Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2007

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Rå-data

Fotograf Andreas Mathias Anderssen



Andreas Mathias Anderssen (1849-1943) jobba i løpet av karrieren som fotograf i både Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I fotoregistrene er Anderssen registrert som å komme frå Bergen, men Andreas Mathias var gardbrukarson frå Salt i Selje.

<p>A. M. Anderssen sitt fotoatelier p&aring; Veblungsnes.</p>

A. M. Anderssen sitt fotoatelier på Veblungsnes.

Eigar: Odd Bjørn Alnes.

Datering: 1914.

Fotograf: Ukjend.

Glasplatesamling til Fylkesarkivet
Sommaren 2007 mottok Fylkesarkivet ei mindre samling glasplater etter ein fotograf Andreas Mathias Anderssen. Samlinga inneheldt for det meste gards- og landskapsbilete, men også fleire personbilete. Eigaren av materialet hadde svært få opplysningar om mannen bak samlinga, og dermed starta jakta på opplysningar om fotograf Anderssen.

Anderssen eller Andersen?
I fotoregistrene finst det registrert sparsame opplysningar om både ein fotograf Andreas Mathias Anderssen og ein Andreas Mathias Andersen, båe med dødsår 1907. I fotobasen til Fylkesarkivet finst det likeeins bilete både av ein A. M. Anderssen og ein A. M. Andersen. Samanlikning av motiva til desse to fotografane gav god grunn til å tru at det dreia seg om ein og same person. Båe Anders(s)en-ane hadde nemleg nytta eit karakteristisk søylemønstra bakteppe på portrettfotografia sine. Bileta fortalte også at dei hadde vitja dei same bygdene langs Sognefjorden. At både fotograf Andersen og fotograf Anderssen var registrert som avlidne i 1907 i fotoregistrene, var også god grunn til å tru at ein og same fotograf var registrert to gonger. Det var likevel eit problem - fleire av Anders(s)en bileta i Fylkesarkivet sin fotobase var datert til etter 1907. Var bileta unøyaktig daterte eller hang det slik saman at fotograf Anders(s)en slett ikkje døydde i 1907?

Vestlandsfotografen Anderssen
Andreas Mathias Anderssen vart fødd på Salt i Selje 14.06.1849 som son av gardbrukarparet Anders Rasmussen og Kari Andersdotter. I 1867 reiste Anderssen i følgje kyrkjeboka frå Selje prestegjeld frå Salt til Bergen for å søke teneste. I Bergen finn vi han att i folketeljinga for 1875. Han har då busett seg "under Gaarden Mithun på Nygaa" [Midthun på Nygård], og er registrert med yrkestittel fotograf. Anderssen byrja truleg i lære som fotograf kort tid etter at han kom til Bergen. Hos kven Anderssen gjekk i lære er ikkje kjent.

Anderssen budde og jobba som fotograf på ulike adresser i Bergen. I følgje Ragna Sollied si bokEldre bergenske fotografar, er dei tidlegaste bileta etter Anderssen påført adressa "James Hansen Gaard på Strandgaden" [Strandgaten 26]. I perioden 1885-1902 dreiv Anderssen fotoatelier i Halvkandebakken 4 på Nordnes. Den etterkvart så omfangsrike familien hans budde i same huset: Kona Marit Ellefsdotter (1848-1919) og borna Anton Martin Odin (f. 1874), Ellef Johan (f. 1876), Martin Emil (f. 1878), Albert Kornelius (f. 1880), Carl Johan (f. 1882) og Elisabeth Fredrikke (f. 1884). I løpet av åra i Halvkandebakken utdanna Anderssen seg til fotografmeister. Frå 1902 til kring 1907 budde familien så i Rosenbergsgate 17, som også var adressa til Anderssen sin fotoforretning i denne perioden.

Og kva med året 1907? Kring 1907 flyttar familien Anderssen til Marit sine heimtrakter på Veblungsnes i Indre Romsdal. Andreas Mathias Anderssen reetablerer fotoverksemda si på Veblungsnes og held fram arbeidet som fotograf. Først i 1943, 94 år gamal, døyr Andreas Mathias Anderssen. På gravsteinen er etternamnet, som han tidlegare har skrive med dobbel -s, stava med ein -s.

Ein allsidig fotograf
Biletmaterialet som Fylkesarkivet har etter Andreas Mathias Anderssen fortel oss at han ikkje berre fungerte som portrettfotograf i ateliera sine i Bergen og seinare på Veblungsnes. Delar av kundegrunnlaget hans var i heimfylket Sogn og Fjordane. Basert på dei fotoa som finst i Fylkesarkivet sin fotobase kan vi slå fast at Anderssen tok fotooppdrag i Sogn i perioden kring 1890-1910. Han har mellom anna vitja Luster, Sogndal, Vik, Balestrand og Gulen.

Fotografyrket var i kraftig vekst i den første perioden av Anderssen sin karriere. Frå 1875 til 1910 auka talet på sjølvstendige fotografar på landsbasis frå 174 til 438. Denne auken var ein konsekvens av den enorme populariteten det fotografiske visittkortet som vart introdusert i 1860-åra hadde. Det fotografiske portrett var den viktigaste inntektskjelda til fleirtalet av fotografane i denne perioden. Fleirtalet av bileta som Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har etter Anderssen er nettopp slike fotografiske visittkort. På bileta er dei portretterte plassert mot eit bakteppe, ofte kunstferdig dekorert, og bileta har eit heller formelt preg.

Parallelt med utviklinga av portrettfotografiet utvikla landskapsprospektet seg, og etterkvart det fotografiske postkortet, som ein eigen fotografisk sjanger. Kundane for denne typen bilete var i første rekke turistar og turistindustrien. Som omreisande fotograf produserte Anderssen også slike landskapsprospekt. Mellom anna har han teke fleire bilete frå Fjærland, som tydeleg er meint for turistmarknaden. Det som karakteriserer Anderssen sine landskapsprospekt er at dei ber preg av å være sterkt regisserte. Med myndig hand har fotografen plassert personane i biletet, og slik laga slåande komposisjonar.

I tillegg til å ta eigne bilete, har Anderssen også kopiert andre sine bilete. I løpet av 1880- og 1890-åra utførte han eit større oppdrag for Mathias Askevold (1854-1919), som hadde samla inn bilete av kjente kulturpersonar i samtida. I hovudsak var dette bilettypar som maleri, tresnitt og litografi. Anderssen reprofotograferte materialet, som i dag er å finne ved Billedsamlingen, UBB i form av 8 store album med namna "Norsk Forfatter-Galleri" og "Norsk Kunstner-Galleri".

Samlingar etter A. M. Anderssen
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Billedsamlingen, UBB
Fylkeskonservatoren i Hordaland, Institusjonssamlinga

kjelder:

Erlandsen, Roger (2000), Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! Om fotografiens første hundre år i Norge - 1839-1940, Våle: Forlaget Inter-View A/S
Klungnes, Einar (red) (1999), Indre Romsdal på postkort: Fra 1890-åra til 1940, Rauma Kommune
Sollied, Ragna (1967), Eldre Bergenske Fotografer, Bergen: Eget forlag
Munnleg informasjon frå Oddny Johansen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR