Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. juli 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minne om drukningsulukke på Bremangerlandet



I mars 1898 drukna to jenter i Dalevatnet på Bremangerlandet. Dei gjekk gjennom isen då dei var på veg ned til sjøen. Dei vart gravlagde på kyrkjegarden på ytre Grotle. I 2009 står det framleis gravminne på gravene deira.

Gardane Klungreset og Dalsbotten (biletet) ligg lengst inne ved Dalevatnet. Dei to jentene som drukna ein marsdag i 1898, gjekk gjennom isen på veg til sjøen med mat til folk som heldt på med fiske.

Gardane Klungreset og Dalsbotten (biletet) ligg lengst inne ved Dalevatnet. Dei to jentene som drukna ein marsdag i 1898, gjekk gjennom isen på veg til sjøen med mat til folk som heldt på med fiske.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Den gamle kyrkjegarden på Grotle

Den eldste kyrkja i Bremanger kommune stod på ytre Grotle. Ho vart riven i 1866, eitt år etter at den nye kyrkja på Frøya-landet stod ferdig. Men kyrkjegarden var i bruk i mange år etterpå. I dag er den gamle kyrkjegarden på ytre Grotle eit verdfullt og interessant kulturminne, ikkje minst ved at det framleis finst eit hundretals, til dels særeigne gravminne der.

Amanda Igland kjende til ulukka

Sommaren 1989 var eg på besøk på den gamle kyrkjegarden på Grotle. Amanda Igland (1917-2002) var med som guide. Eg visste om drukningsulukka i 1898. - Jau, ho kjende til den tragiske hendinga. Det hadde seg slik at jentene var på veg frå Dalsbotten til sjøen med mat til folk som heldt på med fiske. Dei ville gjera vegen kortare ved å gå isen på Dalevatnet. Så var dei uheldige og gjekk gjennom og drukna begge to. Det var ei fæl tragedie som gjorde eit djupt inntrykk på folket i heile Bremanger. Amanda Igland viste meg gravene deira.

To gravminne

Dei to omkomne jentene vart gravlagde aust på kyrkjegarden og det blei sett opp heilt like gravminne på gravene deira: eit fotstykke laga av betong med kross og skrå framside der det var festa ei plate med innskrift. Både plata og krossen var laga av kvit marmor.

I 2009 er ikkje gravminna heile. Det manglar plate på det eine og begge krossane er borte. På den eine plata står innskrive

OLINE
BERTINE
BERGESDT
DALSBOTTEN
f. 19. Januar 1880
d. 8. Marts 1898

Vi sees igjen
 

Fleire opplysningar

Kyrkjeboka for presten i Bremanger for åra 1890-1908 har fleire opplysningar om dei to jentene. Den eine var Oline Bertine Bergesdotter Dalsbotten, fødd 1880, den andre Oline Bertine Johansdotter Klungreset, fødd 1881. Jentene drukna den 8. mars 1898 og vart gravlagde den 14.

I rubrikken for "opgiven dødsaarsag" har presten notert:
1. Om Oline Bertine frå Dalsbotn:
"Faldt gjennem isen på Dalevandet og druknede."
2. Om Oline Bertine fra Klungreset:
"Faldt gjennem isen på Dalevandet og druknede da hun forsøgte at redde foranmældte."

Dei to jentene var om lag jamgamle, 18 og 17 år. Dei hadde same førenamn, jamvel det andre. Den eine drukna då ho prøvde å berga den andre.

Spor i IOGT-protokoll

Det finst eit interessant spor etter drukningsulukka i ei noteringsbok frå fråhaldslaget IOGT-losje Freya. I referatet frå eit møte dei hadde på skulehuset på Frøya (naboøya til Bremangerlandet) den 20. mars 1898 går det fram at ein reisande fråhaldsemissær frå Ålesund hadde vore på besøk. Han hadde nyleg vore i "Dalen" og hadde med helsing frå losjen der oppe. Han fortalde om ”hvor gribende det var at overvære begravelse cermonierne i Dalen da de 2 piger som druknede blev begravede”. Sidan begge jentene og far til den eine var godtemplarar, vart ”Logens ceremonier anvente ved begravelsen”.

Hadde ein jobb å gjera

Det ligg fleire gardar langs Dalevatnet. Dei to jentene som drukna i 1898 var frå dei to inste gardane, Klungreset og Dalsbotten. I eldre tider var fisket ein viktig del av næringsgrunnlaget til gardane i Dalen. Det går til dømes fram av ein søknad frå oppsitjarane i "Dalen" til Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane fylke) i 1886 om å byggja ut ein kanal mellom nedre enden av vatnet og sjøen. Det står:

"I Dalen er 26 Opsiddere, der maa hente alle Materialer (Træværket) til sine Huse og al den Ved de bruger foruden de fleste andre varer søverts, hvorhos de driver Fiskeri baade Vinter og Sommer [utheva her]."

Gardane hadde naust og bruksreiskapar nede ved sjøen og folk frå Dalen måtte ferdast til og frå når dei var opptekne med fiske. Dei to ungdommane, Oline Bertine Dalsbotten og Oline Bertine Klungreset, miste livet midt i ein jobb dei hadde å gjera tysdag 8. mars 1898: å fara ned til sjøen med mat til folk frå Klungreset og Dalsbotten som heldt på med fiskeriarbeid.


 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Digitalarkivet, skanna kyrkjebøker.
Privatarkiv i Fylkesarkivet, SFF-89147, IOGT-losje Freya.
Munnlege opplysningar frå Amanda Igland (1989).
Gravminne på Grotle gamle kyrkjegard.

PERMANENT IDENTIFIKATOR