Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gulen kyrkje



Gulen kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Eivindvik. Kyrkja, som har 700 sitjeplassar, vart vigsla 13. desember 1863 av prost Thomas Eriksen. Arkitekt Georg Andreas Bull laga teikningane. Gulen kyrkje er soknekyrkje for Gulen sokn og hovudkyrkje i Gulen prestegjeld.

Gulen kyrkje er ei av dei største kyrkjene i fylket. Ho er ei verkeleg staseleg kyrkje.

Gulen kyrkje er ei av dei største kyrkjene i fylket. Ho er ei verkeleg staseleg kyrkje.

Eigar: Gulen kyrkjekontor.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Gammal kyrkjestad

Eivindvik vert rekna som ein svært gammal kyrkjestad, kanskje ein av dei eldste i landet. Dei to steinkrossane som står tett ved kyrkja er over tusen år gamle. Her samla truleg dei fyrste kristne seg, fram til dei fekk bygt seg kyrkje. Den fyrste kyrkja låg truleg på same staden som den gamle hovstaden i Eivindvik, og der har kyrkjene stått gjennom alle år.

Dagens Gulen kyrkje vart bygd medan prestegjeldet framleis heitte Evindvig, og av den grunn heitte kyrkja det same. Namneskiftet til Gulen skjedde i 1890. Kyrkja står på eit høgdedrag i sentrum av Eivindvik, med praktfullt utsyn mot Gulafjorden.

Til minne om prost Dahl

Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl (1778-1852) var ein ivrig forkjempar for ny kyrkje og arbeidde mykje med saka. Då han døydde i 1852, var reaksjonen til mange i bygda at det no var viktig å få bygd den nye kyrkja. Slik kunne dei også på ein god måte heidre minnet til Dahl. Fyrst avgjorde kommunestyret kor stor kyrkja skulle verte, og så sende dei søknad om å få byggje ei kyrkje med plass til 700 menneske. I 1860 vart det ved Kongeleg resolusjon gitt løyve til å reise ei kyrkje med den storleiken. Kommunestyret vedtok deretter at grunnarbeidet skulle utførast ved pliktarbeid, med arbeidslag på seks mann dagleg, to dagar per gardbrukar og ein dag per plassmann. Presten fekk i oppgåve å finne ut kvar det billegaste tømmeret fanst. Det beste tilbodet skal ha komme frå Masfjorden, og tradisjonen fortel at tømmeret vart slepa til Eivindvik ein finvêrsdag.

Kyrkjebygget

Sett utanfrå gir ho eit mektig inntrykk, og det vert berre forsterka når ein kjem inn i sjølve kyrkjerommet. Mest særeige er galleriet som er bygt fram på sidene, heilt fram i korveggene. Svart er ein noko uvanleg farge i kyrkjeinteriøret, men her i Gulen kyrkje er den brukt mange stader, t.d. i alterringen, preikestolen og på galleria. Mørke og stemningsfulle er også dei to omnane som framleis står nede på kvar si side i skipet. Dei var nye rundt året 1900.

Koret er stort, 7,8 x 7,6 m, og bygt med fem av sidene i den symbolske åttekanten (oktogonforma). Det flate taket følgjer korforma og spreier seg frå trekuppelen i midten utover i åtte felt. Både i koret og i skipet er taket måla i ein lys blåfarge. Dei innvendige måla for sjølve kyrkjeskipet er om lag 20 x 12,5 m. Våpenhuset er vel 5 m breitt og 4,3 m langt. Det utgjer tårnfoten, som når opp i høgde med utspringet på taket.

Oppussing og tilbygg

Innvendig vart kyrkja dekorert, og oppe på galleriet kan ein framleis finne spor av ei måla bord i raudt og kvitt som pryda øvste delen av veggene rundt kyrkjerommet. Desse vart dekte til då kyrkja vart pussa opp og kledd med finerplater i samband med 75-årsjubileet i 1938. Galleriet fekk på same tida tett frontrekkverk og orgelet vart bygd inn og snudd 90 grader.

Kyrkja har alltid hatt prestesakristi på nordsida, men fyrst til 100-årsjubileet i 1963 vart det bygt til dåpssakristi på sørsida av koret. På same tida vart det bygt til garderobe og toalett. Få år i førevegen vart det lagt inn elektrisk straum i kyrkja. Fram til rundt 1960 vart orgelet drive ved hjelp av handpumpe. Det kunne vere ein tøff jobb å pumpe belgen, særleg på høgtidsdagar. Nokre faste gutar hadde jobben, og dei stilte også opp i samband med gravferder og bryllaup. Dei fekk 50 kr for året for innsatsen i tida like etter andre verdskrigen.

Gulen kyrkje står i ein rik tradisjon. Eivindvik prestegjeld omfatta, fram til 1809, heile Gulen med Brekke og mesteparten av Solund, samt sokna Lavik og Bø på nordsida av fjorden. Prestegjeldet hadde grense til Vik (Kyrkjebø/Klævold) i aust og Askvoll og Ytre Holmedal (Fjaler) i nord. Om kyrkja i den aller fyrste tida også var fylkeskyrkje er meir uvisst.

Inventar

Døypefonten i stein er truleg frå kring år 1000. Han har kubisk form og er 60 cm høg. Ei segn seier at sogningane spente dåpsfatet or hendene på prestane då dei skulle kristnast. Då let kong Olav laga ein solid dåpsstein. Segna seier også at kong Olav let døypefonten hogge ute av same steinen som dei to krossane. Døypefonten vart frå kring 1600 til 1905 ståande ute i nærleiken av kyrkjegardsporten. Ein vikarprest i Eivindvik fekk ordna med at døypefonten fekk att sin rettmessige plass, inne i den tredje kyrkja på staden. Dåpsfatet i sølv er frå 1879, med innskrifta "Jig døber dig i navnet Faderens og Sønnens og Den Helligaands". Dåpsmugga er frå 1963.

Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne frå 1963. Brødøskja og vinkanna har innskrift. Preikestolen er frå 1863. I koret er der to glasmåleri frå 1963. Motiva er "Jesus på krossen", med Maria og Johannes på kvar side, og "Jesu himmelferd". I skipet heng to lysekroner i messing frå 1912, ei gåve frå Kong Haakon VII og dronning Maud, etter "tiggarbrev" frå Johan Klokeid.

Orgelet, med 18 stemmer, er frå 1996 og bygt ved Br. Torkildsen Orgelbyggeri AS i Levanger. Her er to kyrkjeklokker; den eine frå 1711, laga av Thomas Lydersen i Bergen; og den andre frå 1821 med innskrifta "Omgjuten i Stockholm av Gerhardt Horner år 1821".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR