Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. mai 2005

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Fottur Hella - Storholten



Turstien frå Hella opp til varden på Storholten går i vekslande landskap, - forbi husa på garden Hella nede ved sjøen, gjennom blandingsskog i utmark, over innmarka på to nedlagde gardsbruk, framom tre stølar, og siste stykket over tregrensa til varden på 1025 m o.h. På toppen er vidt utsyn i alle himmelretningane.

Godt utsyn over fjorden frå stølen Skarde, her austover mot bygda Feios (på sørsida av fjorden) og lengst aust Ramnaberget, rett over fjorden frå Hermansverk og Leikanger.

Godt utsyn over fjorden frå stølen Skarde, her austover mot bygda Feios (på sørsida av fjorden) og lengst aust Ramnaberget, rett over fjorden frå Hermansverk og Leikanger.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Hella
Bilvegen Leikanger-Hella var ferdig sommaren 1956 og ferjesambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik (Balestrand) vart opna i oktober same året.
Fotturen byrjar på gardsvegen opp til garden Hella (gardsnummer 78 i Leikanger). Hella var matrikulert gard i 1667. Skrivemåten var lenge Hellen, og den lokale uttalen er hæ`dlao, no meir og meir den normaliserte forma hella.
Her er nytt våningshus og nye utleigehytter. Kring år 2000 bygde grunneigaren ei laksegilje på eit berg nede ved sjøen. Garden Hella hadde i mange år laksefiske som attåtnæring. Noverande gilje var bygd for å visa korleis ei laksegilje ser ut. Turvegen går over innmarka med løa på oppsida av vegen, og nytt våningshus, det gamle bustadhuset og eit lite uthus på nedsida.

Gamal gardsveg
Frå grinda mot utmarka er det ny veg eit kort stykke opp til ein vasstank, men herifrå fylgjer vi gamal gardsveg vidare, ein veg som aldri har hatt høgare standard enn god gangveg og kløvjeveg. Vegen er lett å gå. Han ligg naturleg i lendet og er bygd i svingar på det brattaste. Her er lagd steinar langs skrånande berg, og mura opp over søkk i terrenget. Ein stad ligg store steinar over eit bekkesig.
I øvste delen står svære bjørker i blandingsskog. Dei må vera eldgamle, - eit par av dei har ramla overende.

Flæte
På Flæte kjem vi inn på innmark med rydningsrøyser og gamle frukttre. Det har ikkje budd folk på Flæte på mange ti-år, men våningshuset og den vesle løa er i rimeleg god stand. Ståande bordkledning på så pass gamle våningshus er uvanleg her omkring.
Framme ved husa veks tett bjørnebærris med vegdele midt i der ein sti tek av innover til Eitorn. Flæte er elles ein god hoggormplass, på same måte som heile området Hella - Eitorn.
Namnet Flæte eller Flete finst som gardsnamn fleire stader, og tyder ei flate, ein flat strekning. Det passar bra for noko av innmarka, men slett ikkje for heile. Kan henda kom namnet då dei rydda den fyrste og flataste delen, det øvre området og rundt husa?

Rud
Vi skal vidare oppover. Etter ein kort stubb gjennom utmark med store osper, kjem vi til innmarka på Rud. I skriftlege kjelder er garden nemnt i 1520 med namnet Rodt, i 1603 Rødt, 1611 Røde og 1723 Røe. Alle formene kjem av rydning. Eldre lokal uttale er ró, men folk flest seier no rud.
Her er det óg gamalt kulturlandskap med rydningsrøyser, steingardar, gjerde, gamle aplar, taubaneanlegg, og anna. Ei lita uteløe står i nedre området, med nytt tak på. Garden har ikkje vore i drift på mange år, men det budde folk på Rud til bort imot år 2000.

Vegen går i s-form opp innmarka, - den siste delen før gardstunet gjennom ein allé av gamle asketre. I tunet er to våningshus, løe, stabbur, sag og fleire mindre uthus. Løa og nokre andre hus var i fleire år sterkt prega av forfall. Nye eigarar tok sommaren 2004 for alvor fatt med vedlikehaldsarbeid; - reiv det ringaste, sette opp att somt og la på nye tak. Våningshusa har alltid vore i god stand.

Tre stølar
Stien oppover frå gardstunet går over innmarka opp til utmarka i øvre kanten. Halvveges på strekninga opp mot stølen Skarde ligg ei uteløe, eit vitnemål om utmarkslått i eldre tid. Enno ligg det litt høy att.
På Skarde er vidt utsyn utover fjorden. Berre eitt sel er i bruk og halde i stand, tre er i forfall og to er det berre grunnmurane att av. Stølsområdet er bra stort, men i ferd med å gro att, noko som for ein del skuldast stadig færre sauer på beite.

Vidare går vegen i småskog, mest or, og passerer under to høgspentliner før vi kjem til Rudstølen, som ligg på 737 m o.h., såvidt over tregrensa. Her er to hus, eit eldre sel, og ei hytte av ny dato på gamal grunnmur. Utsynet frå Rudstølen er vidare og opnare enn nede på Skarde. Endepunktet for turen, Storholten og varden på toppen, Vassvarden, syner godt mot himmelranda.

Frå Rud svingar stien i søraustleg retning før han dreier i nordaustleg retning att og fylgjer eit lågt høgdedrag oppover. Den tredje stølen, Daurmålshaug, som ligg på same høgd som Rudstølen, kjem til syne nedom oss, attom eit bergdrag. Her står det eitt stølshus av eldre dato, ei hytte oppsett sommaren 2004 og eit par grunnmurar.

Varden på Storholten - Vassvarden
Oppe ved eit lite skar tek vi av stien til høgre og legg kursen skrått og beint mot Storholten. Det fyrste stykket går over myrlende (bra molteterreng!) utan synleg sti (rås), medan det siste stykket opp mot høgaste punktet er merka med små steinvardar.

Varden på Storholten - frå gamalt kalla Vassvarden - ligg på 1025 m o.h., og herifrå er eit fantastisk utsyn i alle himmelretningane, - i vest mot Fjærlandsfjorden og Balestrand, i sør mot Målsnes, Vik og Vangsnes, austover mot Hestefjellet, Mælen og endå lenger. Storholten er høgste punktet på ein rygg som strekkjer seg vidare nordover og held fram i meir austleg retning opp Troeggji mot eit av dei høgaste fjella i Leikanger, Stav på 1458 m o.h. Somme turgåarar fer vidare den vegen, eller dei kjem derifrå.
I dalføret austom Storholten ligg fleire stølar, - lengst inne tufter etter Gamlestølen, lenger nede, rett nedom varden, Nyanstølen og lengst heime Kluke og Myrsete. Like nedom Storholten, på vestsida, ligg eit lite vatn. Det er dette vatnet varden har fått namnet sitt etter. Folk i Eitornbygda har lagt vasslange frå vatnet.

kjelder:

Rygh, O.: Norske Gaardnavne [..] Bd. 12, Nordre Bergenhus Amt, Kristiania 1919.