Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. januar 2010

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Gamleskulen på Njøs i Leikanger



Dersom me går Njøsabakken opp frå riksvegen og innover flata på Nedre Njøs, kjem me til eit gult, eldre hus til venstre for vegen etter at vi har gått over brua. Huset er gamalt, frå før 1860, og har vore i bruk først som bustadhus, sidan som skulehus. Seinare blei det brukt som bustadhus att, og no er det fritidshus.

Her ser me gamleskulen i dag, midt mellom ein plommehage og ein eplehage. Dei to vindauga til venstre går inn til skulestova og vindauget til høgre går inn til kammerset. Huset er teke godt vare på. (CC BY-SA 3.0)

Her ser me gamleskulen i dag, midt mellom ein plommehage og ein eplehage. Dei to vindauga til venstre går inn til skulestova og vindauget til høgre går inn til kammerset. Huset er teke godt vare på. (CC BY-SA 3.0)

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Randi Melvær

Fleire ”skolestuer”
I 1860 fekk vi ei ny skulelov, ”Lov om Almueskolevæsenet paa Landet”. Som ein verknad av denne lova, gjekk skulane i stor grad over frå å vera omgangsskular til å bli fastskular:

”Forsaavidt Bostederne ligge saa nær sammen at et Antal af mindst 30 skolepliktige Børn fra Hjemmet hver Dag kunne søge samme Skole, holdes denne i eget dertil opført eller leiet hensigsmæssigt Locale.”

Lova gav kommunane rett til statlege tilskot dersom dei gjekk ut over lova sine minimumskrav til skulehald. (Myhre, s. 47-50) Dette blei ein viktig motivasjon for kommunane til å satsa på skulen. Skulehuset på Njøs var ei av fleire ”Skolestuer” eller ”Rodestuer” som blei tekne i bruk i dei næraste åra etter at lova var innført.

”Skolestue paa gaarden Nedre Niös”
I kommunestyret i Leikanger kommune blei det i 1861 handsama fleire saker som hadde med skulane å gjera. Første gong me finn noko om skulen på Njøs i møteboka for kommunestyret er våren 1861. I møte 14. mars tok kommunestyret opp bygging av tre nye skular. I ”Legangers Sogn” var det skulen på Nedre Njøs dei ville byggja.

Nøyaktig skildring
Skulekommisjonen (i 1890 blei namnet endra til skulestyre) kom med framlegg om korleis skulane skulle sjå ut. Dette finn me i kommunestyreprotokollen. Her er skulehusa omtalt nøyaktig med mål på romma, tal på vindauge og høgd under taket. Dersom ein i dag ser på skulehuset på Njøs, vil me sjå omlag dei same vindauga og den same rominndelinga.

Framlegget til vedtak var slik: Under lemmen skulle skulestova ha ei høgd på fire alner. (0,6275m x 4=2,51m) Skulestova skulle vera 8 alner lang og 9 alner brei (5,02m x 5,64m). I tillegg til skulestova skulle det vera eit kammers på 4 alner i innvendig lengde og 5 alner i innvendig breidde. Kammerset skulle ha dør inn til skulestova. I tillegg skulle det vera ein gang på fire alner i firkant, med skorstein og dør inn til skulestova. På langsida av skulestova skulle det vera to vindauge og på kvar av kortsidene eitt vindauge. I kammerset skulle det vera eitt vindauge. På taket skulle det leggast ”Taksteen”.
 

I nærleiken av skulen skulle det settast opp eit ”simpelt Wandhuus”, dvs. ein enkel utedo. Kommunestyret gjorde vedtak om høgda under lemmen skulle vera høgre enn framlegget, 4,5 alner. Kommunestyret vedtok og eit minstemål på vindaugo.
 

Etter dette gjekk det åtte månader før saka med skulen fekk vidare framdrift i kommunestyret. Den 21. november valde kommunestyret to menn til å ha oppsyn med bygginga av skulen på Njøs. Dei to valde var ”Gaardmænderne Niels Johannessen Niös og Anders Olsen Niös”.

Tilbod om leige og kjøp av hus
Men, like etterpå fekk kommunen inn eit tilbod om å leiga eit lokale til skulebruk, og saka tok ei ny vending. Tilbodet kom frå Niels Jörgensen Niös. Lengda på leigetilbodet var frå først i januar til 24. juni. Dette skulle kosta 4 Speciedalar ”foruden” ved. Utleigar var og interessert i å selja huset til skuleføremål. Framlegget til kjøpekontrakt innsendt til formannskapet lød slik:

"Vi undertegnede sælger og affhænder det os tilhørende Huus forhen tilhørende John Monsen Njøs, bestaaende af Lemstue, Kammer med Kjøkken, med tilhørende Tomt, for den Kjøbesum 200 – to hundrede – Speciedalere, der udbetales os det Halve til 14de April og Resten til 20de September dette Aar. ""

Kommunestyret kjøpte huset av Niels Jørgensen og medeigarane Anfind Anfindsen og Tomas Johannessen Niøs. Med dette veit me at gamleskulen på Njøs opphavleg var bygd for anna føremål enn skuledrift, truleg bustadføremål. Sidan skulehuset blei kjøpt ferdig, veit me ikkje den nøyaktige alderen på huset. Det einaste me veit er at det må vera eldre enn frå 1861.

Vilkåret for kjøpet var at seljarane skulle gjera til dels store endringar på huset, slik at det samsvarte med skulestova som blei skildra på møtet 14. mars 1861. Kommunen skulle betala 200 Speciedalar og seljarane skulle gjera desse endringane på huset:

1. Forhøielse af lemmen efter Anvisning
2. Gadedøren til Stuen udtages og Indgangen tilbygges
3. Brandmuren forhøies og Peisen tilmures
4. Forhøielse af vinduerne og et nyt Fak vinduer indsættes
5. Forsvarlig bordklædning omkring hele Huset
6. Taget afftages og paalægges forsvarligt

Me veit ikkje akkurat når dei tok skulehuset i bruk, mellom 1862 og 1864 eingong? Eigarane var vel interesserte i å gjennomføra endringar og sal så snøgt som råd?

Vidare oppussing og utbetring
Skulehuset blei pussa opp utetter 1860/70-åra. I 1863 Kom skulestyret med eit framlegg om å bordkle nordveggen på skulehuset innvendig. Dette blei vedteke av kommunestyret 25. februar. Huset blei måla i 1864 og i 1876. Stiftsdireksjonen (Stiftet var det me i dag kallar bispedømmet. Stiftet hadde oppsyn med skulane.) stilte krav om måling av skulehusa.

Kommunestyret ville bruka ein raud farge rundt vindauga utvendig, og kvit oljemåling til vindauga og dørene innvendig. Kommunestyret løyvde 12 Specidaler for kvart av skulehusa. 4. april 1876 valde kommunestyret representantar ”der i Lóbet af Sommeren har at faa Skolehuserne malet med Tjære og Venetiansródt.” For Njøs var det Nils Olsen Bakkegaard som blei vald. Tjære må ha vore til utvendig måling.

”Pulter med Bænke, Kateter og Væggtavle”
Skulehuset måtte ha inventar for å kunna brukast. Hans Hansen Njøs og Niels Johannesen Njøs skulle passe på at dette blei klart innan 1. januar 1864. Snikkar Ferdinand O. Kammen fekk kontrakt på dette arbeidet og leverte rekning 18. mars året etter. Då må vi rekna med at pultar og det andre var på plass. I 1865 i møte 9. desember blei to mann valde av kommunestyret til å skaffa omnar og beslag til vindauga.

Endring av skulekrinsane
Allereie i 1878 kom det eit framlegg frå ”Skolekommissionen” om endring av skulekrinsane i hovudsoknet og i tillegg tilsetja ein lærar til. Kommunestyret bad kommisjonen om å omgjerda vedtaket om krinsar, men støtta utsegna om å tilsetja ein lærar til. Vedtaket blei utforma slik:

”En tredeelt Skole paa Njös med 27 Uger (undervisning) og Forpligtelse for Læreren at læse paa Borlaug saamange Uger som Skolekommissjonen maatte bestemme.”

Med dette vedtaket fekk kommunen motstand frå lærar Olav Sande, som underviste på Njøs, men som ikkje ville undervisa på Borlaug (på sørsida av Sognefjorden). Året etter blei vedtaket om undervisning på Sørsida utsett eventuelt til læraren flytta.

Motstand mot å legga ned skulen
Den vesle skulen innfridde truleg ikkje krava som kom til skulane og uteområda etter kvart. Skulen på Njøs var tredelt. 1. klasse var småskule, 2. og 3. klasse var storskule. Frå 1891 til 1895 sank elevtalet frå 74, til 63. (Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-aaret 1891/95) I 1892 bad skulestyret heradsstyret om støtte til å utsetta samanslåing av Njøs og Halland skulekrinsar til Nybø krins i tre år.

