Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 02. oktober 2019

Sist oppdatert 03. oktober 2019

Rå-data

Ålfotsaka - eit interkommunalt kraftverkprosjekt med store økonomiske utfordringar



Ålfotsaka er kjent som den økonomiske hengemyra fylkeskommunen og fleire kommunar i Sogn og Fjordane hamna i etter å ha starta eit interkommunalt kraftverksprosjekt i 1918. I mest heile mellomkrigstida kom Ålfotsaka til å skape hovudbry og budsjettproblem for politikarane i fylket

Vassdragsingeniør Mollø Christensen sin plan for Ålfot Interkommunale Kraftselskap innebar primært utbygging av vassdraga Åskåra og Øksneelvane i Ålfoten, og ikkje oppsetjing av eit linenett.

Vassdragsingeniør Mollø Christensen sin plan for Ålfot Interkommunale Kraftselskap innebar primært utbygging av vassdraga Åskåra og Øksneelvane i Ålfoten, og ikkje oppsetjing av eit linenett.

Private interesser var sentrale då utbygginga av vasskraft tok til i Sogn og Fjordane. Fossefall vart kjøpte opp av entreprenørar med tanke på industribygging - og nokså sikkert òg av ein del med spekulative motiv i bakhovudet.

I Sogn og Fjordane var det dei små og private elektrisitetsprodusentane som dominerte. Dei fyrste funklande lyspærene lyste opp hjå Truls Rasmussen Vassenden i Loen, truleg i 1893. Elektrisitetsforsyninga var lenge eit brokut bilete, med ei mengd ulike kraftlag som sjeldan vart blitt skipa for profittmaksimering.

Under fyrste verdskrigen auka den offentlege interessa for kraftutbygging. For framtida var lys, i bokstaveleg meining. Ein såg føre seg at den vindunderlege nye krafta kunne nyttast på ei rekkje område. Til dømes vart det lagt planar om å elektrifisere fylkesbåtane. Det skuldast at det importerte kolet i krigsåra var svimlande dyrt. Eit forsøk med vedfyring i 1917 hadde ikkje gjeve eit reelt alternativ. Også for fiskeflåten låg det føre planar om bruk av elektrisitet.

Fylkesmann Ingolv Christensen ymta i 1914 frampå om at kommunane burde syte for elektrisitet til bygdene. Tankane til fylkesmannen slo etterkvart rot hjå politikarane, og Aksel Mollø Christensen vart i 1917 tilsett som overingeniør for elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane.

Christensen tok straks til med å utarbeide ein plan for kraftutbygging i fylket. Den gjekk ut på at ein skulle gå vekk frå dei små kraftverka, og heller satse på store anlegg. Han såg føre seg tre soner i fylket, der fleire kommunar fekk straum frå større kraftverk. Utbygging av Årøy-vassdraget skulle gje elektrisitet til bygdene i Midtre og Indre Sogn, for Ytre Sogn og sørlege delar av Sunnfjord var Gaular-vassdraget tiltenkt same rolla. Den største utbyggingsplanen galdt likevel Ålfoten, som skulle syte for at 16-17 kommunar i Sunnfjord og Nordfjord fekk elektrisitet.

Ålfot Interkommunale Kraftselskap

Fyrste steget mot å realisere vassdragsingeniøren sin plan var å sikre fallrettane i Ålfoten, som industrimannen og kraftutbyggjaren Ragnvald Blakstad sat på. Han selde rettane for 900 000 kroner til Ålfot Interkommunale Kraftselskap, som formelt vart skipa 7. august 1918. I alt 11 kommunar stod bak det interkommunale selskapet. Fylkeskommunen stod som garantist for 20% av utbyggingskostnadane.

Intensjonen var å levere straum til både industri og private heimar, men kraftutbygginga i Ålfoten let vente på seg. Rett etter fyrste verdskrigen var det dyrtid, og selskapet la utbygginga på is. I staden vedtok styret leige av kraft hjå A/S Bremanger Kraftselskap.

Lineutbygginga kom derimot i gang, og det skulle vise seg bli kostesamt. Dei fleste kommunane i selskapet låg ved kysten, og master og kablar måtte leggjast i ein krunglete topografi, med fjordar, fjell og øyar. Det hasta verkeleg med å få opp linenettet. Avtalen med Bremanger Kraft tok til å gjelde hausten 1921. Likevel hadde ikkje Ålfot Interkommunale Kraftselskap linenettet sitt klart til den tid, og i omlag eit halvt år måtte selskapet betale for straum dei ikkje fekk levert til forbrukarane.

Ein del av problema selskapet hamna i skuldast også dårleg inntening. I januar 1922, like før straumlevering kom i gang, gjorde driftsleiar Petter August Hysing opp status for teikning av abonnement. Det var ikkje ein lystig rapport. 42% av huslydane i dei områda selskapet kunne levere elektrisitet til hadde tinga straum, langt færre enn forventa. Hysing spekulerte i årsakene til den lunkne interessa, og kom med fleire forklaringar:

At tilslutningen er saa liten kommer av de daarlige tider. Folk der er ukjendt med anvendelsen av elektrisitet har liten tro paa dens værdi i husholdningen, de tror nærmest det er luksus, og saa finder de at det ikke er tider til utlæg av den art nu.[...] En anden grund der ogsaa har spildt en væsentlig rolle er installationerne. Folk finder disse utgifter store og venter at priserne vil falde fremover og har av den grund utsat med at tegne abonnement. Dette er vel den væsentligste grund for at tilslutningen er saa liten [...] At igangsætningen av driften først kunde ske i februar har vel ogsaa spillet en rolle idet mange der foreløbig kun agter at benytte kraften til lys tænker som saa, at nu er mørketiden forbi, nu kan vi vente til høsten.

Ålfot Interkommunale Kraftselskap hadde i hovudsak nedslagsfelt langs kysten. Sviktande fiske gjorde at mange reserverte seg mot å betale for ei ny teneste, eit gode som helst vart nytta til lys i private heimar. Når selskapet i tillegg leverte mindre kraft enn forventa til industrien, var stoda dei fyrste åra at salet av straum var eit netto tapsprosjekt. 

Ikkje før i 1925 kom balansen mellom inntekter frå kundane og leige av straum frå Bremanger Kraftselskap. Ålfot Interkommunale Selskap hadde då brukt svære summar på linebygging. I tillegg var det utgifter til drift og administrasjon. Desse var i overkant dryge i fylgje ein rapport som kom i 1923. Den retta utilslørte skuldingar om luksus og ukritisk pengebruk i selskapet.

Krafteventyret i Ålfoten var fullt ut finansiert av lån, og selskapet akkumulerte gjeld i ein urovekkjande fart. Krisa sette for alvor inn i 1927, då fylkeskommunen ville trekkje seg ut mot å dekkje ein del av skulda. Etter harde tingingar gjekk kommunane med på ei nyskiping av selskapet. Den nye kraftleverandøren fekk overta linenettet, men eigarane, som no var redusert til 10 kommunar, måtte ta med seg 4 millionar av gjelda.

Ålfotselskapet

Eit nytt selskap, Ålfotselskapet, vaks såleis opp frå ruinane av det gamle. Det nye selskapet slapp heller ikkje unna raude tal i rekneskapen. Dei fyrste åra gjekk det nokolunde i balanse, men så kom underskota, og i 1936 makta ikkje kommunane lenger å gjere opp for skulda si. Gjelda hadde då vakse til heile 5,5 millionar. Kommunane fekk akkord, mot at dei slapp ansvar for drifta. Ålfotselskapet vart såleis i praksis avvikla i 1936, men dei dreiv nettet til 1938. Då fekk det nystarta Ytre Fjordane Kraftlag kjøpe linenettet.

kjelder:

SFF-2011149 Ytre Fjordane Kraftlag
- Raport over tegnet abonnement i de forskjellige herreder pr. 1 januar 1922


Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 50 år. Oslo: Det Norske Samlaget, 1988


Nordstrand, Leiv: “Lys og kraft til bygdens behov”: kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993. Sandane: Sogn og Fjordane Energiverk, 1993


Seip, Hans.: Sogn og Fjordane fylke : eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og fjordane fylkeskommune, 1958


Solheim, Olav Birger: Aalfotsaka 1918-1938. Hovudoppgåve Universitetet i Trondheim 1986

PERMANENT IDENTIFIKATOR