Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. april 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Historiske Losna - på informasjons-skilt



Øya Losna ligg lengst aust i Solund kommune, skild frå øya Sula ved Krakhellesundet og frå Hyllestad i aust ved Tollesundet. I 1946 budde det 53 menneske i 13 hus på Losna, dei fleste på området søraust på øya. I 2013 er det berre fastbuande i eitt hus, men i sommarhalvåret er det folksamt på Losna. Tiltaket Losna-ferie har lagt til rette for besøkande på fleire måtar, mellom anna ved informasjon om natur og historie langs bygdevegen mellom ferjekaia på Netteland i vest og den gamle båtstoppestaden i aust.

Losnaspelet vert arrangert annakvart år på Losna i Solund kommune. Spelet er skrive av Rolf Losnegård.

Losnaspelet vert arrangert annakvart år på Losna i Solund kommune. Spelet er skrive av Rolf Losnegård.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Informasjon på skilt langs vegen

Losna er stjernestoppestad på fleire turar i ferjesambandet Rysjedalsvika – Rutledal – Losna – Krakhella, det vil seia at ferja går oppom når det er reisande til og frå. På ferjekaia står det «Velkommen til Losna»-skilt og vidare kan folk gå vegen austover og stogga ved informasjons-skilt. Artikkelen her tek med ni skilt med historiske opplysningar, i geografisk rekkefølgje frå ferjekaia på Netteland i vest til den gamle båstoppestaden, no småbåthamn, i aust.

Losna-ætta

«Velkommen til Losna»-skiltet viser adelsmerket til ei stormannsætt i seinmellomalderen som har namn etter garden Losnegard. Under merket er ført opp ei liste over 11 adelsmenn knytte til Losna-greina av Losna-ætta. Stamfaren var Filippus Erlendson (1285-1340). Anna kvart år vert sogespelet Losna-spelet framført på Losna.

Losna ferjekai

Ferjesambandet Rysjedalsvika – Krakhella vart opna i 1972. Trekantsambandet Rysjedalsvika – Rutledal - Krakhella kom i gang tre år seinare. Ferjekaia på Netteland på Losna vart opna hausten 1999, og er i dag stjernestoppestad på dei fleste turane Rutledal-Krakhella-Rutledal.

Losna skule

Før var det omgangsskule på øya, det vil seie at læraren underviste i private hus på omgang. I 1922 fekk Losna eige skulehus. Skulen vart bygd på Tronneset, eit vêrhardt nes nær det vesle bruket Losnelia (Gjerden). Dette betydde ca 2 km skuleveg i ulendt terreng frå busetnaden på sør-austsida av Losna, og tilsvarande for Losnedalen og Juvika på vestsida. Krakhella høyrde også i ein perioden til skulekrinsen på Losna. Elevane derifrå måtte først ro over Karkhellesundet, for deretter å gå to-tre kilometer. Om vinteren i snø og sludd kunne denne skulevegen vere ei stor utfordring både for store og små.

Samferdsel

Losna ligg sentralt i sjøvegstrafikken nord-sør langs kysten, og trafikken inn Sognefjorden. I Klaua (Strengklau) var det frå gammalt ei naturleg hamn for skipstrafikken gjennom Krakhellesundet.Dette var siste hamna sørover før ein starta på den vêrharde Sognesjøen. I Klaua skal det visstnok ha vore eit øltapperi på 1700-talet. På 1800-talet var det vanleg å ro til Bergen for å handle. Seinare vart det meir vanleg å reise med dampbåtar som skulle til og frå Sogn med frakt. Losna fekk rutebåtstopp og brevhus i 1914. Rutebåten stoppa ein gong i veka frå Bergen og ein gong til Bergen. Båten frå Bergen gjekk vidare til Åfjorden, Værlandet, Bulandet, Solund og tilbake til Bergen. Ei reise frå Losna til ytre Solund tok over eit døgn.» Det vart bygt ekspedisjonskai i 1937. Frå då av vart kaia eit samlingspunkt når dampen kom. Og vekas høgdepunkt var laurdagskvelden i 10-tida når dampen kom frå Bergen.

Kvernstein
Kvernberget, Ytre Kvernevika, Indre Kvernevika

I Vikingtida og Mellomalderen var Hyllestad senter for ein omfattande og særeigen kvernsteinproduksjon. I Kvernsteinparken i Hyllestad kan ein sjå tydelege merke i berget etter den gamle steinhoggarkunsten, t.d. restar etter mislukka steinar som sit fast i berget. I slike steinbrot vart det også laga andre steinprodukt, t.d. steinkar, ljoresteinar, gravheller og steinkrossar. Døypefonten i Eivindvik kyrkje er sannsynlegvis laga i Hyllestad.

Også på Losna har det vore produksjon av kvernsteinar, men i mykje mindre omfang enn i Hyllestad. I Kvernberget og Kvernebergvika finn ein steinar som berre så vidt er begynt på, og uthogne steinar som ikkje vart brukande til noko. Ein veit lite om kvar kvernsteinane frå Losna vart nytta, men det er ikkje usannsynleg at dei vart brukte utafor øya.

Kverna var ein viktig del av hushaldet på gardane. Ein føresetnad for at menneska skulle kunne gjere seg nytte av korn til mat, var at kornet vart knust. Ved maling vart kornet helt ned i eit hol i midten, i kvernauget, og det malte mjølet kom ut i ytterkantane av kvernsteinane.

Kirkjeneset

Jakob Neumann, som var biskop i Bjørgvin bispedøme 1822- 1848, kunne i 1820 (sic.) sjå spor etter kyrkja og nokre graver på Kirkjenest. Kyrkjehuset som er nemnt i Bjørgvin Kalvskinn [liste over jordegods] i 1360, kan ha vore eit huskapell for adelsætta på Losna. Men det er i dag ikkje spor etter kyrkja på Kirkjeneset. Det er i det heile gjort få arkeologiske funn på Losna. På Kirkjeneset er det funne ei steinskål og to kljåsteinar [klebersteinar] nytta til veving Elles er det funne eit steinsøkke og nokre småting som alle er minne etter vanlege småkårsfolk. Ikkje noko av dette fortel om stormannsætta på Losna.

Losnegard – Midtstaua, Oppitunet og Nordigarden

Tidlegare var åkrane og engstykka til dei ulike brukarane spreidde rundt omkring på garden. Etter kvart som folketalet auka etter Svartedauden [braut ut 1349] på 1300-talet, var busettinga på landsbygda i Noreg samla i tun. Den første utskiftingslova kom i 1821, og vart innleiinga til ei omfattande jordskiftereform. Føremålet var å samle teigane til meir samanhengande og størree jordstykke, og samtidig flytte hovudhus og driftsbygningar som høyrde til det enkelte bruk, dit jorda vart driven. På denne måten ville ein leggja til rette for mest muleg rasjonelle droiftsformer.

Matrikkelen frå 1723 viser at det var tre bruk på Losnegard. I 1833 vart innmarka utskift av prost Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik. Husa på to av bruka vart flytt dit dei står i dag. Oppitunet vart ståande.medan Midtstaua og Nedretunet (Nedigarden) vart flytta nordover. Midtstaua beheldt namnet sitt, medan Nedretunet etter kvart vart heitande Nordigarden. Oppitunet vart delt mellom to halvbrør i 1839, og i 1880 vart Kirkjeneset skilt ut som eige bruk.

Ølvehogjen

Ved tinglysing i 1863 vart eit stykke av Nordigarden lagt ut til plass for Pernille, søster til Mons Sørenson, som var brukar på garden. Mannen til Pernille heitte Eilef Anderson og kom frå Solund. Dei bygsla plassen for 8 kroner året, og bygde hus. Plassen vart heitande Teigen. I 1922 vart plassen ført tilbake til hovudbruket, og Elias Losnegard kjøpte husa.Ølve var tidlegare ei vanleg form av namnet Eilef når dette stod som førsteledd i eit samansett namn. Eilefhaugen har såleis vorte til Ølvehogjen. Til dagleg vart Eilef kalla «Øløven». Eilef har gitt namn til fleire lokalitetar i nærleiken, bl.a. Ølvevika. Husa låg ved Ølvehogjen, og Ølveløa står enno.

Dampskipskaia

Elias Losnegard (1881-1949) vart i 1914 første ekspeditør for Fylkesbaatane på Losna, men det er først i 1918 at Losna er notert i den offisielle rutestatistikken. Søknad om rutestopp vart avslegen både i 1904 og i 1912, og i 1920 hadde Losna berre ein stjernestopp i veka. Seinare vart rutesambandet mykje betre, og øya hadde tildømes i 1964 to daglege stopp tre dagar i veka. Dampskipskaia vart bygt på i 1952. Siste rutestopp fann stad i 1972,og i ein kortare periode var det landpostbod frå Krakhella. Ferjekaia på Netteland vart tatt i bruk i 1999.

kjelder:

Losnaferie: informasjonsskilt

PERMANENT IDENTIFIKATOR