Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Den Trondhjemske Postvei - frå Leirvik til Langeland



Postvegen gjennom Hyllestad og Fjaler til Langeland var ein del av Den Trondhjemske postvei frå 1785 fram til 1868. Han var særs viktig for sambandet mellom dei ytre stroka av Sogn og Sunnfjord. Riksveg 57 følgjer stort sett same traséen i dag. Store delar postvegen er i dag restaurert.

Leirvik i 1896 og postvegen som gjekk forbi Døscherhagen. Holckfamilien nytta husa først, før ein bergensk forretningsmann, Døscher, tok over.

Leirvik i 1896 og postvegen som gjekk forbi Døscherhagen. Holckfamilien nytta husa først, før ein bergensk forretningsmann, Døscher, tok over.

Eigar: Lillian Haukås.

Datering: 1896

Fotograf: Ukjend

Leirvik - eit sentralt knutepunkt

Leirvik var eit knutepunkt med postmottak også før vedtaket i 1787 om faste postleveringar. Postmannen tok seg då fram til fots eller på hesteryggen i stort sett same traséen som den seinare postvegen. Det var strid om kvar ruta skulle gå. Den opphavlege planen var at Sognefjorden skulle kryssast med robåt frå Rutledal til Nesje, deretter til Leirvik og opp Lavikdalen, vidare til Torvund ved Sognefjorden, deretter til Vadheim, Sande, Langeland og Førde.

Hans Henrick Hornemann Holck

Holck-familien i Leirvik, som eigde "Leervigen Gaard" (garden Leirvik), var aktive i utbyggjing av post - og skyssvesenet. Hans Henrick Hornemann Holck, sjef for "Vestre yttre Sognske Compagnie" i Leirvik, var usamd i linevalet for den nye postruta. Som kompanisjef hadde han uttalerett i saka, og greidde å overtyda vegstyresmaktene om å leggja vegen via Leirvik til skysstasjonen og gjestgivarstaden Tross i Dale og derifrå til Bygstad og Langeland. Det budde mange militære i Dale og Leirvik - og gode kommunikasjonar var viktige dei i mellom. Dessutan var det mange andre kondisjonerte i Dale-området. Militæret var sterkt engasjert i byggjinga av postvegen saman med pliktarbeidande bønder og husmenn. Den ca 4,5 mil lange strekninga vart bygd med handemakt. Arbeidet byrja i 1802.

Skysstasjonar for reisande

Det var skysstasjonar i Leirvik, Systad, Skor, Flekke, Dale, Sveen i Bygstad og på Langeland. Engelskmannen John Barrow, som reiste med hest og karjol sommaren 1833, hadde mange lovord om naturen nord for Sognefjorden. I "Leervig" fann han det mest komfortable posthus på denne kanten av landet. Det var kvitmåla og velutstyrt med fint, gamalt innbu som i eit herskapshus. Det er nok Holckfamilien sitt gjestehus han skildrar. Franskmannen Jacques-Louis de Bourgrenet de la Tocnaye reiste her i november 1799. Han rosa folket og hevda at gjestgjevaren i Bygstad (Sveen) var særs intelligent, open og pratsam. Inne hadde dei puter i stolane og kvite musselingardiner. Desse stadene stod i sterk kontrast til mange av dei andre overnattingsstadene.

Rapport frå utanlandske turistar

John Barrow karakteriserte vegen mellom Leirvik og Dale i Sunnfjord som svært god, men det var sommars tid. Om vinteren kunne vegen vera vanskeleg framkomeleg. Alefjellet mellom Øverås og Skor var særleg problemfylt. Vegane var ikkje drenerte, så issvullar gjorde det vanskeleg å ferdast. Postverket klaga over framkomsten, og ofte kunne posten bli seinka.

Franskmannen de la Tocnaye var derimot imponert over den 16 km lange sjøruta langs Dalsfjorden. Han fortel at dei få menneska som budde der måtte nytta stigar for å komma til og frå husa, så bratt var det ned til sjøen. John Barrow tykte Dalsfjorden, som det tok eit par timar å ro med ein seksæring, var ein av dei vakraste fjordane han hadde opplevd. I 1834 fekk Sveen besøk av endå ein engelskmann, William Henry Breton, som reiste nordover. Også han rosa Dalsfjorden, som han fann vakker og romantisk.

Vanskeleg vintervedlikehald

Turen opp til Langeland, ca 13 km, kunne vera hard vinters tid med mykje snø, sjølv om vegen ikkje låg høgare enn 330 moh. Snøforholda kunne gjera turen svært strabasiøs. Mellom Sveen og Langeland var det i 1827 ti rodar der 140 menn hadde vedlikehaldsplikt. Plikta galdt og å halda vegen framkomeleg om vinteren, noko som var mest umogeleg med det enkle utstyret dei då hadde.

Postruta nedlagt

Då Fylkesbaatane kom i gang frå 1858, fekk postvegen mindre å seia, og det vart færre reisande. I 1868 vart vegruta mellom Postvågen (Gulen) og Langeland nedlagt ved kongeleg resolusjon av 21. mars, til fordel for strekninga Vadheim-Langeland. Posten vart no frakta med dampbåt til Vadheim. Også fleire reisande tok båten. Fylkesformannskapet gjorde i 1864 vedtak om at dei ikkje ville løyva pengar til Sveen-Langeland, sidan post og reising tok andre vegar. Sjølv om ruta ikkje lenger var hovudveg, tok fylket i ein del år på seg vintervedlikehaldet. Det vitnar om at vegen likevel var viktig for samferdsla. Skysstasjonane på ruta vart haldne oppe til 1876.

Ny køyrevegar

Etter kvart vart den gamle postvegen mindre og mindre eigna som køyreveg. I 1882-85 vart det bygd ny vegtrasé mellom Skor og Rennestraum, og traséen om Espedal vart omklassifisert til rideveg. Vegpartiet mellom Leirvik og Skor var så bakkete at ein hest knapt kunne køyra med større last enn 100 kg. I 1918 byrja dei med ein ny vegtrasé, og i 1938 kunne dei køyra bil mellom Leirvik og Skor heile året, sjølv om traséen ikkje vart heilt ferdig før under krigen. Også vegen mellom Rennestraum og Dale var svært bakkete. Vegarbeidet vart påbyrja i 1923, men stod ikkje ferdig før midt på 1930-talet, og gamlevegen vart omklassifisert til rideveg. Først i 1958 kom det veg langs Dalsfjorden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune. 1958.
Nordstrand, Ingemar: Omkring Den trondhjemske postvei. Sogeskrift frå Hyllestad. hefte 3, 1978.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen - Trondheim. Det Norske Samlaget 1997.
Nordstrand, Ingemar: Foss bru - ei kulturhistorisk perle. I Sogeskrift frå Hyllestad, s. 83-86, 2002.
Nordstrand, Ingemar: Hans H. Holck - kaptein og lokalpatriot. I Sogeskrift for Hyllestad. 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR