Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hopstock motell og mannen bak



Sommaren 1957 vart eit av dei fyrste motella i Noreg teke i bruk i Vik i Sogn. Det var hotelleigar Mons Thorsen, som hadde vore i Amerika og sett motell der, som fekk bygd motellet.

Hopstock motell, her frå eitt av dei fyrste åra motellet var i bruk. Cadillacen til hotelleigar Mons Thorsen står i motellhusværet lengst til høgre.

Hopstock motell, her frå eitt av dei fyrste åra motellet var i bruk. Cadillacen til hotelleigar Mons Thorsen står i motellhusværet lengst til høgre.

Eigar: Vik Lokalhistoriske Arkiv

Datering: 1957-1967

Fotograf: Ukjend

Sjølve motellet

Motellet var bygt som seks samanhengande husvære med plass til maksimum seks personar i kvart kompleks. Kvart husvære kom på 13500 kr. Kvar del hadde ulik farge. Motellet vart drive etter sjølvbetjeningsprinsippet. Arkitekt Tore Tryti i Bergen teikna motellet. Far hans, arkitekt Erlend Tryti, var frå Vik.
Motellet vart svært populært, og dei fyrste sommarsesongane var motellet fulltinga. Mons Thorsen hadde planar om å byggja ut motellanlegget og setja opp ny hotellbygning, men det vart ikkje noko av. Nytt hotell kom i 1972, gamlehotellet vart då rive.
Motellet står enno, men er vorte flytta frå sin opphavlege stad. Motellet er ikkje lenger så ettertrakta som i dei fyrste åra.

Mons Thorsen

Mons Thorsen (1899-1983) var fødd i Vik som fjerdemann i ein syskenflokk på ni. Faren Thor M. Thorsen (1873-1949), dreiv garveri i Vik. Etter skulegang, reiste Mons fyrst på fiske. Han fekk seg så jobb i Foreningsbakeriet i Vik. Deretter reiste han til Svalbard og arbeidde i gruvene der. På Svalbard tente Mons godt. Pengane nytta han til å kjøpa seg eit eldre bakeri i Vik i 1926. Fyrste tida hadde han utsal i øvste enden av bakeriet, seinare flytta han til Johs. Hove-bygget.

Bakeri og kolonialhandel

I 1928 kjøpte Mons Thorsen Vangehuset rett ved bakeriet. Dette huset bygde han snart på, og fekk kolonialhandel i 1. etasje og kafe i andre. Systrene hans hjelpte til i butikken og på kafeen. Broren Thorvald var med i bakeriet. Bakarvarene frå Thorsen bakeri vart snart selde til heile Sogn, og var sterkt etterspurde. Spesialiteten var ei tebrødstang som vart kalla Bondetebrød, som enno er å få kjøpt i Vik.

Kjøpte Hopstock hotell

I 1950 kjøpte så Thorsen Hopstock hotell, og systeri Malene vart dagleg leiar og vertinne. Det gamle hotellet med motell frå 1957 var svært populært. Den flotte hagen med lysthus, tre, busker, blomster og gangstiar var ein avskjerma idyll midt nede i sentrum av Vik.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hopstock motell i Sogningen. 1.7.1957.
Endestad, Torunn Herborg: Mons Thorsen og Thorsen Bakeri og Kolonial. I Pridlao, nr. 2, 1991. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

Heimesida til:

PERMANENT IDENTIFIKATOR