Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vetane i Lærdal



Signalsystemet med å tenna bål for å varsle ufred, har røter langt attende i historia. Skriftelege kjelder fortel at det var i bruk på 900-talet. Systemet vart sist brukt under Napoleonskrigane. I Lærdal tyder nylege funn på at det har eksistert to eller tre vetesystem, eit for rask varsling, eit for lokalvarsling nede i dalen og kanskje eitt på Filefjell.

Kartet viser vetane og linene mellom dei. Plassering av ein vete på Okken i 1650 meters høgde, må ha vore for å senda signalet snøgt og sikkert austover mot Valdres.

Kartet viser vetane og linene mellom dei. Plassering av ein vete på Okken i 1650 meters høgde, må ha vore for å senda signalet snøgt og sikkert austover mot Valdres.

Eigar: Oddkjell Bosheim.

Datering: 2001.

Fotograf: Oddkjell Bosheim.

Stamlinevetar

Vetar og vetevakt er nemnd i Gulatingslova, men ikkje vetestover. Heile Sognefjorden høyrde inn under Gulatinget. Delar av Valdres og Hemsedal høyrde òg med fram til år 1125.
Me går ut frå at det var Stemnebøveten på Hisarøy som varsla Vetefjell på Krakhellenipa ytst i Sognefjorden. Den vidare hovud-varslingslina innover fjorden var truleg: Veten ved Bekken, Veten ved Torvund, Vardeneset på Måren, Veteneset på Sæle, Vetehaugen eller Vokeskorane i Vik, Skriki i Norane, Vetanosi, Skar, Okken og Ulvisnubben i Lærdal, Stogonosi og Hugakollen i Vang.
Stamlinevetane hadde lange hopp på 15 til 30 km for å varsle snøgt over lang avstand. Mange låg høgt til fjells: Vetanosi 1110 m o.h., Skar 900 m o.h., Okken 1650 m o.h., Ulvisnubben 1400 m o.h., Stogonosi 1400 m o.h. og Hugakollen 1132 m o.h.

Lokalvetar

Lokalvetane låg lægre i terrenget og varsla dei største gardane, dei som truleg hadde ansvar for å senda bodstikke og kalla saman mannskap til forsvar. I Lærdal ligg dei på rekke og rad opp dalen, varsla det meste og var òg ein reserveveg mellom Skar og Ulvisnubben, når Okken låg i skodde eller var utilgjengelig. Lærdalsøyri vart varsla over Skar (Storehaug), vidare til veten i Ofta.
Dei andre var Veten i Lundskleivi, Veten i Mureskori, Vardahaug eller Agåtli, Hoggeberg ved Nese, Ørneberget ved Voldum, Tufteåsen og Ulvisnubben. Dagfinn Hegg-Lunde i Borgund har lokalisert dei fleste vetane i Borgund. Avstanden er 4-7 km mellom vetane. Dei fleste murane etter vetestover og bålplassar er lokalisert. Stovene har vore små om lag 2 m x 2 m.

Fjellvetar

Hegg-Lunde har òg lokalisert eldplassar nær gamle tufter på Filefjell. Det er sikt frå ein til hin i ei rekkje som fylgjer ein gammal vegtrase på nordsida av elva. Det kan vera eit signalsystem, men som så mykje anna på Filefjell, må me inntil vidare sjå på det som ei brikke i kunnskapen om denne spanande fjellovergangen.

Vetanosi

Veten påVetanosi var sentral i varslinga til Luster, Årdal og Lærdal. Bålplass og stovemurar er lokalisert. Stova står på Sogn Folkemuseum - De Heibergske samlinger i Sogndal. Veten låg på kanten av Vetanosi, ut mot vest. Bålplassen viser som ein låg steinvarde med ein ring av nedgrodde steinar rundt. Varden har rotna ned og berre små restar av tyri ligg att.
Stova låg om lag 20 meter frå bålplassen.Ytre mål er 2,80 m x 2,90 m, breiast i gavlen. Døra vende mot bålplassen og det var gluggar med luker i dei tre andre veggene. Stova hadde jordgolv, med ein liten eldstad midt på golvet. Ytterveggene var om lag ein meter høge.

Korleis leiter me etter vetar

Skriftelege kjelder kan gje enkelte "fastpunkt" som er greie å ha som utgangspunkt. Stadnamn med "Vete" er temmeleg sikre merke på vete frå den eldste perioden her inne i fjorden. Danskane kalla det vedvarde eller berre varde. Fleire vetar fekk då varde-namn, til forveksling med steinvardar. Namn med eld, vokeld og kyndel kan vera interessante. Gamle folk har gjerne høyrt eitt eller anna, eller sett murar etter små hus og runde bålplassar. Kanskje er ein del vokeldsplassar rundt omkring i bygdene gamle vetar.
Veten ligg gjerne ute på kanten av eit fjell, på ein hammar eller haug som er lett å sjå i terrenget. Gode kart er greie å ha for å kontrollere sikten mellom to punkt. Bålplassen har gjerne ein stein eller liten steinvarde i midten og ein ring av steinar rundt. Leit fyrst etter ein lagleg plass, der du samstundes ser eit kjend vetepunkt og målet. Målet kan vera kyrkje, gamle gardar og grender. Lukke til!

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Heiberg, G.F.: Festskrift utgjeve av Sogn Ungdomslag til stemna i Sogndal 2..8.1914. Museet paa Amble.
Olafsen, O.: Viter paa Sørlandet og Vestlandet. Norsk Folkekultur. 6. årgang, 1920.
Bosheim Oddkjell: Vete, varde, våkeld. I Kjelda. Nr. 4. Leikanger 1999.
Bosheim Oddkjell: Vetar i ytre Sognefjorden. Kjelda. Nr. 4. Leikanger 2000.
Bosheim Oddkjell: Vetane i Lærdal. I Arkeo. 2001.
Munnleg informasjon frå:
Dagfinn Hegg-Lunde, f. 1951, Lærdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR