Å veve på vevstol
Å veve kallar vi det når vi har trådar i ein retning, renning eller varp, og bind dei saman med trådar som går vinkelrett på renningen, kalla innslag eller veft, slik at det vert eit samanhangande stoff. Vevstolar er reiskapar til å veve på. I si mest primitive form, med varpet utspent mellom to kjeppar, er vevstolen minst fem tusen år gamal. Oppstadveven eller oppstadgogna er ein gamal type vevstol med ei enkel treråme som står skrått opp mot ein vegg. På oppstadveven vov dei større, flate tekstilar som teppe, åkle og stoff til klede. Renningstrådane heng loddrett ned med fritthengjande vevlodd, som kan vere steinar, i nedste enden. Oppstadveven har lange tradisjonar, til dømes vart Osebergdronninga gravlagd med ein slik vev i år 850. Nyare er flatvevstolen, som i 2007 er den vanlegaste vevstolen. Flatvevstolen er ein meir innvikla reiskap enn oppstadveven.
Å døyve garnet
Men før ein kom så langt som til sjølve vevinga, var det mykje førebuande arbeid å gjere. I artikkelen «Husflid og handarbeid i tida ca.1850-1940», skriv Marie Ryssdal om kva som var vanleg i Gloppen i Nordfjord: Alt førearbeid og arbeid med veving gjekk føre seg etter jul, men føre påske. Garnet til renningen, varpet, vart først «døyva» i eit døyvslefat. Fatet vart sett oppå ei kokande vassgryte, dei hadde garn i fatet og eit klede over garnet. Dei døyvde garnet for at det skulle mjukne og ikkje bli så mykje snurr når dei skulle renne det.
Tillaging av renning
Rennebommen, eller «bomben» som dei sa i Gloppen, hadde fast plass i stova, i fylgje Marie Ryssdal. Ein rennebom er sett saman av to treråmer med ei stong i midten som aksling. Når stonga er fest oppe og nede, kan ein svinge bommen rundt og få renningstråd på i passe lengd. Etter døyvinga var det tid for dette arbeidet. Alnemålet kom fram, og så og så mange alner vart lagde opp til renning, skriv Ryssdal. Alen er eit gamalt lengdemål, og ein alen er 0,6275 meter. Det var viktig å måle rett slik at renninga vart lang nok, for ein kan ikkje skøyte ho etterpå.
Å havalde og å træ i skeia
Det er veving på flatvevstol Marie Ryssdal skildrar. Renningstrådane skulle setjast opp i veven. Det var vanskeleg arbeid, og det var best å vere to. Trådene måtte træast gjennom både vevskei og hovler. Å «havalde og træ i skeia» røynde hardt på tolmodet til den som skulle sende trådane. Oftast var dette borna sin oppgåve. Var dei heldige, kunne det vanke ein rømebete eller litt kandissukker som løn for strevet, skriv ho.
Kva vov ein?
Den årvisse vevnaden var i fylgje Marie Ryssdal ein gråvev, (vadmål), som var til klede til karane, ein kvit vadmålsvev til underklede og farga ty og ein «einskjeftvev»,(vove med eitt skaft) til underklede, kjolar og barneklede. Så var det ein kvitlevev (teppe), ein kårvev (bestemorvev), ein vev til tenarane og, om det var tid til slutt, ein åklevev. Det var travle tider ved veven, og det var om å gjere at veven aldri stod ledig. Kvinnene byttest om å veve, skriv Marie Ryssdal, så det var jamn banking av skeistokken frå morgon til kveld.
Bandveving
Det er mange bandgrinder på Nordfjord Folkemuseum. Bandgrinder har vore i bruk i Norden i alle fall frå mellomaldaren. Ei bandgrind nytta ein til veving av smale band. Banda var fargerike og mønstra og vart brukte til dømes til forkleband, strømpeband og bukseselar. Ei bandgrind er laga av eitt stykke tre. Grindene har spiler med hol. Annakvar renningstråd går gjennom eit hol, annakvar mellom to spiler. Ved å heve og senke grinda, vert det skiljerom i renninga. Dei fleste bandgrindene er rikt dekorerte med karveskurd og utskjeringar.
Mekanisering av vevinga
Marie Ryssdal si skildring av arbeidet med veven frå rundt førre hundreårskiftet, fortel om ei tid då veving var eit naudsynt arbeid som stort sett vart gjort i kvar heim. Den mekaniske vevstolen vart funne opp i 1791, og utover 18- og 1900-talet vart veving av naudsynte tekstilar meir og meir industrialisert. Men det er ei anna historie.