Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. juli 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Balestrand-Kongsnes med ferje til Nordeide



"Vi trenger fleire veier, og vi trenger dem fort", uttalte Norges Automobilforbund (NAF) 12. juli 1956. Dei stilte krav om at Balestrand-Høyanger måtte komma med i vegplanen. I 1961 byrja vegarbeidet, og i 1970 var det veg- og ferjesamband mellom Balestrand og Nordeide/Høyanger.

Strekninga Balestrand-Kongsnes er 20,5 km. Heile strekninga vart bygd i perioden 1939-1970. Siste del, Kvamsøy-Kongsnes, var bygd i åra 1961-1970. Her ser vi Kongsnestunnelen.

Strekninga Balestrand-Kongsnes er 20,5 km. Heile strekninga vart bygd i perioden 1939-1970. Siste del, Kvamsøy-Kongsnes, var bygd i åra 1961-1970. Her ser vi Kongsnestunnelen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Kristin Ese

Snøggbåt og nye vegliner

1933 hevda overingeniør Knud Knudsen at dersom ein sette opp ei snøggbåtrute mellom Flåm og Vadheim, burde denne ruta gå så direkte som mogleg. Stoppestadene burde vera Flåm-Leikanger-Vangsnes-Målsnes-Nordeide-Vadheim. Dette føresette at ein bygde vegar fram til dei ulike stoppestadene. Han gjekk difor inn for følgjande vegliner: Nessane-Målsnes-Balestrand, Hella-Leikanger, Vik-Vangsnes, Feios-Vangsnes og Kaupanger-Sogndal. Strekninga Balestrand-Målsnes vart sett opp på vederlagsplanen i 1936.

Ferjekai på Målnes

Arbeidet starta i 1939, men først i 1958 var vegen ferdig fram til Målsnes. Meininga var å byggja kai for rutebåtane på Målsnes, men dei fann ingen eigna stad. Vegen vart difor forlenga med 3 km vestover til Kvamsøy, der det var gode hamnetilhøve. Det vart aldri bygd hamn på Målsnes. Årsaka var at ein då hadde planar om å forlengja vegen til Nessane med ferje derifrå til Nordeide. Det ville by på store føremoner å få eit ferjesamband der, for å avløysa det lange sambandet Hella-Nordeide. I tillegg gav det vegutløysing for mange gardsbruk.

Vegen blir forlenga

Vidareføringa av strekninga Målsnes-Nessane vart sett opp i vegplanen i 1937. Vegen var prioritert først av vegane i Sogn, i sterk konkurranse med Leikanger-Hella. Kvamsøy-Nessane vart ført opp i framlegget til vegbudsjett for 1941-42, og var samrøystes vedteken av Fylkestinget. Planlegginga starta sommaren 1957. Fylkestinget hadde tidlegare drøfta ei vidareføring av vegen ut til Lånefjorden. Vegvesenet gjekk inn for å føra vegen fram til Kongsnes på austsida av Lånefjorden, der det var gunstigare å leggja ein ferjekai enn på Nessane. Vegarbeidet starta i 1961.

Heilårssambandet opnar

Vegen betydde mykje for mange veglause grender. Den nye plastfabrikken på Nessane var heilt avhengig av sjøtransport. Likeeins måtte fruktgardane i Kvamsøy og på Nessane levera fruktkassane sjøvegen til Balestrand. Sambandet hadde stor betydning for heile Sogn og for Sunnfjord. Balestrand-Kongsnes gjekk inn som ein del av tverrsambandet langs Sognefjorden som gav heilårssamband mellom Sogn og Sunnfjord. Vegen vart opna for trafikk i 1970 med ferje mellom Kongsnes og Nordeide. Den offisielle opninga var 15. mai 1971. Då gjekk det gjennomgåande bussruter mellom Førde og Sogndal. Ferjeturen tok tre kvarter.

Lite byråkrati

Tidlegare var vegbygging meir ubyråkratisk og mindre detaljplanlagd enn i våre dagar. Då ferjekaia på Nordeide skulle byggjast viste det seg at grunneigaren hadde fylt meir masse enn planlagt i fyllinga ut mot staden der ferjekaia etter teikningane skulle byggjast. Då vegvesenet sine folk oppdaga dette, ringde dei til vegkontoret og fortalte at ferjekaien ville koma langt inn på land. Det lakoniske svaret frå dåverande anleggsleiar Knut Skjånes var: "Du får flytte den ut i sjøen igjen då."

Vegen lagd utanom Balestrand

Riksvegsambandet til Høyanger kravde ei utbetring av den gamle vegen gjennom Balestrand. Det var stor debatt om vegen gjennom Balestrand sentrum skulle følgja ei øvre eller nedre line. Den nedre lina var den dåverande gamle bygdevegen. Det vart sagt at villaeigarane langs fjorden bestemt motsette seg å få gjennomgangsvegen forbi sine eigedommar. Nedrevegen var gjennomgangsveg fram til 1982, då det vart bygd ny veg som gjekk utanom Balestrand sentrum.

kjelder:

Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940, Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Sogn og Fjordane Fylkesting 1959. Leikanger 1959. Sogn og Fjordane Fylkesting 1975. Leikanger 1975.
Avleveringsprotokollar, Statens vegvesen Region Vest.

PERMANENT IDENTIFIKATOR