Det var ”kirkedepartementet” som hadde vedteke samanslåinga. Denne saka var oppe i kommunestyret 6. desember. Tidlegare på året handsama og kommunestyret ei sak om dei to skulekrinsane, men då var framlegget frå overtilsynet og amtsskulestyret at ein måtte byggja tre nye skulehus, og det såg ikkje kommunestyret seg i stand til å gjera. (Vedtak i møte 11. mars).

Lokalt engasjement
I våre dagar er det ofte stor lokal motstand mot å legga ned skular. Det var det for skulen på Njøs og. Oppsitjarane fann fleire fordeler enn ulemper med å halda fram med skule på Njøs. I 1893, engasjerte folk på Halland og på Njøs seg for å behalda skulehusa sine. Kommunestyret støtta oppsitjarane og skulestyret sitt vedtak. Dette vedtaket skulle gå til ”Det kongelige kirke- og undervisningsdepartement”. Også det neste året, i 1894, handsama kommunestyret ei liknande sak. Kommunestyret støtta ”fællesmøde af Hallands og Njøs’s skolekredse” i utsetting av samanslåing.

Ingen veg utanom
Men så hadde tida sprunge frå det vesle skulehuset på Njøs. Teikningar for nytt felles skulehus for dei to krinsane Halland og Njøs skulle leggast fram for oppsitjarane. Skulestyret sin formann fekk i oppgåve å kontakta oppsitjarane om val av tomt og om dei var viljuge til å ta på seg ein del utgifter med transport av materiale til den nye skulen. Dette var truleg ei utfordring når oppsitjarane helst ville bruka dei skulehusa dei allereie hadde.

Det nøyaktige året elevane frå Njøs flytte ut i Nybø skule veit me ikkje. I femårsmeldinga for perioden 1896-1900 er det ikkje oppført nokon skule på Njøs, og Nybø skule hadde så høgt elevtal som 171 (i 1896). Det kan jo ha vore ein samansåing av skulekrinsar, og at elevane i praksis blei flytta seinare enn 1896. I alle høve var dei på plass på Nybø skule i 1900. I Femårsmeldinga for 1895-1900 står det slik:

”I femaaret er Njøs og Halland skular samanslegne til ein sjaudelt skule. Alle born yver 8 aar gjeng i skule – undanteke 2 som er faamingar. – ”

Sal av skulestova
På møte 13. desember 1899 valde kommunestyret ein komité som skulle stå for salet av skulestova på Njøs med tomt. Dei som vart valde var Jens A. Henjum, Schak Henjum og Hans I. Njøs. Salet av skulehuset gav kommunen til saman 690 kr. Huset gjekk for 660 kr til Johannes L. Njøs, ”Privetet” (utedoen) gjekk til P. Handal for 15 kr, og to ovnar blei selde for til saman 15 kr til Hans I. Njøs og H. M. Knudsen. ”Kommunen udreder de med skyldsætningsforretningen forbundne udgifter.” Amtsskulestyret (fylkesskulestyret) skulle godkjenna salet etterpå.

Heilt ferdige med salet av skulestova var dei likevel ikkje. Salet av huset og tomta var i orden, men kommunen eigde ikkje grunnen til veg, og denne måtte oreignast. Dette blei ordna i 1901 og i 1902, då Johannes Th. Njøs fekk utbetalt 120 kr for å avstå grunn til veg, tilvist i møte 26. juni. Med dette var skulestova blitt privat bustadhus med tomt og veg, som ho er den dag i dag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-aaret 1891/95
Melding um folkeskulen i Leikanger, Sogn 1896-1900
Lov om Almueskolevæsenet paa Landet 1860.
Myhre, Reidar: Den norske skoles utvikling : ide og virkelighet. Fabritius, 1976.
Njøs, Odd: Litt om gamle skulehus på Systrond. Artikkel i Systrendingen 1/2003.
Aas, Sverre: Olav Sande eit liv i ord og tonar 1850-1927 : skulemann, folkeminnesamlar, diktar og toneskald. Systrond sogelag 1998.
Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Firda lærarlag 1950.
Kommunearkivet for Leikanger. Møtebok for kommunestyret 1857-1865, 1866-1884 og 1884-1902

PERMANENT IDENTIFIKATOR