Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. august 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Barneheimen på Leikanger



I 1891 bygde Indremisjonen barneheim på Leikanger og dreiv heimen til 1974. Sogn Barneheim hadde plass til 20 born, og i heile perioden hadde kring 200 born opphald i heimen.

Grunnstein

Grunnmuren er laga av tilhoggen granittstein fuga saman med sement. I vestre hjørne ligg innestøypt ei blyøskje med to ting oppi; - ei plate med inngravert skrift på og eit sett gangbare myntar i 1891. Øskja er "grunnsteinen" i bygningen til Sogn Barneheim. Ho vart sett ned ved ei høgtideleg handling 19. mai 1891. På plata står:

"I Gud Faders, Søns og Helligaands navn, Aar 1891 den 19. mai i kong Oskar IIs XIX regjeringsaar lagdes her grundstenen til et børnehjem for Sogn.
Aar 1890 den 19. november blev tanken om et børnehjem forlagt et møde for Sogn her på Lekanger og bifaldt af dette, hvorpaa arbeidet for sagens fremme blev overdraget sogneprest til Vik S. B. Hersleb Walnum og sogneprest til Lekanger Jakob R. S. Walnum. Tegning til huset er leveret af amtsingeniør Borch. Tilsyn med opførelsen af børnehjemmet har gaardmand John Olsen Husebø, paa hvis eiendom huset ligger. Marc 9.36-37
Graveret af gaardbruger Peder J. Borlaug, Feios."

Vigsling hausten 1891

Sogn Barneheim kom opp i ein fart. Det gjekk ikkje meir enn eit år frå tanken om å bygga barneheim vart lansert, 19. november 1890, til dei fyrste borna kom til heimen, 25. november året etter.

Huset var bygd for ein "storfamilie" med plass til "foreldre" (styrarpar), hushjelp og 20 born. Her skulle alle bu, her skulle det lagast mat, vaskast klede, hoggast ved, og her skulle borna i skulepliktig alder gå på skule.
Huset er eit langhus med tverrfløy. Det er kjellar under heile huset og rom i to etasjar. Huset er mykje godt det same i 2002 som då det vart vigsla, 20. oktober 1891. Berre mindre endringar er gjorde opp gjennom tidene.

Ein av sovesalane

Dei var fleire på kvart soverom. Kring 1920 fekk borna i oppgåve å fortelja om soverommet sitt. Ein elev skreiv denne stilen:

"Sove salen vaar
Sove salen vaar er umlag 6 m lang. I sove salen vaar er det fire senger. Han har vaare større fyr end han er no. Du lyt gaa inn i ein annor Sovesal fyr du kjem inn i vaar. Net inn for døri paa nordre sida er det eit brett som staar tri vaske fat paa, og bein ovanfor er det tvo hydlor ei til saapa og kamben paa, kost paa veggen heng spegull. Ognen vaar er ikje mykje stor. Det er tvo hull som me kan koka i, kjista er ikkje mykje høg, Og so er det røyr som gaar upp titt atmed ovenen og den kallar me luftrøyr. Men det er ikkje mer end eit glas med 6 ruter i. I salen vaar er det ei dør som gaa inn i verelsi, og i døra er eit hull som dei kjiker i. Golvet er ikje malt. Bakan for skorstein er det ein skorstei. Salen vaar er meste firkanta ein vegg er tjukare end hin."

Barneheimsborna

Barneheimen på Leikanger hadde som føremål å ta opp foreldrelause born eller born som foreldra eller nære pårørande ikkje kunne ta seg av. Pårørande kunne søkja beinveges eller det vart søkt om opptak gjennom kommunale fattigstyre/forsorgsstyre eller verjeråd/barnevernsnemnder.

Barneheimen var meint å vera ein heim i staden for den heimen borna ikkje hadde, med "foreldre, far og mor" (styrarektepar) og "sysken". Dei skulle vera i heimen til dei var 14 år og konfirmerte og så verta "anbragt", som i dei fleste tilfelle var det same som i teneste hjå einkvan.

Elles var borna kvar sommar "anbragte" hjå folk kring om i Sogn for at dei skulle læra seg til å ta del i det vanlege sommarbeidet på ein gard.
Sogn Barneheim hadde plass for kring 20 born. Belegget varierte noko. Dei fyrste tiåra var det jamnt fullt hus, medan talet gjekk sterkt attende mot slutten. Det siste året, i 1973, var det berre tre born.

Drifta basert på gåver

Indremisjonsfolket bygde barneheimen for å hjelpa vanskelegstilte born. Dei handla etter orda i Bibelen, Markus 9. 36-37, som står inngravert på koparplata i "grunnsteinen". Der det står fortalt at Jesus tok eit lite barn på fanget og sa til læresveinane: Den som tek i mot eit slikt lite barn i mitt namn, den tek imot meg.
Heile tida kom nesten alle inntektene gjennom gåver, både beinveges og ved basarar og innsamlingar, frå einskildpersonar og foreiningar. Og heile tida kom det ein straum av gåver in natura til heimen: lammeskrottar, poteter, ost, strikkevarer, skor, julegodt og mykje anna. Frå godseigar G. F. Heiberg kom det eit staseleg juletre den fyrste tida, - før dei hadde teke til med granplanting på Systrond. Mange av sparebankane i Sogn ytte årvisse pengegåver.

Styring og leiing

Barneheimen på Leikanger vart styrt etter ein plan (vedtekter) gjeven og vedteken av fellesorganisasjonane for indremisjonen i Sogn. Det var eit overstyre (komite) på 18 medlemmer valde av og frå kvar av dei tre fellesorganisasjonane i ytre, midtre og indre Sogn. Under dette var eit styre med fem medlemer. Eit styrarpar (ynskje om at det skulle vera barnlaust) hadde ansvaret for det daglege livet i heimen. Dei siste ti-åra hadde heimen kvinneleg styrar.

Utanom eigaren, Indremisjonen, sine eigne styringsorgan, kom ulike offentlege organ meir og meir med utover i perioden som fylgje av nye lover og føresegner - både i høve til styring, tilsyn og kontroll.

Barnehage etter barneheim

Etter at dei sistebarneheimesungane var utskrivne frå barneheimen våren 1974, stod heimen tom nokre få år. Indremisjonen starta så Leikanger Barnehage, og dreiv denne nokre år til Leikanger kommune tok over med kommunal barnehage, Strandavegen barnehage.

Ein heil del av inventaret etter barneheimen vart overteke av Indremisjonen sin ungdomsskule i Balestrand. Resten gjekk under hammaren på auksjon i 1988. Arkivmaterialet etter Sogn Barneheim, og nokre få gjenstandar, er oppbevart på Fylkesarkivet.

Pr. 2015: Bygningen riven.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øverbø, Snorre og Kleppa, Hermund: Sogn Barneheim 1891-1974. I Årbok for Sogn. 1998.
De lidendes ven. Sogn Barneheim sitt blad. Leikanger.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-93085 Sogn Barneheim.
Midtre Sogn indremisjon. Gjennom 75 år. Leikanger 1946.

PERMANENT IDENTIFIKATOR