Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fureneset - futegard og fagsenter



Fure var futegard i nærare 200 år. Seinare vart det statleg forskingsgard her.

Vilnesfjorden. Fure i framgrunnen til høgre.

Vilnesfjorden. Fure i framgrunnen til høgre.

Eigar: I Dalsfjordboka.

Datering: 1999.

Fotograf: Lars Nes.

Futen var skatteoppkrevjar

I nær 200 år heldt futen i Sunnfjord, kongen sin representant og skatteoppkrevjar, til på Fure. Ved reformasjonen i 1536 kom alt kyrkjegods og klostergods under kongekrona, og landet vart oppdelt i fogderi (futedøme). Lensherren på Bergenhus skulle betale kongen 2500 dalar i avgift årleg for Sunnfjord fogderi, som bestod av skipreidene Jølster, Førde, Brandsøy, Askvoll, ytre og indre Dale. Det var futen si oppgåve å skvise så mykje pengar ut av folket i Sunnfjord at dette beløpet vart dekka.

Tingstad og fengsel

Truleg var det kring 1565 at kongen la ut Fure med Håvåg og Kviteblik som frigard for skattefuten i Sunnfjord, og Fure vart ein sentral stad i fogderiet. Det vart bygt tingstove og fangehus på garden, og ting og rettssaker vart haldne her. I mange høve vart det nytta dødsstraff, og futen og sorenskrivaren fann etter kvart ut at det vart for dyrt å reise til Bergen kvar gong dei hadde bruk for meistermannen (bøddelen). I 1660 vart det difor tilsett ein eigen meistermann i fogderiet, som busette seg i Håvågen. Takstane var fire dalar for halshogging eller for å byggje ein galge, og tre dalar for ei henging.

Kongeleg vitjing

Ved to høve fekk futegarden vitjing av kongane frå København, som passerte Fure på reiser langsmed Norskekysten. I 1685 var Kristian 5. innom på veg frå Trondheim til Bergen. Denne vitjinga skal ha kosta over 300 riksdalar. Mellom anna skulle det ordnast mat for 50-60 personar. I 1733 var det Kristian 6. som var på reise, og han ankra opp med to skip i Furevika. Det var sjølvsagt stor stas og fest, og futefrua fekk danse med kongen.
I 1752 selde den styrtrike futen Hans Thiis Nagel Fure og flytta til Svanøy. Dermed var det slutt med Fure som futegard.

Statleg forskingssenter

Det skulle likevel ikkje bli slutt med statleg eigarskap og drift på Fure for all framtid. I 1938 kjøpte nemleg Staten eigedommen Fureneset til forsøksgard for Vestlandet, og i 1950-åra planta ein skog på nord- og vestsida for å få vern mot vinden. "Planteforsk Fureneset fagsenter" driv i 2001 utprøvings- og utviklingsarbeid for landbruket og landbrukstilknytta verksemd, med hovudvekt på grovfôrdyrking (også økologisk), beitebruk, kulturlandskap og miljøplanting. I 1999 heldt ein stab på 13 i gang drifta, som omfatta 230 mål dyrka mark og 380 mål utmark/skog. Fureneset er tillagt å utføre rådgjevings- og sørvisverksemd for landbruksnæringa på Vestlandet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hovland, Annas: Fure var kongens futegard i Sunnfjord i nær 200 år. I Sogehefte for Askvoll kommune nr. 1. Askvoll 1981.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

Nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR