Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. mars 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bygdeveganlegget Lavik-Løland



Vegen mellom Lavik og Løland i Hyllestad hadde ein samla byggjeperiode på 32 år. I 1880-94 vart vegen bygd frå Lavik til ytre Hjelmeland, og frå 1900-1905 vart vegen bygd vidare til indre Hjelmeland. Framhaldet til Løland kom først i 1912.

Arbeid på 'Lølandsvegen' rundt 1905. Dei kring 20 personane står oppstilte på vegen med arbeidsreiskapa sine, som dei sjølve måtte ha med seg.

Arbeid på 'Lølandsvegen' rundt 1905. Dei kring 20 personane står oppstilte på vegen med arbeidsreiskapa sine, som dei sjølve måtte ha med seg.

Eigar: Hyllestad kommune. Fylkesarkivet. SFFf-1988192.0076

Datering: Kring 1905.

Fotograf: Ukjend.

Eit gammalt vegsamband

Truleg må det har vore eit gammalt vegsamband mellom Lavik, opp dalen og inn i Hyllestad. Rundt 1900 gjekk det ein rideveg frå Ytre Hjelmeland over Espeland til Systad, der den møtte den Trondhjemske postvei. Prioritering av bygdevegane i dalane ned til fjorden vart meir og meir viktig etter at dampskipa kom i siste halvdel av 1800-talet. Vegane var dyre, men fylket såg på vegane som ei støtte til landbruket i dei mange veglause dalane.

Statsbidrag til Lavikdalen

Bygdevegen opp Lavikdalen vart påbyrja rundt 1880. Heile veganlegget var 8,4 km og kosta kr. 25 000. Fylket, kommunen og interessentane løyvde til saman kr. 20 000, medan kr 5000 kom som statstilskot. Vegen var svært viktig for dei 21 oppsitjarane som budde i Lavikdalen. Vegen gav dei samband med sjøen. Kyrkja og dampskip-stoppestaden låg i Lavik.

Usemje om kontrakten

Då vegen skulle byggjast vidare mellom Ytre Hjelmeland og garden Strandos var det visse vanskar med å få kontraktane med bøndene i orden. To av dei ni oppsitjarane ville ikkje gå med på vilkåra som var sette opp i kontrakten. Andreas Lassesen Avedal ville berre delta for 2/3 av si matrikkelskyld, og Andreas Rasmussen Nordstrand ville berre delta mellom Espevik og Stålsbotn. Dette kunne ikkje dei andre oppsittarane gå med på. Føresetnaden for arbeidet var at alle godtok vilkåra. Andreas B. Sørstrand tok på seg å skaffa alle underskriftene ved eit seinare høve og då senda dei til vegetaten. Vegstykket vart bygd slik planen tilsa, så kontrakten ser ut til å ha vorte godteken av alle. Kostnadsoverslaget var i utgangspunktet 14.300 kroner, men kostnadsramma vart seinare sett til 20.000 kroner. No vart det ei overskriding på nær 8.500 kroner. Stortinget gav også her eit statsbidrag på 2/5.

Ei vidareføring av vegen til Hyllestad

Siste del av anlegget mellom Hjelmeland og Løland i Hyllestad var på 4730 m. Parsellen Hjelmeland-Hyllestad var på om lag 1,7 km og var kostnadsrekna til 6.700 kroner. Fram til Løland var det 3,5 km, som var kostnadsrekna til 18.000 kroner. Ein føresetnad for at veganlegget vart sett i gang, var at Lavik og Hyllestad kommunar til saman betalte 1/5 av kostnadene, slik og fylket måtte gjera. Staten løyvde halve summen. Også dette anlegget vart dyrare enn tenkt. Til saman kosta det 31.000 kroner.

"Lølandsvegen" blir opparbeidd

Slik det var vanleg på den tida måtte bøndene langs vegen gi fri grunn og grus til vegen og syta for naudsynt gjerdehald. Framleis var det arbeidsplikt når det gjaldt vegarbeid. Oppsitjarane måtte anten gjera vegarbeid eller betala, slik at vegvesenet då kunne settja inn andre til å gjera arbeidet. Kontrakten med grunneigarane i Løland vart tinglesen med hefte på dei ulike gardsbruka. Her var det ingen protestar på kontrakten som vart underskriven 11. februar 1905 og tinglesen 3. september 1906. Vegarbeidsplikta hadde til alle tider vore hard for bøndene, men her sto det klart i kontrakten at dei kunne utføra arbeidet "udenfor de sædvanliga aannetider".

Arbeidarar utanfrå

Dei fleste oppsittarane tok sin del av arbeidet. Men og andre fekk arbeid på vegen. Folk frå Sæsol, Myklebust og Hovlandsvåg i Lifjorden var med på vegarbeidet på den siste vegbiten fram til Løland. Vegen vart etter ferdigstillinga teken over som offentleg bygdeveg, og dermed vart den vedlikehalden av fylket.

Eit viktig framsteg

Vegstrekninga i Hyllestad kommune er omtala som Lølandsvegen, då dei gav Løland vegutløysing. Lølandsgrenda fekk no kjerreveg til Lavik, der mellom anna doktoren budde. Dei fekk og samband med Den Trondhjemske postveg nordover til Fjaler, og til kommunesenteret i Leirvik. Vegen var bygd etter dåtidas standard. Den var smal og svingete, men på det tidspunktet var den godt tenleg.

Nye tider og nye krav

Vegen gjorde god nytte i mange år, men etter kvart som biltrafikken auka i 1930-åra, vart vegen i smalaste laget. Vegbreidda var som dei fleste bygdevegane, 2,5 m. Nokre utbetringar måtte til når det vart sett opp rutebilar mellom Lavik og Dale. Etter krigen vart vegen opp Lavikdalen meir trafikkert. I 1930-åra var det omleggingar og utbetringar, og vegen gjekk inn i riksveganlegg 540, (rv 607).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk-statisktisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. del II, Kristiania 1901.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane fylkeskommuneFylke 1958.
Nordstrand, Ingemar: Lølandsvegen opna for 'den store verda', I Sogeskrift frå Hyllestad,s. 53-56, 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR