Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Utegris under hedler på Helset



Helset heiter garden på austsida av Loenvatnet, om lag 5 km frå Vassenden. Gardstunet ligg tett attmed vegen, på nedsida. På oppsida ligg ein overhendig stor stein der det er murt opp under eit framspring. I muren er der vindauga og døropning inn til ein romsleg hedler. Rundt denne hedleren heldt dei utegris for mange år sidan. Enno ligg brya (fóringsplassen) på utsida.

Ein overhendig stor stein har ein gong i farne tider rasa ned på Helset og lagt seg til tett ovanom vegen inn langs Lovatnet. Eit utspring (overheng) på steinen på nedsida dannar ein stor hedler. Ved å laga mur, fekk dei seg eit godt "uthus" på garden, i si tid nytta som krypinn for utegris. Opningen i muren gav godt dagslys inne.

Ein overhendig stor stein har ein gong i farne tider rasa ned på Helset og lagt seg til tett ovanom vegen inn langs Lovatnet. Eit utspring (overheng) på steinen på nedsida dannar ein stor hedler. Ved å laga mur, fekk dei seg eit godt "uthus" på garden, i si tid nytta som krypinn for utegris. Opningen i muren gav godt dagslys inne.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Historisk anlegg for utegris
Osvald Myren på Helset viste hausten 2003 rundt på det historiske utegris-området på garden. Rommet under hedleren har ein tverrvegg på vel 3 m med dør. Inne er det over 4 m på det breiaste og mannshøgd fleire stader. Opning i muren på langsida gjev godt dagslys. Utearealet var innhegna og rett nedanfor hedleren stod brya, foringsplassen. Ho er der enno, fylt med mold og tilplanta med blomar.

Myren er tilflyttar på Helset. Han kjenner ikkje til noko nærare om utegrishaldet på garden, berre at det ein gong i tida vart drive med utegris rundt hedleren. Det kan nok henda at hedleren også har vore nytta som geitefjøs.

Utegris i åra etter krigen
Sandrup Nordvoll på Landbrukshøgskulen på Ås voks opp på eit småbruk med allsidig husdyrhald. Han fortel at agronomstudentane på 1950-talet hadde Høie og Tilrem si Husdyrlære som lærebok i husdyrbruk. Grisehaldet var i det store og heile småskala på denne tida. Grisane gjekk nok ofte ute om sommaren, men utan noko som helst krav til uteliv. I husdyrlæra står det om avgrensa løpegardar med skur der grisen kunne søkja ly for sterk sol og uvér.

Økogrisen skal ha uteliv
Heller ikkje Dyrevernlova av 1974 set krav om uteliv for grisen. Det ville vera vanskeleg å gjennomføra for dagens storskala grisehald. Derimot er det krav om uteliv for økogrisen. Debio - organisasjonen som kontrollerer og godkjenner økologiske bruk i Noreg - har sett opp detaljert rettleiing for økologisk grisehald (2006). Slakte- og avlsgrisen skal til dømes ha tilgang til luftegard eller uteareal heile året og dei skal fritt kunna gå ut og inn gjennom luke eller port. Når det går mot slutten av griselivet, kan grisen haldast inne den siste femtedelen av levetida.

Gris i endring - Lodalsgris
"Gris 2001" var tittelen på eit fagseminar i Tromsø i 2001. Espen Lynghaug i Kjøttbransjens Elitelag uttrykte ynskje om svinekjøt med betre smak og mindre harskning. Han ville ha større grisar og fleire variantar og tilleggsverdiar. Han heldt fram at svinekjøt har eigenskapar som gjer at svinekjøtet kan bli "framtidas produkt". Forbrukarane vil ha "lykkelig mat" med dyrevelferd og nisjeprodukt som til dømes "Gardsgris" og "Skogsgris" og det må vera historie rundt produktet, la han til. - Me må få nye og trendy produkt for ein ny generasjon forbrukarar. Hugs på, spissformulerte han seg, at kvar einaste dag døyr opptil fleire kotelett- og svinesteik-etarar.

"Lodalsgris" bør kunna føyast til Espen Lynghaug sine døme på nisjegris, som både kan skilta med historie og historisk grisehus.

Grisetrynet - ein allsidig reiskap
At grisen finn seg godt til rette og trivst utandørs, ja, jamvel kan gjera nytte for seg som overflatedyrkar, hadde "bestyrer Døsen" (Hvam jordbruksskole, Akershus) eit oppglødd stykke om i avisa Sogningen i 1932. Det kan sjå ut som om han hadde vore på synfaring på eit forsøksområde."Grisen som jordarbeider" brukte bladet som overskrift. Her er eit utdrag frå stykket:

"Jeg har ofte beundret grisetrynet som et alsidig redskap, skikket til mange slags bruk. I aar saa jeg det for første gang satt inn i skogen og utnyttet som jordbruksredskap. Og jeg vaager den påstand: Det er bedre grobunn og mer fremtid i denne vidunderlige innretning enn i en dyr jordfreser. Det er bare stiv mekanisme som må styres og passes som en liten unge.

En skjønsom gris derimot arbeider best alene. Og slik interesse som en gris viser for arbeidet!

(..) Etter kl. 9 om kvelden nytter det ikke å gå på besøk i kolonien. Arbeiderne sover og snorker to og to sammen etter slektskap og vennskap. Her er det ingen som snur seg i søvnløshet eller ond samvittighet. Alle sover tvers igjennem. Se på benene! De har lagt strevet bort, hvert ledd er i hvile, hver muskel slapp. Selve rumpedusken ligger trett utstrakt, ikke opkrøllet i spenning og sving. Men saa er det ogsaa en vidunderlig seng denne jorden. Rundt omkring yrer det av blomster og grønt av allslag. Høit oppe lyser blå himmel mellem grantoppene, sus og duft av kvae og mull krisler i neseborene. Dette er himmelsengen med arbeide, mat, hvile og frihet."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Haugen, Helge: Gris i endring. I Bondevennen. 33/34.2001.
Sogningen. 1932.
Opplysningar frå:
Osvald Myren, Stryn.
Sandrup Nordvoll, Norges landbrukshøgskule.

PERMANENT IDENTIFIKATOR