Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Telegraflina over Stødnaåsen



Telegraflina mellom Lærdal og Fodnes vart bygd i 1895. Lina gjekk til dels i vanskeleg terreng utan vegsamband og med høgdeskilnad på 1000 meter. Dette vart ein viktig fjellovergang for telefontrafikken i indre Sogn.

Linekursen i bakkane ved Storeskar. På øvste jarnet til høgre låg "gamle 400" aleine - direktelina frå Bergen til Trondheim. Dette var lina alle hadde respekt for. Feil på 400 førte til full alarm. Folk vart kommandert ut om det så var storhelg og uvêr. Kursen på biletet er etter ombyggingane i 1935 og 1948.

Linekursen i bakkane ved Storeskar. På øvste jarnet til høgre låg "gamle 400" aleine - direktelina frå Bergen til Trondheim. Dette var lina alle hadde respekt for. Feil på 400 førte til full alarm. Folk vart kommandert ut om det så var storhelg og uvêr. Kursen på biletet er etter ombyggingane i 1935 og 1948.

Eigar: Oddkjell Bosheim.

Datering: 1986.

Fotograf: Odd Arvid Aspevik.

Lærdalsøren og Skjerjehavn

Teletilbodet ved Sognefjorden var i 1895 telegrafstasjonane i Lærdal og Skjerjehamn - ingenting i mellom. I telegrafdirektøren sitt budsjettforslag finn me bakgrunnen for bygging av liner over Stødnaåsen: "Anlæg af en dobbelt, revolverende Telefonlinje fra Lærdalsøren over Sogndal og Leikanger til Balholm i Forbindelse med Anbringelse af en Telegraftraad paa samme Stolper".
Planane var å skaffa telefon til Sognefjorden, og telegraf til Balestrand i turisttida. Linene skulle seinare førast vidare til Voss og Bergen.

Terreng og tilkomst

Stolpekursen går bratt opp frå Lærdal. Frå ca. 350 meters høgde følgjer kursen stort sett stølsvegen frå Stødno til Åsen gjennom fin furuskog. Vidare i fjellbjørkeskog som går over i snaufjell mot Storeskar, ned til Fagerset (Aspevikstølen). No går det bratt gjennom skogen til Fodnes. På Lærdalsida - i brattaste hamrane, gjekk all transport føre seg med handemakt, seinare med taubane.

Anlegg

Arbeidsstyrar Andersen bygde lina frå Lærdal til Sogndal i 1895 og det vart lagt sjøkabel frå Fodnes til Mannheller.
Ein del stolpar vart kjøpte av grunneigarane og reiste opp over fjellet - utan impregnering. Telegraftråden låg på topphetter med ein enkel 4 mm jarntråd. Dei to telefontrådane var av tynn bronsetråd, som skulle vise seg udugande. Tråden strekte seg etter at han var opphengt og laga stadig linefeil. Dei uimpregnerte stolpane rotna i rotenden. På Fodnessida vart det nytta impregnerte stolpar som vart frakta ut med hest og handemakt.

Feilretting og drift

På grunn av den elendige linetråden, vart det fleire feil alt før stasjonane på nordsida vart offisielt opna i mars 1896. Oppsynsmann og bod Mons Olsen var ille ute på holkeføre i Hellerstegen vinteren 1895-96. Det førte til at det vart sett opp kjetting til å halda seg i på den vanskelegaste plassen. I åra framover måtte telefontråden bytast ut og rotne stolpar vart skifta.
Peder Fodnes var bonde på Fodnes. Han var med på linearbeidet i 1895 og vart nytta som feilrettar. I 1898 vart Fodnes oppsynsstasjon, kopla inn på rikstelefonlina for at Peder lettare kunne varslast. Fodnes gjekk seinare over til rikstelefonstasjon og hadde til tider stor trafikk av brislingfiskarar.
Peder Fodnes støla på Fagerset i den gamle vetastova som far hans hadde flytta frå Vetanosi. Rikstelegrafen trong overnatting på Fagerset, og gjekk i 1910 inn på avtale om å yta eit tilskot til Peder om han bygde seg stølshus som kunne nyttast som Telegrafstove. Han fekk 150 kroner ein gong for alle.

Fleire liner

Årdølene låg utanfor den planlagde statstelefonlina og måtte sjølve ta mykje av kostnaden for å få telefon. I vanleg årdalsånd, skreiv 150 årdøler seg på ei dugnads- og tilskotsliste. Det førte til at arbeidsstyrar Jørgen Tveit frå Gulen med mannskap la opp ny line på stolpane over åsen ned til Dokki og bygde vidare innover fjorden. Han nådde Naddvik 22. oktober 1901. Resten av Årdalsstasjonane vart opna 10. november 1902.
1914 var Jørgen Tveit på Stødnaåsen att. Denne gongen for å byggja direktelina Bergen-Trondheim. 26. juli låg han med laget sitt på Fagerset. Det var sundag og folk var komne opp frå bygda, som vanen var den gongen. Tidleg på dagen høyrdest mange tunge drøn uti fjorden. Spente tider som det var, rekna dei med at krigen var i gang - at det var åtak på flåten til keisar Vilhelm som låg i Balestrand dei høyrde. Tveit sende folk ned til Lærdal for å få greie på kva det var. Det viste seg å vera keisar Vilhelm sin avskjedssalutt med Balestrand.

1935 bygde arbeidsstyrar Johannes Kleppe frå Fjaler liner til Luster og Sogndal. Det vart då skifta stolpar over høgfjellet fordi dei gamle vart for korte. Stolpane vart den gongen dregne opp med taubane og kjørt ut med hestar. Kleppe fekk lov til å byggja runde stolpekar, noko han hadde krangla med leiinga om i mange år. Han kunne spara fotboltar og sprøyser på denne måten. Karane drog stein tilrettes på bjørkedrog og bygde ei snorbein line på 3 km over Vetanosmyrane.
1948 var Ola Glosvik Myhre der med laget sitt og la opp to nye liner til Årdal. Særmerket hans var grove stolpar og solid arbeid. "Tenk på dei som kjem etter oss ein vinterdag i uvêr!"

Slutten

Eit par ti-år etter siste krig greidde ikkje trådlinene lengre å avvikla telefontrafikken. Nye teknikkar tok over. Dei gamle linekursane over fjella skulle vekk. 100 år gammalt handverk vart ikkje rekna som kulturminne. Riving av kursen over fjellet tok til i 1986. Resten mot Fodnes gjekk i 1998-99. Transport av folk og materiell gjekk med helikopter.
Linekursen frå Lærdalselvi opp til 400 m o.h. kom i 1997 inn på Norsk Telemuseum sin verneplan, takka vera ein velvillig grunneigar. Solide stolpar med full rigging og 28 trådar står att i brattaste bakkane som eit verdig minne etter Norge sin "tyngste" høgfjellskurs og 100 års blodslit.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Arkivsaker tilhøyrande Lærdal Telegrafstasjon.

Munnleg informasjon frå:
Tveit, Olav J., f. 1903, Gulen.
Hjelmeland, Johannes (1914-1999), Førde.
Hjelmeland, Reidar (1912-1998), Gaular.
Nistad, Sigurd (1912-98), Florø.
Myrvoll, Sunneva, f. 1927, Florø.
Haugen, Svanhild, f. 1933, Lærdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR