koka kaffi medan dei største gjekk for å henta kyrne. Koppar og kaffikjel hadde dei ståande i ei kasse ved Melten. Der var det òg sett saman nokre store steinar til grue. Kaffi smakte ekstra godt på fjellet. Til fløyte nytta dei "frøde" som er skum frå mjølka. Dei hadde med seg brødskiver, sveler eller potekaker som niste. Kyrne gjekk ofte i Kvalheimsbakkane eller i Svartebotn. Ofte måtte dei leita før dei fann kyrne og fekk gjort arbeidet ferdig. Når det var varmt og tørrt i vêret, hende det at kyrne gjekk heilt ned på Neset.

Tidleg opp

Jentene gjekk til fjells morgon og kveld seks dagar i veka. Søndagane hadde jentene fri. Då var det gjerne foreldra som tok seg av arbeidet. Eit fjøs på Rystestøylen vart bygt i 1946, men kyrne gjekk òg i fjellet før den tid. Jentene bruka å starta litt før klokka halv seks om morgonen. Det tok frå 45 minutt til ein time å gå inn til stølen. Dei måtte vera nede i bygda att mellom åtte og halv ni. Klokka ni kom mjølkebilen frå Måløy for å henta den nysila mjølka. Seinare på dagen var det andre oppgåver som venta som slått, hesjing, matlaging, klesvask med meir. Om ettermiddagen i femtida var det ny tur til fjells med mjølkespann og hylkje. No hadde dei betre tid. Mjølkebilen kom ikkje att før neste morgon.

Om livet på stølen

Det kunne vera farefullt å gå i fjellet. Nokre stader, som i Kvenneberget, var det svært bratt. Der måtte dei gå ein og ein og sende mjølkespanna til kvarandre. Jentene gjekk i kjolar og tøysko, men nokre gjekk òg berrføtte. På denne tida var det mange som hadde arbeidshestar og om sommaren gjekk dei lause i fjellet. Flokkar med kring 20 hestar kunne brått dukka opp på stølen. Då vart jentene redde. Ofte hende det at dyr gjekk seg fast i fjellet. Eitt år gjekk tre kviger seg utføre og vart drepne. Jentene hadde streng beskjed frå foreldra om aldri å gå på nedsida av ei ku i bratt lende. Dersom kua skleid, ville då også jenta fara med. Klara Nybakk var flink til å lokka på kyrne. "Kom kolla, kubein," song ho. Kubein var salta og tørka fiskeryggar som jentene hadde med til kyrne. Desse vart banka mjuke på ein stein før kyrne fekk dei. Tørrsild var eit anna lokkemiddel som kyrne var glad i. Kyrne kunne vera sære og kvart dyr hadde sitt lynne. Ei ku byrja straks å sparka om budeia slutta å syngja. Ei anna nekta å lata seg mjølka av kven som helst.

Slutt kring 1950

Om hausten når dyra skulle hentast ned frå fjellet, var det fest med rømmegraut for alle som hadde vore med å mjølka den sommaren. Denne festen gjekk på omgang mellom gardane på Raudeberg. Kring 1950 vart det slutt med å gå til fjells med kyrne. Dei siste åra var det ikkje så mange som hadde dyra sine i fjellet, og i 1952 var det berre Agnes Johnsen som gjekk på Rystestøylen. Mange bruk hadde då gått frå kyr til sauer, og det hadde òg vore generasjonskifte på fleire bruk. Drifta endra seg.

Stiftinga Rystestøylen

Gardfjøset på Rystestøylen ramla ned nokre få år etter at drifta tok slutt. Berre murane viste. I 1990-åra vart det teke til orde for at fjøset burde setjast opp att. I 1999 gjekk stiftinga Rystestøylen i gang med dette arbeidet. Det gamle fjøset hadde hatt plass til sju kyr. Det nye vart på 21 kvadratmeter og hadde soveplass til om lag like mange. Ein viktig grunn for dei som engasjerte seg i arbeidet var at dei ynskte eit monument over arbeidet som vart drive på stølen og i fjellet. Dei ville òg laga ein møteplass i fjellet som kunne motivera folk til meir friluftsliv. Folk skulle òg få oppleva soga om fjellet. I det nye fjøset vart det både overnattingsplassar og kokemuligheiter. I alt la folk ned kring 600 dugnadstimar. Stiftinga fekk også merka to løyper frå Raudeberg og opp til stølen. Den eine går frå Leite og den andre frå Øvrevegen, litt lenger sør i bygda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende, fredag 6. august 1999.
Fjordenes Tidende, fredag 28. mai 1999.
Fjordenes Tidende, onsdag 29. september 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR