Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. mai 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Eivindvik prestegjeld



1814 har vorte kalla mirakelåret i norsk historie - ikkje utan grunn. Kielfreden i januar, grunnlovssigneringa på Eidsvoll i mai, sjølvstende og seinare krig og union med Sverige var berre noko av det dramatiske som skjedde dette merkelege året. I Eivindvik prestegjeld tok den kjende presten og folkeopplysingsmannen Nils Dahl del i både dei lokale og rikspolitiske hendingane i 1814.

<p>Gulen Kyrkje og prestegard i Eivindvik med kyrkjelyden og helgepynta folk p&aring; kaia. Nesten alle kom sj&oslash;vegen. Kyrkja vart bygd i 1863. Vegen langs stranda kom fyrst i 1923.</p>

Gulen Kyrkje og prestegard i Eivindvik med kyrkjelyden og helgepynta folk på kaia. Nesten alle kom sjøvegen. Kyrkja vart bygd i 1863. Vegen langs stranda kom fyrst i 1923.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ca 1890

Fotograf: Ukjend

Eivindvik prestegjeld 1814

Eivindvik prestegjeld var i 1814 delt i sokna Brekke og Eivindvik. I tillegg kom kapellsoknet Husøy. Det var eit stort prestegjeld, med eit uttal øyer og holmar. Frå kysten strekte det seg fem mil innover Sognefjorden. Det inkluderte mesteparten av det som i dag er kommunane Solund og Gulen. Nils Dahl, den kjende soknepresten som hadde kallet sitt i Eivindvik første halvdel av 1800-talet, skildra prestegjeldet slik:

"[…] dette Kald er blant de besværligste i Stiftet baade med Hensyn til Folketallets Størrelse, som ved 1845 Aars Udgang beløb sig til 4620 Individer, og med hensyn til Kirkereisernes Besværlighed, nemlig 3 søhaarde Mile til Brekke Annexkirke, og 2 ½ lignende til Husø Kapell yderst ude mod Havet[…]"

Prestegjeldet var stort og utfordrande for ein sokneprest, både med omsyn til innbyggjartal og geografi. I 1801 budde det 4200 menneske i Eivindvik, men prestegjeldet det året inkluderte òg Lavik, som vart skilt ut frå Eivindvik i 1809. I fylgje folketeljinga 1801 var "bonde" den dominerande yrkeskategorien. Men fisket må ha vore kraftig undervurdert. Særleg ute ved kysten var havet svært viktig, både som inntektskjelde og matfat.

Eivindvik Kyrkje

Kyrkja i Eivindvik, som fungerte som vallokale i 1814, vart riven i 1864. Ho stod på det som vert rekna for ein eldgamal kyrkjestad. Den første kyrkja i Eivindvik var ei stavkyrkje frå mellomalderen med uvisst byggjeår. Ho vart erstatta av ei lafta tømmerkyrkje mot slutten 1500-talet. Det var dette gudshuset som skulle bli vallokale i 1814.

Kyrkja i Eivindvik var relativt romsleg, med plass til om lag 350 menneske. Men folkevoksteren i prestegjeldet gjorde at ho med tida vart for lita. I tillegg vart det med åra opparbeidd eit stort etterslep på vedlikehaldssida. Kommunestyret vedtok difor å reise ei ny kyrkje, med plass til 700 menneske. Ho vart vigsla i desember 1863.

Sokneprest Dahl

Nils Griis Alstrup Dahl (1778-1852) vaks opp i Uskedalen i Kvinnherad. Han kom frå ein velståande familie. Utdanningsvegen førte han fyrst til Bergen Katedralskule. I 1800 vart han cand. theol. etter fullført teologiutdanning ved Universitetet i København.

Etter nokre år som medhjelpar hjå presten i Kvinnherad, vart han i 1804 tilsett som kapellan i Eivindvik prestegjeld. Frå 1807 fungerte han som sokneprest. I åra 1823-1847 var han prost i Ytre Sogn prosti.

ahl gjorde ein svær innsats på ei rekkje samfunnsområde i Eivindvik, og har i ettertid blitt ståande som ein av våre store folkeopplysingsmenn. Attåt prestegjerninga la han ned eit stort arbeid for fattig, skule- og helsestell. I tillegg brann han for jordbrukssaka. Dahl sytte for at prestegarden i Eivindvik vart eit mønsterbruk, men viktigare var innsatsen han la ned i jordskiftearbeidet. I 1840 var utskiftinga fullført for over 200 gardsbruk i prestegjeldet.

Engasjementet åt Dahl femnde òg om politikk. Hausten 1814 kom han inn på Stortinget som representant frå Nordre Bergenhus amt. Då formannskapslovene kom i 1837, vart han den fyrste ordføraren i Eivindvik.

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Eivindvik brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja.

I kyrkjeboka den 11. mars noterte soknepresten fylgjande: «Blev i følge Hans Høyhed Regenten Prints Christian Frederics Befaling holdet Bededag i Evindvigs Hovedkirke.»

Eivindvik var det einaste prestegjeldet i Nordre Bergenhus amt der bededagen vart halden 11. mars. Dei andre haldt bededagen ei veke seinare, den 18. mars.

Fullmakt

Adresse
Til Hans Kongelige Høyhed Prinds Christian Frederik, Norges Regent,
fra Evindvigs Præstegields Menigheder i Nordre Bergenhuus Amt,
samt Fuldmagt for tvende, af Menighederne udvalgte Mænd til at
nedlægge samme i Hans Kongelige Høyheds egen Haand og møde
og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens udvalgte
Mænd paa Ejdsvold i Agershuus Amt den 10de April 1814.

Prinds! Norges Odelsbaarne rette og eeneste Arving og Regent!
Ulægeligt ville Saaret være Tvillingrigets voldsomme Sønderrivelse
efter næsten halvfemte Aarhundreders lykkelige og uadskillelige Foreening nødvendig maae volde hver tænksom Borger — Intet kunne lindre Smerten hver Norges ægte Søn føler ved at rives ud af den meest elskede Landsfader Frederik den Eyegodes Favn, om Forsynet ikke havde levnet Norge i dets Skiød vor uforglemmelige og eevig elskede Kong Frederiks næste Frænde og eeneste til Norges Krone odelsbaarne Arving — En lige ægte som værdig Spire af den Oldenborgske Kongestamme hvis mere end Tre Hundrede Aars retfærdige milde og fredelskende Regierings Minde eevig velsignes og aldrig for glemmes ak sande Nordmænd — Tillad derfor Dyrebare Prinds at vi underskrevne Evindvigs Almuesmænd paa samtlige disse Menigheders Vegne og ak dem dertil idag eenstemmig valgte iile med at tolke Dem disse vore glade og reene Taknemmeligheds Følelser ved at Kaste os i Deres Kongelige Høyheds Norges Skytsengels Arme — Modtag os —Modtage vor Tak! — Modtage vore Velsignelser!!! Thi bemyndige vi herved disse Menigheders ligeledes idag eenstemmig dertil udvalgte tvende Mænd: Mons Andersen Losne eller Nætteland og Lasse Hermundsen Brekke, til paa vore og samtlige Meenigheders Vegne at nedlægge disse vore Følelser, Ønsker, og faste Beslutninger, i Deres Kongelige Høyheds egen Haand, at tillige underrette om at Menighedernes samtlige Medlemmer uden Undtagelse med Fædrenelandsk Sind i Evindvigs Hovedkirke idag den 11te Marti 1814, høytidelig for den alvidende Guds Aasyn have svoret Norges Riges Selvstændighed og Forsvar med Liv og Blod, eevig og übrødelig Troe-skab. — Vi bemyndige ogsaa herved ovennævnte af Menighederne eenstemmig udvalgte tvende Mænd til Paa vore og samtlige Evindvigs Menigheders Vegne at møde og stemme ved den af Deres Kongelige Høyhed under Dato 19de Februarii d: A: berammede Forsamling av Nationens udvalgte Mænd paa Eydsvold i Agershuus Amt den 10de April næstkommende, samt denne vor allerunderdanigste Adresse og Fuldmagt med egne Hænders Underskrivt og med hostrykte brugelige Signeter stadfæste.

Eivindvigs Præstegaard den ll te Martii Aar 1814.

Niels Dahl
C. Hesselberg
B. Parelius
Mons Andersen Losne
Lasse Hermundsen Brekke
Lars Knudsen Assem
Claus Monsen Østgulen
Østen Ellingsen Nordahl
Ole Christophersen Fløypolen
Michael Jacobsen Steensund
Ole Rasmussen Ejde
Peder Jacobsen Rørdah
Bruse Johnsen Indrevæhr
Endre Larsen Lillevazøen
Niels Rognaldsen Brandanger

Fråsegna utmerkar seg både ved si lengde og med ein patos som ikkje legg igjen mykje tvil om at Christian Fredrik fekk tillit frå Eivindvik. Fullmakta er dessutan svært vakkert utforma.

Dei som skreiv under

Ingen av dei underskrivne signerte med yrke eller tittel. To av dei må ha vore embetsmenn. Resten var truleg bønder, eller dei driv med kombinasjon av gardsbruk og fiske. Med det var det ein bonde/fiskar del på 86%, noko som var over snittet elles i amtet (75 %). Det ser ut til å ha vore deltaking frå heile prestegjeldet.

Valmennene

Mons Anderssen Netteland
Mons vart fødd i 1785, og kom frå Ringereide i Lavik. Han flytte til Netteland i 1804, då han gifte seg med enkja Kristense Hansdotter. Mons kom bort på sjøen i 1836.

Lasse Hermundsen Breche
Lasse vart fødd i 1865, og døydde i 1849. Han gifta seg i 1795 med Aagot Ivarsdotter Engesæter. I bygdeboka står det fylgjande om han: «Lasse Hermundson Brekke var en klok og ansett mann. Men folk var dog redd hans bitende spott.»

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

mtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

• Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
• Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
• Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

I tillegg valde Bergenhusiske infanteriregiment to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

Val til omframt Storting

Ved val til omframt Storting i september 1814 kom sokneprest Dahl inn som representant frå Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane). Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde opphavleg vedteke at det fyrste «ordentlige Storting» skulle haldast i februar 1815. Men etter det militære nederlaget mot Sverige vart det underteikna ein fredsavtale, Mossekonvensjonen, som sa at eit storting skulle haldast i september eller oktober for å tilpasse grunnlova til ein union med Sverige.

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Forutan Dahl kom desse representantane inn frå Sogn og Fjordane:

• Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
• Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
• Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Dahl kom til å bli ein av dei mest antisvenske representantane ved det overordentlige Stortinget i 1814. Han heldt flammande innlegg om patriotisme, og ville ikkje ha anna enn eit militært samarbeid med naboen i aust. Dahl var villig til «at ofre Liv og Blod for Norges Sag». Som ein av fem stortingsmenn røysta han mot unionen med Sverige.

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
Gjerde, Anders: "Kommunane i Sogn og Fjordane – grenseendringar gjennom tidene." I: Kjelda nr. 3 2002, s. 26-46
Midtun, Magnor: Eivindvik : før og no. 1995
SNL: Nils Dahl
Kleiva, Ivar: "Niel Griis Alstrup Dahl". I: Tidsskrift utgjeve av historielaget for Sogn, nr. 17 1955, s. 10-28
Kleiva, Ivar: "Niel Griis Alstrup Dahl". I: Tidsskrift utgjeve av historielaget for Sogn, nr. 18 1956, s. 76-90
Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid. Band 1. 1996
Engesæter, Ludvig: Brekke herred. 3. bind. 1946

Statsarkivet i Bergen: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 17 (1809-1825), Dagregister 1814, side 70

PERMANENT IDENTIFIKATOR