Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. februar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum 2014 - Om Christie-statuen i Bergen



Året 1814 har stor plass i Noregssoga. Stikkord er: Kielfreden, oppløysinga av unionen med Danmark, notabelmøtet på Eidsvoll, Eidsvollsforsamlinga, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss, union med Sverige. – Wilhelm Friman Koren Christie har plass mellom dei fremste aktørane i året 1814. I 1868 reiste Bergen og landet ei statue av Christie på Torgallmenningen.

<p>Fr&aring; avdukinga av Christie-statuen p&aring; Torgallmenningen i Bergen 17. mai 1868. <br />
I f&oslash;lgje <em>Norsk Folkeblad</em> var &rdquo;afsl&oslash;ringen begunstiget av det skj&oslash;nneste Vejr, og en umaadelig Menneskemasse var paa Benene.&rdquo; Bilethoggaren Christopher Borch (1817-1896) laga statuen. Borch var f&oslash;dd i Drammen og studerte fleire stader i utlandet. Utanom Christie-statuen laga han mellom anna relieff med emne fr&aring; Fritjovssoga, og ornament til Universitetet og V&aring;r Frelsars kyrkje i Oslo. Han var l&aelig;rar ved Den kgl. kunst- og handverksskule, og han skipa ein skule i steinhogging for fangane p&aring; Akershus. Det var elevane hans p&aring; denne skulen som hogg l&oslash;vene utanfor Stortinget.&nbsp;</p>

Frå avdukinga av Christie-statuen på Torgallmenningen i Bergen 17. mai 1868.
I følgje Norsk Folkeblad var ”afsløringen begunstiget av det skjønneste Vejr, og en umaadelig Menneskemasse var paa Benene.” Bilethoggaren Christopher Borch (1817-1896) laga statuen. Borch var fødd i Drammen og studerte fleire stader i utlandet. Utanom Christie-statuen laga han mellom anna relieff med emne frå Fritjovssoga, og ornament til Universitetet og Vår Frelsars kyrkje i Oslo. Han var lærar ved Den kgl. kunst- og handverksskule, og han skipa ein skule i steinhogging for fangane på Akershus. Det var elevane hans på denne skulen som hogg løvene utanfor Stortinget. 

Eldste statuen i landet

Mannsfiguren på sokkel framfor den gamle museumsbygningen på Nygårdshøgda, har i fleire samanhengar vore omtala som Christie-støtta og den eldste statuen i landet. Monumentet over stiftsamtmann Christie, betre kjend som stortingspresident i 1814, vart opphavleg reist på Torgallmenningen i 1868, men så flytta til plassen framfor det naturhistoriske museum i 1918. Løva ved foten kom på plass som nyskapning i 1926. Tanken om å reisa statuen kom opp seinhaustes 1849, og det går nokre historiske trådar til Stryn og dei andre kommunane i Sogn og Fjordane.

Gullpokal i 1815

Wilhelm Friman Koren Christie, fødd 18. januar 1778, var ein av bergens-utsendingane på Eidsvollforsamlinga i 1814. Her vart han vald til sekretær, men avanserte til president på det ekstraordinære stortinget same året. Han var og på Stortinget seinare. Innsatsen hans på Stortinget hausten 1814 var så formidabel og vart slik lagt merke til, at då han kom attende frå ei sendeferd til Stockholm på nyåret 1815, fekk han overrekt ei takke-gåve, - ei ”adresse” forfatta av prost Fr. Smidt og vedteken av Stortinget 25. november 1814, saman med ein gullpokal, som ”et erkjentlighets minde fra Norges Overordentlige Storting til dets hæderskronede og hver Stortingets mand uforglemmelige præsident.” 

Monumentkomite i 1849

Christie var busett i Bergen frå januar 1809. Han døydde ugift 10. oktober 1849. Berre ein månad etterpå vart det kalla inn til møte om å reisa eit Christie-monument. Møtet utnemnde ”en særegen Committe” til å stå føre den kunstnarlege sida, og det vart vedteke å senda innbyding utover i heile landet om å vera med og stø opp om tiltaket, - om å ”istandbringe et Hædersminde over vor forevigede [tyder her: (nyleg) avdøde] af Fødelandets Frihed og Sælvstændighed saa høit fortjente Landsmand”.  

God vilje – skrøpeleg evne?

I Stryn handsama kommunestyret saka i møte 18. januar 1850. Til grunn låg ”en Skrivelse fra en Deel Herrer i Bergen” om å reisa eit monument over ”afdøde fortjente Landsmand Wilhelm Friman Koren Christie”. Som vedlegg fylgde tre trykte innsamlingslister. Referatet nemner spesifikt at forsamlinga er vel vitande om kva Christie hadde hatt å seia for fedrelandet i det skilsetjande året 1814. Kommunestyret gav uttrykk for god vilje til å stø ei slik sak, - men, representantane måtte samstundes diverre beklaga ”den ringe Evne Almuen for Tiden har” til å avsjå pengar til eit slikt føremål. Likevel, - går det fram av referatet, - for å gjera alt som tenkjast kunne for eit så god sak, vart det vedteke å senda ei innsamlingsliste til kvart av kyrkjesokna i von om at einkvan kunne yta ein liten skjerv beinveges.

Korleis det gjekk fortel møteboka på slutten av året. Listene var då komne attende, men julepresangen var mager. Ikkje eit einaste bidrag. Ordføraren, sokneprest Brandt, sende melding. Det var i Stryn, men kva skjedde vidare i Bergen? Norsk Folkeblad har fleire stykke om saka.

Drog ut

Det streifa sikkert ikkje monument-reisarane i 1849 at det skulle gå nærare 20 år frå innsamlingslistene gjekk i posten til monumentet var på plass. Vonbrotet må ha var stort. Pengane strøymde på ingen måte inn slik dei hadde håpa og trudd. Det var nemleg ikkje berre stryningane som svikta. I 1851 møtte rektor Hans Holmboe ved Bergens Katedralskole bilethoggaren Christopher Borch i hovudstaden, mannen som skulle å laga monumentet. Den nedslåande bodskapen var at komiteen berre hadde pengar til ei statue i ”naturlig Størrelse”, og i tillegg, berre i det billegaste materiale!

Skar gjennom

Borch ser ut til å ha vore oppglødd for saka og ivrig etter å koma i gang. Bilethoggaren vart aktivt med i arbeidet. Så fylgde fleire år med stadige forsøk på å finna ei akseptabel løysing på kva materiale minnesmerket skulle lagast av; Ravelin-marmor frå Carrara, bronse a la lensgreve Blücher-Altona i Altona, sink, granitt, - utan å lukkast. Men så, i 1864, det fyrste store jubileumsåret for Grunnlova, skar komiteen gjennom. No måtte rette tida vera inne for å få inn dei nødvendige midlane, no når heile landet festa og feira for 1814 og Grunnlova og Eidsvoll. Komiteen sende tinging til Borch. Dei ville ha ei 10 fots (1 fot = 31,6 cm) statue i bronse på ein like høg granittfot. 

Dramatisk for kunstnaren

Borch tok fatt med ein gong, på eit arbeid som skulle syna seg alt anna enn liketil. Det fyrste problemet var at det ikkje fanst modelleringsrom i hovudstaden for ei så høg statue, og at alle slike rom i København var opptekne. Borch fann fort ei løysing. Han utvida vedskjulet sitt! Eit aber med dette var at han utsette seg for eit alvorleg tidspress. Han måtte ha leir-modellen ferdig før vinteren og frosten sette inn. Her var altså ikkje ein dag å missa. Utviding av vedskjul og oppsetjing av jernstillas vart ordna i mars, og den fyrste leira tok til å ta form.

Frosten skapte likevel vanskar, men ikkje om hausten som han hadde frykta, snarare før han visste ordet av det. Jorda var nemleg ikkje telefri då han starta arbeidet i det ombygde vedskjulet sitt, og no kom våren. Ein dag fann han figuren sin ståande på skeive, nett som det skjedde med tårnet i Pisa då grunnen svikta på den eine sida. No var gode råd dyre, og takka vera kløkt og innsikt, fekk han leirstøtta i loddrett stilling att.

