Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. mars 2015

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Då hurtigruteskipet ds Kong Harald grunnstøytte ved Atløy



Hausten 1950 gjekk hurtigruteskipet «Kong Harald» på grunn ved Heggøybåen i leia mellom Atløy og Florø. «Dramatiske minutt då passasjerane måtte gå i livbåtane». «Fylkesbåten «Atløy» som var i Bulandsrute, gjekk til hjelp». Begge Florø-avisene hadde brei omtale av grunnstøytinga og bergingsaksjonen.

<p>Grunnst&oslash;yting 17. oktober 1950. DS &laquo;Kong Harald&raquo; h&oslash;yrde til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab, Trondheim, og var bygd 1890 ved J.C. Tecklenborg, Geestem&ucirc;nde i Tyskland. B&aring;ten vart ombygd 1947-1948 mellom anna med ny midskipsoverbygning og ny skorstein. Gjekk i Hurtigruta 1919 -1950. Siste turen var nordg&aring;ande fr&aring; Bergen 16. oktober som enda p&aring; grunn ved Hegg&oslash;yb&aring;en 17. oktober 1950.</p>

Grunnstøyting 17. oktober 1950. DS «Kong Harald» høyrde til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab, Trondheim, og var bygd 1890 ved J.C. Tecklenborg, Geestemûnde i Tyskland. Båten vart ombygd 1947-1948 mellom anna med ny midskipsoverbygning og ny skorstein. Gjekk i Hurtigruta 1919 -1950. Siste turen var nordgåande frå Bergen 16. oktober som enda på grunn ved Heggøybåen 17. oktober 1950.

Eigar: I Coastal express/Bård Kolltveit samlinger.

Datering: 1948-1950

Fotograf: Ukjent

Alle berga

«Kong Harald» var i nordgåande rute då skipet grunnstøytte ved Heggøybåen i Stavfjorden tidleg om morgonen, tysdag 17. oktober 1950. Skipet stod på med framenden, men havaristen stod nokolunde rett, hadde ikkje slagside. Det vart straks sendt ut naudsignal. Litt før klokka sju melde båten til Florø radio at situasjonen var endra til det verre; «dramatisk», båten hadde lagt seg over. Men tre kvarter seinare hadde Florø Radio ei betre melding: Alle passasjerane og nokre av mannskapet var tekne om bord i fylkesbåten «Atløy» og kutteren «Toftholm». Havaristen var komen av, og ville prøva å ta seg inn til Askvoll. Bergingsbåten «Uller» var på veg frå Bergen.

Augevitne

Passasjer Magnus Fredheim fortalde til Firda Folkeblad at han sat oppe då båten støytte. Det var heilt mørkt, men heldigvis vart båten ståande på rett kjøl. Men seinare krenga skipet over og låg med rekka i vatnet. Dette kom så brått på at folk vart slengde hulter til bulter. Fredheim sjølv fekk eit slag i kneet sitt. Andre òg fekk mindre skader.

Til Florø

Alle passasjerane, om lag 70, og nokre av mannskapet, vart tekne om bord i to av fleire båtar som etter kvart kom fram til havaristen. Begge gjekk etterpå til Florø. «Toftholm» kom fram kl. 10.30 med vel 20, «Atløy» kom med resten mellom klokka 11 og 12. «Atløy» hadde og med verdiposten. Dei fleste tok inn på Viktoria Hotell, og nokre få kom seg vidare med det same. Mange reiste nordover dagen etter med båten «Mørejarl».

Pastor «ved godt mot»

Firdaposten snakka med fleire passasjerar, ein av dei pastor Ole Thompson:

«Pastor Thompson reiser no for Vestlandske Indremisjonsselskap og var på veg til Molde der han skulle tale tirsdag kveld [same dag som grunnstøytinga]. Pastoren som no er over 70 år gamal hadde vore i Amerika i om lag 50 år. Han hadde reist jorda rundt 2 gonger, sa han, men hadde aldri opplevd korkje grunnstøyting eller forlis før. Pastoren var ved godt mot og i godt humør trass i at han var noko medteken av opplevinga. Han ville returnere til Bergen og koma seg litt etter dette.»

«Folk song salmar»

Ein ungdom frå Ålesund med etternamnet Jeppesen, fortalde til Firdaposten at han ikkje kunne forstå «heile greia».

«Det var slett ikkje so dårleg sikt, eg for min del såg fyren godt. Trudde båten skulle inn til Florø, då eg merka at han sakka farten. Nei, det var ikkje moro. Eg stod i vatn til langt opp etter føtene og storm og stor sjø var det – og folk song salmar. Og so misste eg 500 kroner. Men vi vart då berga – og det er ikkje lite berre det.»

«det skulle ikkje gå gale.»

Emissær Hallvard Kleppa (1905-1999) var ein av passasjerane. Han skulle ein tur til Ålesund i arbeid for Frikyrkja i byen. Hallvard Kleppa noterte noko i dagboka si om forliset. Han låg til køys i firemanns-lugar då båten støytte:

«Båten rende på land i full fart. Det riste og skok og so stod me der. Kva ein ser og høyrer i slike stunder er ikkje godt å finna uttrykk for. Når folk hoppar i villa ut or køyene og spring for livet halvnakne og med hyl og skrik upp på dekk for å berga seg. Ja, det er underlege syner.

Gud tala i mitt indre og sa det skulde ikkje gå gale. Eg kunde vera trygg. Og i ro og fred klædde eg på meg. So kom ordren: «Livbeltene på!». Etter som det stod på veggen var desse plassert under hovudputene. Men i mi køy var ikkje noko å finna. Dei 3 andre greip deim i den fulle farten. Men so lydde det i gangane: «Nokon som vantar lovbelte: Kom akterut!» - so det var so vel laga alt.»
(innrykk slutt)

Hallvard Kleppa noterte vidare at det var regn og kuling, og at båten «gav sine veldige støyt i fløyta. Det var ingen fåre førebels, men då sjøen fall, tok båten til å «krenga over», og det vart «på ny noko panikk». Men då det lysna av dag, vart livbåtane sette på sjøen, og passasjerane sette over i to lokalbåtar som var komne til. Litt seinare «russla» Hallvard Kleppa «på land i Florø».

kjelder:

Firdaposten, Florø, fleire nummer, oktober 1950

Firda Folkeblad, Florø, fleire nummer, oktober 1950

Torvanger, Magnus og Trond Strømgren: M/S «Atløy». Historia om ein fjordabåt. Selja forlag, 2001.

Bakka, Dag, jr.: Livslinjen og eventyrreisen. Historien om Hurtigruten. 2011.