Etter dette stod han på for fullt kvar einaste dag, heile sommaren, frå 4-5 om morgonen til 9-10 om kvelden, om vi skal tru Norsk Folkeblad. Han var ferdig med modellen i slutten av september og sette så i gong med å laga gipsform til støypeprosessen. Gips-elementa var ferdige i november, og det stod berre att å setja dei saman, det eine oppå det andre, til heil figur.

Ein dag skjedde eit uhell som kunne vorte katastrofalt dersom det hadde hendt tre-fire sekund før. Stroppa i festekroken på talja rauk, men til all lukke ikkje medan eit gipslyft på nærare 240 kg hang i lause lufta. Hadde det skjedd, ville gipsen vorte knust ”i tusinde Klumper paa Gulvet”, - men langt meir alvorleg, - det kunne ha falle ”udover Billedhuggeren selv, som stod lige under (…), og (…) viselig endt hans Arbeijde for alle Tider.”

Våren 1865 vart gipsformene frakta til København og støypinga ordna hjå ”hr. Holm”. Og tre år seinare var det avduking og folkefest i Bergen.

Avduking 17. mai 1868

16. mai 1868 skreiv Norsk Folkeblad om nær føreståande avduking og om ”Statuens historie”. Stykket opnar i sterke Bergen-patriotiske ord og vendingar: 

”… i dag er Bergens 17de Majfest udmærket framfor nogen foregaaende; thi i dag rejses paa Bergens Torv en kolossal Statue av Stiftamtmand Christie - Bergens representant og Forsamlingens president på Eidsvold 1814. Landets Uafhengighed har aldrig bevæget nogen norsk By saa stærkt som Bergen. Ej heller er det mer end venteligt, at i Bergen reises den første Statue i Norge; thi til Norges Poesi og Kunst har Bergen omtrent bidraget mer alene end alt andet Land til sammen. Derfra udgik Holberg, Maleren Dahl, Digteren Welhaven og Ole Bull; der reistes det første norske Theater, derfra er saagodtsom alle Landets Skuespillere og flere af dets Malere og Musikere.”

Kulturminnevernar

I ettertid har 1814-mannen og stortingspresidenten Christie stilt museumsmannen og kulturminnevernaren i skuggen. Christie grunnla Bergens Museum (1825) og styrde det sjølv så lenge han levde. Han samla sjølv kulturhistorisk tilfang og fekk andre til å hjelpa seg, ikkje minst biskop Neumann, - alle slags arkeologiske saker, brev frå mellomalderen, gammal husbunad o.a. Særleg la han stort arbeid på å samla norske bygdemålsord så som gåter og ordtak og elles alle slag folkeminne. Boka Norsk Dialect-Lexicon vart ugjeven ved Gustav Indrebø i 1937.

Minnestein på grava

Etter eige ynskje vart Christie gravlagd på St. Jacobs kirkegård. På grava hans vart det reist ein minnestein i slipt syenitt. Steinen er 3,8 meter høg og 62 cm x 17 cm ved rota. Tre sider har runeforma innskrifter, på den fjerde står:

Stiftamtmand
WILHELM FRIMANN KOREN
CHRISTIE
født i Kristiansund
den 7de December 1778
død i Bergen
den 10de October 1849

Gravsteinen står på eit familiegravfelt saman med åtte andre gravminne. Feltet er markert med ei heilt låg steinsetjing 8 meter x 6. Det kan sjå ut som gravfeltet opphavleg har hatt ei form for innhegning.
 

kjelder:

Norsk Folkeblad. 1868.
Lindstøl, Tallak (utg.): Stortinget og statsraadet 1814-1914. Kristiania 1914.
Norsk Biografisk leksikon. 

Stryn kommune. Møtebok for formannskapet 1844 - 1877.
Luster kommune. Jostedal kommune. Møtebok for formannskapet 1837-1875.
  Askvoll kommune, Møtebok for formannskapet 1837-1869